Greg Reese skriv på sin Substack:
USA si sørlege grense står på vidt gap, og den føderale regjeringa har utført ein storskala, kriminell operasjon med utlendingar som dei ikkje tek bakgrunnssjekk av, og distribuerer dei rundt om i USA, der dei utstyrer dei med bustader og økonomisk støtte. Republikanarane sitt snakkepunkt har vore at dette handlar om valfusk, men dette har skjedd over heile den vestlege verda i over eit tiår. Dette er noko langt meir dystert enn valfusk.
Befolkningsdivisjonen [The Population Division] underlagt FN har å gjere med internasjonal migrasjon. I år 2000 publiserte dei Replacement Migration, ei løysing lagt fram for å handtere ei minkande og aldrande befolkning. I årevis har vi blitt fortalt at dette er ein konspirasjonsteori, men no når vi ser fleire titals millionar myrda av dei eksperimentelle sprøytene, blir det meir og meir tydeleg kva målet eigentleg er.
Vi blir fortalt at dette er fattige familiar som flyktar frå tyranni, men der er massive mengder friske, unge menn utan familie. Og igjen og igjen har vi sett dei bruke vald mot den innfødde befolkninga, med særs få strafferettslege konsekvensar. Når vi no ventar på at Sjukdom X skal bli erklært, og nok ei nedstenging, kjem ein nyleg reportasje frå britiske Jim Ferguson med ei plausibel forklaring på kva vi er vitne til.
Jim Ferguson: «Dette er ikkje normalt. Noko stemmer ikkje. Dette er ikkje berre flyktningar, dette er ikkje folk som flyktar frå ei slags krigssone. Dette er hovudsakleg menn mellom 25 og 35, unge menn i kampdyktig alder, som min gamle sjef Nigel Farrage ein gong refererte til dei som. Og eg meiner han har rett. John, kva trur du skjer her, kompis?»
John O’Looney: «Vel, eg kan fortelje deg at dette er FN-soldatar, og WHO kjem til å sende dei ut når dei erklærer den neste pandemi-nedstenginga. Det er det som kjem til å skje. Dei har blitt trena opp av britiske soldatar. Av Black Watch-regimentet. Dei vart trena opp i Antalya, i Turkia, og i den austlege delen av Ukraina. Dei er hovudsakleg ned til sersjantgrad. Dei blir deretter sendt til Frankrike. Dei har alle skrive under på Official Secrets Act [lovverk som regulerer statshemmelegheiter; oms.an.], for so å bli sendt over sjøen. Dersom du flykta frå krig og tyranni – eg veit ikkje med deg, men eg ville iallfall ha teke med meg kone og barn. Det kjæraste eg har, dei tydar alt for meg, veit du. Dersom du går i krig, går du til krig med karar. Dei kjem til å bli sendt ut.»
Jim Ferguson: «John, eg meiner du sa at du snakka med folk i Black Watch. Eg meiner Black Watch, eit svært berømt gult regiment. Er dei verkeleg med på dette?»
John O’Looney: «Dei har ikkje noko val. Eg spurde dei vel, veit du, kvifor gjer de dette? Og han sa at soldatar følgjer ordre. Det du kjem til å sjå er følgjande: vi vil få ein minister i eit eller anna kabinett som plutseleg kjem på ein briljant idé om korleis vi kan få desse karane til å bidra til å hjelpe oss. Og dei kjem til å kle dei i uniform. Eit par menneske har fortalt meg at desse uniformene blir burgunderraude. Andre har fortalt meg at dei skal vere FN-blå. Eg veit verkeleg ikkje. Eg reknar med at vi vil finne det ut når dei blir sendte ut. For dei kjem til å bli sendte ut. Fordi viss ikkje, dersom dei erklærer endå ei nedstenging, kva vil alle seie? Dei vil seie at heile greia er tull. Og dei vil gå vidare med livet sitt som vanleg. Dei kjem til å trenge unge, væpna menn i uniformer for å prøve å handheve den [nedstenginga]. Kvifor importerte dei unge menn frå Austen? Fordi, tradisjonelt, dersom du ønskjer å drepe og tyrannisere kvite folk, set du inn svarte soldatar. Fordi der blir ein kulturell disassosiasjon. Og det er metoden deira. Det er måten globalistane kjem til å gjere det på.»
Jim Ferguson: «Veit du, I USA, då det var ein koloni under Kongeriket Storbritannia, var der ein revolusjon mot det britiske kolonistyret. […] Og du veit, mange veit ikkje det, men det var berre 3% av desse folka i USA som styrta dei britiske styrkane og essensielt kvitta seg med dei. 3% av befolkninga, John.»
«Eg ser fram til det. Eg er klar, eg er klar. Eg kan ikkje vente fordi eg veit at det kjem til å bli byrjinga på slutten for dei. Eg spår sanneleg siger. Eg ser at prisen for den vil bli høg. Men vi vil sjå den. Og eg trur at verda vil bli nærare enn nokosinne når vi opplever siger. Det kjem til å kome etter litt av eit blodbad. Og uheldigvis må det det. So fort menneske i alle fargar slår seg saman og gjenkjenner sin felles fiende, kjem vi til å valse over denne gjengen på ti minutt.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
