Vladimir Zelensky: Ingen mandat, ingen val. Kva no?

Dmitry Drize, politisk observatør ved Kommersant FM, skriv (her henta frå RT):

20.mai gjekk dei politiske fullmaktene til den ukrainske presidenten Vladimir Zelensky offisielt ut på dato. Han beheld derimot stillinga si fordi ingen val kan haldast i landet, visstnok på grunn av dei noverande krigslovene.

Som respons på eit spørsmål førre veke, var den russiske presidenten Vladimir Putin sin nylegaste kommentar om situasjonen at fredsavtalar berre kan signerast av legitime leiarar. Putin la til at det ukrainske rettssystemet burde trekkje dei naudsynlege konklusjonane.

For det fyrste, fordi ein står overfor freistinga til å, om ikkje avlyse val i Ukraina fullstendig, i det minste utsetje dei so lenge som mogleg. Naturlegvis, sjølv om fred blir oppnådd, vil Ukraina sin infrastruktur måtte byggjast opp på nytt for å utføre ei skikkeleg avstemming. Det politiske livet vil òg måtte startast på nytt, og alt dette tek tid.

Men hovudpoenget er at Zelensky godt kan tape valet. Han ser ikkje lenger ut som ein vinnar. I tillegg er det relevant å spørje om Ukraina i det heile teke vil overleve, ikkje berre som stat, men òg som eit slags demokrati. Det er òg usannsynleg at dei blir med i NATO i overskodeleg framtid.

Der er ei veksande kjensle av at Zelensky sine støttespelarar er leie av han. Ein ekte politikar må kunne delta i eit langt løp, som er grunnen til at den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken har hinta at det kan vere ønskjeleg å halde val.

So kva er det store biletet her? Ein fredskonferanse på høgt nivå om Ukraina skal etter planen haldast i midten av juni i Burgenstock, Sveits. Det er særs sannsynleg, for å seie det mildt, at vidt rapporterte forventingar om konferansen ikkje vil bli møtte, om konferansen blir noko av i det heile.

I det minste ser det ut til å vere usannsynleg at Det globale sør deltek. Og USA sin president Joe Biden har tydelegvis ikkje tenkt å kome heller. So kva er då poenget med alt dette? Vel, for Zelensky er det eit viktig initiativ – å få so mange påverknadskraftige statar på si side som mogleg. Men i staden fremjar Kina sin eigen fredsplan, støtta av Russland. Og Vesten gjer det subtilt klart at dei, i teorien, kan vere opne for diskusjonar.

Den kinesiske presidenten Xi Jinping sin nylege Europa-tur såg alt dette diskutert. Vi må òg erkjenne at det er særs vanskeleg for Zelensky å halde fram med å kjempe utan nok våpen, og utan klare garantiar for at forsyningar ikkje vil stoppe på eit visst punkt. Og no når mobiliseringa ikkje går so greitt, Russland avanserer, og Vesten byrjar å bli lei av han – dersom konferansen i Sveits òg blir mislykka, vil det vere eit stort skot for baugen for den ukrainske leiaren.

På den andre sida kan eit kompromiss bli endå verre. Her treng ein politisk erfaring – heller enn å kome med urimelege krav eller ytringar om å redde Vesten. Men vi kjem ikkje til å gje råd. Det er tydeleg at der ikkje finst nokon ideell veg ut for Moskva heller. Sjansane for fred er ørsmå, men i det minste eksisterer dei.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget