Ekte vitskap er FIENDEN til det vaksine-industrielle komplekset og Akilleshælen til klimabløffen

S.D. Wells på NewsTarget, systersida til Natural News, skriv:

Vitskapen er fastsett. Ingen får lov til å snakke om «vitskapen» bak vaksinar, eller diskutere vitskapen bak «global oppvarming», og aldri gjere den brøleren å lite på vitskap når ein snakkar om biologisk kjønn. Skulle nokon nokosinne avsløre den vitskapen, i all si evidensbaserte forsking, bevise at mRNA-sprøyter er farlege, at global oppvarming er ein farse, og at menn som går med parykk og høge hælar ikkje kan føde barn – vel, då er den personen ein hyklerisk, høgreekstrem, rasistisk innanlandsterrorist og ein forkjempar for kvitt overherredømme.

«Sosialismen» er fastsett, og det har ingenting å gjere med vitskap – elles ville alle konspirasjonsteoriane falle saman på flekken. Vitskapen viser at vaksinar er farlege, og at risikoane langt overgår fordelane – om nokon fordelar finst i det heile. Vitskapen viser at jorda faktisk er i ein langsam avkjølingsperiode som varer i fleire tusen år. Vitskapen viser at kosmetiske operasjonar, hormonpiller og lemlesting av bryst og kjønnsorgan ikkje gjer ein gut om til ei jente, eller ei jente om til ein gut, eller ein mann om til ei dame, eller ei dame om til ein mann. Når det gjeld dei aspekta er vitskapen fastsett, men kom ikkje her og argumenter eller debatter «vitskapen» igjen, elles vil prisen du må betale bli sensur og sosial utstøyting.

«Vitskapen er fastsett» tydar: ikkje snakk om vitskap når det gjeld vaksinar, klimaendringsbløff eller kjønnsflytande rollespel (skodespel)

Vitskapen blir aldri fastsett, for då er det ikkje vitskap i det heile. Ingen kan seie at covid-«vaksinane» er trygge og effektive, fordi dei ikkje kan bevise det vitskapleg, og der finst ingen langtidsstudiar tilgjengelege fordi dei [vaksinane] berre er tre år gamle. Derimot skjer korttidskonsekvensane overalt rundt oss, kvar bidige dag, når millionar av menneske som fekk dei biologiske masse-immunforsvarsøydeleggjande våpena (mRNA-sprøyter) lid av blodproppar, myokarditt, perikarditt, spontanabort, angst og depresjon – og den vitskapen er no «in».

Vitskapen blir berre «fastsett» når den vitskapen er ei løgn og del av ein eugenikk-agenda, som tilfellet er med dei dødelege mRNA-vaksinane, og det bankerott middelklasse-klimaendrings-pyramidespelet. Ingen venstreorientert kan ha ein sunn debatt eller danna diskusjon om sine «plattformer» og forteljingar fordi alt fell saman so fort nokon tilfører ekte vitskap. Dei kan ikkje bevise at verda blir varmare, eller at der er meir orkanar eller jordskjelv enn nokon gong før. Havnivået stig ikkje, og ingen strender forsvinn. Menn kan framleis ikkje få mensen eller føde barn. Kvinner kan framleis ikkje spele på høgt nivå i NFL, eller konkurrere med menn i kampsport på internasjonalt nivå – det fungerer rett og slett ikkje biologisk.

Vitskapskrigane er undervegs, men berre éi side får nyheiter publisert i hovudstraumsmedia, og det er der all feilinformasjonen og desinformasjonen slår rot og forpestar, døgeret rundt, året rundt. Vitskapskrigane av 2024 har aldri vore farlegare for befolkninga, som går rundt vranglærde og hjernevaska, som sauer som bur på slagmarka utan skjold. Dei snublar inn i helsekatastrofar dagleg, medan dei stoler på desinformasjon frå sine legar, sjukepleiarar, helsestyresmaktene og Helsedirektoratet. Dei taper kvart einaste slag i Vitskapskrigane, og dei kan rett og slett ikkje finne ut kvifor.

Dei som går på reseptbelagde legemiddel er dei sjukaste i verda, og dei trur på dei falske nyheitene som farmasi-kartellet publiserer for at dei skal sluke det rått. Berre høyr på biverknadene som blir lista opp på TV for kvart eit legemiddel. Du må vere hjernevaska for å godta dette som «vitskap». […] Velkomen til Tredje verdskrig, og denne gongen handlar det ikkje om skytevåpen, bomber og missil – det handlar om dårleg vitskap, eugenikk og avfolking. Vakn opp.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget