Steve Watson på Modernity.news rapporterer:
Ein kongolesisk mann som tidlegare vart trekt fram som eit døme på vellykka innvandrar-integrering, har fått berre ni års fengsel i Tyskland for å ha valdteke si eiga mor og nesten slege ho i hel.
Den tyske nyheitsformidlaren Nius rapporterer at 30 år gamle Moise Lohombo vart dømt av Wiesbaden distriktsdomstol, der dommaren knapt nok trudde det han las i saksdokumenta.
I reportasjen står det at Lohombo, som hadde sleppt ut av fengsel for narkotikabrotsverk so nyleg som august i fjor, vendte tilbake til ei leilegheit han deler med mora si, som berre er 12 år eldre enn han, og truga ho deretter med kniv til å ha sex med han.
Desperat prøvde mora å gje han pengar å bruke på ein prostituert, står det vidare å lese i rapporten.
Lohombo gjekk so hen og valdtok si eiga mor medan han slo ho gjentekne gonger i ansiktet. So ringde han ein ambulanse og flykta.
Etterforskarar sa at dei oppdaga at veggane i leilegheita var dekte av blodsprut, som Lohombo hadde prøvd å vaske vekk.
I reportasjen står det vidare at mora overlevde på mirakuløst vis etter å ha blitt behandla for alvorleg hjernebløding. Ho leid òg av psykologiske traume og uttrykte angst over at sonen hennar kan ha gjort ho gravid.
Retten fann innvandraren skuldig og avviste ei anmodning om å få han innlagt på psykiatrisk institusjon.
Det einaste Lohombo sa under rettssaka var «eg veit ikkje korleis dette skjedde», ifølgje reportasjen.
Den legg òg ut i detalj om korleis Lohombo var med i ein artikkel i 2017 i avisa Deutsche Handwerkszeitung som ein innvandrar som hadde fått livet på rett kjøl i Tyskland etter å ha kome frå Kongo i ein alder av åtte, vendt ryggen til ei valdeleg fortid og brotsverk, og teke fagbrev som bakar, for deretter å trene til å bli profesjonell boksar.
Nemnde artikkel skildrar Lohombo som «ein sjarmerande, vennleg, ung mann som entusiastisk viser bilete av bullterrier-hunden sin Betty på mobiltelefon sin».
Den skildrar vidare livet til Lohombo som eit liv med «oppturar og nedturar», og hevda at han «bokstavleg tala hadde kjempa seg gjennom det» og etterlate «sine ungdommelege synder» i fortida.
Artikkelen har jammen ikkje tolt tidas tann.
Som vi [Modernity.news] har skrive, viser tysk statleg statistikk at 41% av alle mistenkte i straffesaker er utlendingar, trass at dei utgjer ein mykje mindre del av befolkninga.
Valdsbrotsverk, spesielt knivåtak og valdtekter, har auka eksponentielt.
Som vi òg sette søkjelys på førre veke, vart ein tysk politikar funnen skuldig i «oppvigleri» av ein distriktsdomstol og bøtelagt 6000 euro etter at ho la ut ein link til den same statlege statistikken om brotsverk utført av innvandrarar, spesifikt valdtekt, og spurde kvifor dei er so uproporsjonelt høge.
Ei nyleg undersøking avdekte at sju av ti borgarar i europeiske land trur der er for mykje ukontrollert innvandring. Blant tyskarar var talet 77%.
Dette kjem òg i kjølvatnet av ei anna forbausande spørjeundersøking frå Tyskland, der ein finn utbreidd motstand mot masseinnvandring over heile linja.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
