Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.
Etter å ha sona sin dom for villmannskøyring slepp Arve ut frå fengselet ein dritvarm dag i mai. Det har vore tretti harde dagar der han har regelrett blitt behandla som ein kriminell. Den bryske, ariske fengselsvakta bak han smeller igjen porten hardt og brutalt, like hardt og brutalt som han og kollegaene har brote menneskerettane mot den stakkars pensjonerte bussjåføren som køyrde litt for fort. Om det er slik sjølv «uskuldige» borgarar som han blir behandla, kan han berre vagt førestille seg kva dei gjer med verkelege kriminelle, slik som bankranarar, valdtektsmenn og mordarar.
Kledd i ei lyseblå Dressmann-skjorte og ei mørkeblå dongeribukse, tuslar Arve nedover vegen mot den tett trafikkerte E39. Han har med seg ein liten bag med kle. Han veit ikkje heilt kva dei driv med i vaskeriet i fengselet, men alle trusene hans har fått digre, gapande hol i skrevet. Både kuk og ballar smett seg ut so fort han spreier beina. Kanskje har dei gjort det med vilje, for det er jo eit fengsel. Det er (stort sett) ikkje Guds beste barn som hamnar bak murane.
Etter ein kort spasertur gjennom undergangen, står han på rett side av vegen. Snart kjem 300-bussen køyrande, og det er for Arve bitande ironisk sidan det var denne ruta han sjølv køyrde då han miste lappen i vinter. Det er derimot ein totalt ukjend mann som sit bak rattet på køyretøyet, svart som sot i ansiktet. Han nikkar til Arve med eit smil på sine breie, afrikanske lepper. Snart fer dei av garde.
Vel tjue minutt seinare (etter ein tur gjennom Fløyfjelltunnelen som ikkje enda i førarkortbeslag for bussjåføren!), hoppar Arve av på Busstasjonen og tuslar gjennom dei kokvarme gatene. Overalt spaserer det vakre ungjenter med lette, leikne steg, kledde i anten tynne sommarkjolar eller tynne tights – begge typar klesplagg viser deira anatomi til omverda, og gjer det særs tydeleg at det her er snakk om anatomisk korrekte kvinner. Arve kunne ikkje ha brydd seg mindre. Sex er det siste som står i hovudet på han – han har jo vore gift i over 30 år med Morfin-Mona. Berre tanken på ho naken får magen til å vrengje seg.
Klokka er tolv. Det er altfor tidleg å fare heim til «si kjære». I staden piler han med stadig raskare steg forbi kjøpesenteret Xhibition i retning Skostredet. Folk & Røvere openberrar seg som ein oase i storbyørkenen. Han tek den vesle gata i fire-fem steg og entrar det halvfulle lokalet. Bak disken står det ei vakker blondine med store, struttande puppar på utstilling, kledd i ein sjøgrøn sommarkjole med djup utringing. Tre vakre gullsmykke med ymse anheng glitrar mot den solbrune huda, og gulløyreringar dinglar ertent på kvar side av hovudet.
Arve tingar tre halvliterar og tre shotglas med Jägermeister. Han har sona si straff – og no skal det feirast!
Sidan det er kvelande varmt inne, set han seg ute ved vindauga, på den sokalla uteserveringa. Det er akkurat god nok klaring mellom vindauget og avsperringane til at han greier å smette seg bort til eit lite bord og ein benk. Han styrtar dei tre shotglasa i rask rekkjefølgje. Ølen flyt ned halsen på han. Han lener seg tilbake med eit tilfreds smil. Faen, kor godt det var å drikke no!
Etter ei stund i veksande eufori, tek han opp mobilen sin. Han ringjer ein viss advokatfullmektig, jamfør avtalen som vart gjort etter møtet i tingretten. Ei viss mordarfitte aner fred og ingen fare. Himmelen over han er skyfri – og det passar i grunnen bra, for dette åtaket kjem til å kome som lyn frå klar himmel.
«Vi set i gang,» seier han, før han heller i seg meir øl.
«Som du vil,» seier den unge mannen i andre enden.
Resten av den ettermiddagen blir det mange fleire turar bort til den unge, vakre blondina med det ertent dinglande gullet og dei store, struttande puppane. Arve smiler frå øyre til øyre, til og med når han i femtida blir bortvist frå utestaden av puppedama på grunn av «kvalifisert beruselse». Gapskrattande skjagar han gjennom dei brennvarme gatene, før han til slutt kollapsar i ei stinkande bakgate omringa av stirande narkomane med hakeslepp.
