Mikroplast oppdaga i TESTIKLANE på menneske!

Great Game India rapporterer:

Ifølgje ein nyleg studie publisert i Toxicological Sciences var forskarar frå Universitetet i New Mexico, har mikroplast blitt oppdaga i mennesketestiklar.

Lista av stader der desse slue partiklane har blitt oppdaga har no vakse med oppdaginga av mikroplast i testiklane på både menneske og hundar.

Ifølgje ein nyleg studie som vart publisert i Toxicological Sciences, er mikroplast utruleg vanleg i heile verda, og kan kome seg inn i nesten kvart einaste organ i kroppen.

Når plast blir eksponert for sollys eller ultrafiolett stråling, blir mikroplast danna, og dei bryt seg stadig meir ned rundt om på søppelfyllingar, i havet og andre miljø. Dei kan òg blåse med vinden og hamne i vatn fordi dei er so ørsmå – dei blir målte i mikro-, nano-, eller ein milliarddels meter.

Prøver frå menneske hadde tre gonger so mykje mikroplast

Då ei gruppe forskarar frå Universitetet i New Mexico [i den amerikanske delstaten ved same namn; oms.an.] (UNM) studerte vevsprøvar frå testiklar frå både menneske og hundar, oppdaga dei at kvar prøve inneheldt desse små plastbitane. Hundeprøvane kom frå private veterinærklinikkar som kastrerer og steriliserer dyr, og menneskeprøvane kom frå New Mexico Office of the Medical Investigator, som samlar vev under obduksjon.

Forskarane vart overraska over å oppdage mikroplast i reproduksjonssystemet, i det minst i eit slikt omfang.

«Då eg fyrst fekk resultata for hundane, vart eg overraska,» sa dr. Xiaozhong «John» Yu, ein professor ved UNM College og Nursing og hovudforskar, i ei pressemelding. «Eg vart endå meir overraska då eg fekk resultata for menneska.»

Då dei samanlikna menneskeprøvane med hundeprøvane, oppdaga forskarteamet nesten tre gonger so mykje mikroplast. I hundeprøvane var der 122,63 mikrogram med mikroplast per gram med vev, men i menneskeprøvane var der 329,44 mikrogram per gram.

Tolv ulike former av mikroplast vart oppdaga under studien i prøvar frå 23 menneske og 47 hundar. Polyetylen (PE), ein plasttype som ofte blir brukt til å produsere flasker og vesker, var den vanlegaste polymeren i begge typar vev. PVC, som ofte blir brukt i ymse røyr, var den nest vanlegaste polymeren funnen hjå hundar.

Ifølgje dr. Yu og kollegaer, kan reproduksjonsproblem korrelere med mengda mikroplast i kroppen. Forskarane talde sædceller i hundeprøvane og oppdaga at sædmengda minka etter kor mykje PVC det var i vevet. Tilknytinga med mengda PE i vevet vart derimot ikkje oppdaga.

«Plasten utgjer ein skilnad – kva type plastisk som kan vere korrelert med potensiell funksjon,» sa dr. Yu. «PVC kan sleppe ut mykje kjemikaliar som forstyrrar spermatogenesen [danning av sædceller] og det inneheld kjemikaliar som forårsakar forstyrringar i hormonsystemet.»

Kvifor hundar?

Fordi hundar og menneske ofte deler miljø og enkelte biologiske trekk, samanlikna studien desse to artane.

«Samanlikna med rotter og andre dyr, er hundar nærare menneske,» sa dr. Yu.

Han peikte på at prosessane som menneske og hundar genererer sæd på, er temmeleg like, og det er òg likskapen i sædkonsentrasjon mellom dei to artane.

«Vi trur at hundar og menneske deler felles miljøfaktorar som bidreg til nedgangen [ i talet sædceller],» sa han.

Mikroplast er éin type av slike miljøelement; dei er overalt, til og med på toppen av Mount Everest.

«Påverknaden på den yngre generasjonen kan vere meir bekymringsverdig,» sa dr. Yu, og viste til menn frå 35 år og yngre. «Vi har mange ukjende. Vi må sjå på den potensielle langtidseffekten. Er mikroplast ein av faktorane som bidreg til denne nedgangen?»

Dr. Yu heldt fram, og sa at sjølv om han ikkje ønskjer å skremme nokon, trur han at det er særs viktig å utdanne folk om implikasjonane av vala dei gjer.

«Vi ønskjer å vitskapleg dele dataa og gjere folk merksame på at der finst mykje mikroplast. Vi kan gjere våre eigne val for å betre unngå eksponering, endre livsstilen vår, og endre åtferda,» sa han. […]

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget