Hannah Nightingale på nettstaden Human Events rapporterer:
Klaus Schwab, grunnleggjar og leiar av World Economic Forum, skal trekkje seg frå vervet sitt.
Schwab, som i 1971 grunnla den internasjonale organisasjonen som held årlege møte, annonserte sin intensjon om å trekkje seg i ein e-post sendt til personalgruppa. Ein person med band til organisasjonen delte e-posten med nettstaden Semafor.
Schwab sa at han kom til å trekkje seg som leiar og gå over til ei anna rolle. Han la til at endringa ventar på godkjenning frå den sveitsiske regjeringa, men burde vere gjennomført innan World Economic Forum sitt årlege møte i 2025.
Medan Schwab (86) ikkje har peikt ut etterfølgjaren sin, sa han at i året som har gått har styret i gruppa «under leiarskapen til president Børge Brende, teke fullt leiaransvar». Brende er ein tidlegare konservativ leiar.
Schwab og organisasjonen hans har møtt motbør for det årlege møtet der statlege figurar og føretaksleiarar møtest.
Blant dei som har kritisert gruppa er Elon Musk, som skreiv følgjande under 2023-møtet: «WEF blir i stadig større grad ei ikkje-valt verdsregjering som folket aldri bad om, og som dei ikkje vil ha.»
Donald Trump si potensielle tilbakevending til presidentembetet framkalla bekymringar hjå dei som var til stade på 2024-møtet i januar.
«De veit, vi har vore der før, vi overlevde det, so vi får sjå kva det tydar,» sa visestyreleiar i BlackRock, Philipp Hildebrand. «Visseleg, frå eit europeisk perspektiv, frå eit slags globalistisk, atlantisk perspektiv, er det naturlegvis ei kjelde til stor bekymring.»
Presidenten i Den europeiske sentralbanken, Christine Lagarde, meinte at det at Trump vender tilbake til Det kvite huset «openbert var ein trugsel» i eit intervju veka før elitemøtet som ho jamleg går på.
Schwab kommenterte tidlegare «det Kina har oppnådd», og føreslo at nasjonen burde bli ein «rollemodell» for andre rundt om in verda i eit intervju med kringkastaren CGTN, som er eigd av det kinesiske kommunistpartiet.
«Eg respekterer det Kina har oppnådd… dei siste førti åra,» sa Schwab, og la seinare til at «den kinesiske modellen visseleg er ein særs attraktiv modell for temmeleg mange land.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