*
Den vyrde lesaren kan sikkert vagt erindre at den høge fyrstikkblondina med dei digre Dumbo-øyra valde å stikke av frå pliktene sine som sokalla «leiar» ved korttidsavdelinga på ein viss privat sjukeheim i Bergen. Denne vitsen av ei mislykka karrierekvinne og eittbarnsmor stakk sørover til sine heimtrakter, det paddeflate, gudfryktige Jæren, og ingen frå arbeidsplassen greidde å få tak i ho. No er ho i eit hus på ei kvit sandstrand, eit hus som ligg so aude til at ingen kan høyre sjølv dei mest forpinte skrik. Ho står i kvit, vakker sommarkjole inne i stova. Gulløyreringane glitrar og dinglar manisk mot den skamraude huda. Ho har tårer i dei svære, lyseblå auga.
Brevet ho står der og stavar seg gjennom, er ikkje akkurat hyggjeleg lektyre. Ho har blitt oppsagt frå stillinga si som påstått «leiar» fordi ho braut arbeidsavtalen ved å rømme frå jobb. Dei kan jo ikkje ha leiarar som stikk av. Hennar ugyldige fråvær er ikkje einaste grunnen til at ho har mist jobben – sjølve sjukeheimen ser ut til å ha blitt avvikla. Eit vedlagt skriv frå verneombodet Ivar formidlar at aksjeselskapet har blitt avvikla, og at styret har gjort vedtak om å selje sjukeheimen til UDI. Dei hadde tenkt å selje den til kommunen, men UDI tilbydde meir for det over femti år gamle bygget. No skal det bli asylmottak for ukrainske flyktningar, det største i Noreg. Ivar skal bli mottaksleiar sidan han snakkar flytande russisk – han har i over 20 år vore gift med ei russisk dame som han har tre døtrer med. Det hadde den tidlegare leiaren inga aning om – ho visste knapt kor fyren budde. Ikkje det at det speler noka rolle no.
Ho knurvar saman brevet og kastar det over skuldra – det er fortid, i lag med alt anna i «livet» hennar. Den forsmådde frua slepper frå seg eit skremt, gråtkvelt hikst, før ho klyv opp på den vesle, knirkande krakken og tek renneløkka rundt den komisk lange, komisk tynne svanehalsen. Tårene sprett fram frå auga og trillar i strie elvar nedover dei tomatraude kinna.
Ho hoppar av krakken. Løkka strammar seg, eit høgt knekk kjem, og auga rullar tilbake i skallen. Ho heng der og rykkjer medan froden skummar rundt den altfor store kjeften. Det hesteliknande ansiktet blir snart blått. Tunga, som har levert altfor mykje skitprat, står ut or gapet som eit patetisk minnesmerke. Etter ei lita stund heng ho der som eit slakt. Den friske havvinden gjennom dei opne vindauga kan aldri meir vere til nytte for ho.
Ho er steindaud.
Eller er ho det?
Brått opnar ho dei store, tindrande, forskremde auga. Ho ser seg rundt med flakkande blikk. Ho er på stranda utanfor huset og ser inn på sitt eige lik som heng frå taket. Ho ser ned, men ser berre bakken under seg. Ho kjenner gulløyreringane dingle mot den skamraude huda. Full i forvirring byrjar ho å flyte gjennom landskapet, opp igjen mot huset. Ho blir stansa av ei ukjend, usynleg kraft i døropninga. Inn her kjem ho ikkje.
Ho skimtar ein spegel og ser sitt eige hovud flyte i lufta! Å nei! Er dette hennar etterliv? Er dette hennar straff? Skal ho flyte rundt slik i all æve? Blikket flakkar medan panikken tek ho.
Den tidlegare leiaren, no berre eit hovud, byrjar å flyte gjennom landskapet, stadig høgare i lufta. Dei store Dumbo-øyra med dei æveleg dinglande gulløyreringane blir ein slags liten vêrballong på den skyfrie himmelen. Vil nokon sjå ho? Og kva vil skje? Dei kan jo ikkje akkurat melde ho for blotting utan samtykkje sidan ho ikkje lenger har ein kropp å blotte!
Mot sin vilje driv ho nordover mot Bergen. Dette kan bli interessant, folkens.
