Ben Kew i nettavisa The Gateway Pundit rapporterer:
Washington Post-journalist og notorisk narsissist Taylor Lorenz har skulda X-eigar Elon Musk for å bevisst prøve å forstyrre livet hennar.
Der er berre eitt problem: Elon Musk har aldri høyrt gjete ho.
I ein TikTok-video publisert no i helga diskuterte Lorenz korleis eit namnlaust individ hevda at ho hadde ein affære med Musk, og at ho for tida har eit forhold med han.
«Eg har då faen meg aldri møtt Elon Musk!!» kommenterte ho. «Eg har skrive reportasjar om denne mannen i årevis, og særs kritiske òg!! Han hatar meg, for hælvete!! Han går ut av sitt gode skinn for å kødde med meg og forstyrre livet mitt!! So nei, eg definitivt verken er, eller har nokosinne hatt ein affære med Elon Musk!!»
Musk la merke til innlegget, og innrømte at han aldri hadde høyrt om dama. Videoen vart opphavleg lagt ut av Libs of TikTok-kontoen, som Lorenz tidlegare trakasserte, forfølgde og til slutt doxxa [la ut personlege opplysningar om eigarane av kontoen; oms.an.].
Det må jaggu ha vore audmjukande.
Medan dei fleste venstreorienterte journalistar ikkje er kjende i dei fleste heimar, har Lorenz skapt seg eit namn ved å lansere eit korstog mot konservative og plattformer som ho meiner skader hennar venstreekstreme ideologi.
So vel som å doxxe Chaya Raichik (dama bak Libs of TikTok), har Lorenz jobba med venstreekstreme grupper slik som Center for Countering Digital Hate, som har som mål å trakassere selskap slik ar dei trekkjer annonsering frå nettsider slik som The Gateway Pundit i eit forsøk på å stengje dei ned.
[Døme på Libs of TikTok-video som Lorenz sannsynlegvis ikkje ønskjer skal kome ut, kan sjåast her. I videoen dansar ho under eit Pornhub-arrangement – med maske.]
Trass at ho framstiller seg sjølv som ein radikal, venstreorientert aktivist, forblir Lorenz ein betalt spalteskrivar i Washington Post, og dekkjer «teknologi- og nettkultur». Ho sit òg som styremedlem i Alliance for Technology, Learning and Society (ATLAS)-instituttet ved Universitetet i Colorado i Boulder.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
