Ethan Huff i Natural News skriv:
Israel tørnar etter at Noreg, Spania og Irland alle erklærte at dei kjem til å formelt anerkjenne den palestinske staten i veka som byrjar 27.mai.
22.mai formidla dei tre europeiske landa at det å anerkjenne Palestina som stat er det fyrste steget mot fred.
«Der kan ikkje vere fred i [Vest-Asia] dersom er ikkje er noka anerkjenning,» sa Noregs statsminister Jonas Gahr Støre.
«Midt oppi ein krig med fleire titals tusen drepne og såra [ i Gaza], må vi halde i live det einaste alternativet som tilbyr ei politisk løysing for både israelarar og palestinarar: To statar som lever side om side, i fred og tryggleik.»
[…]
Kort tid etter at Støre sa dette offentleg, kom den irske statsministeren Simon Harris med ei eiga, liknande støtteerklæring for anerkjenning av den palestinske staten:
«I dag erklærer Irland, Noreg og Spania at vi anerkjenner staten Palestina,» sa Harris på ein pressekonferanse, og sa at Irland offisielt vil anerkjenne ein palestinsk stat frå og med 28.mai.
«Eg er viss på at andre land vil slutt seg til oss ved å ta del i dette viktige steget dei komande vekene.»
Den spanske statsministeren Pedro Sanchez slutta seg til rekkja ved å erklære den same anerkjenninga av den palestinske staten frå og med 28.mar. Sanchez la til at Benjamin Netanyahu, hans israelske motstykke, set tostatsløysinga, som dei kallar det, «i fare» med sin «smerte og øydeleggings»-politikk i Gaza. […]
Israel seier at å anerkjenne Palestina som stat er «terrorisme»
Den beinveges responsen frå Tel Aviv var å klikke i vinkel. Israel trekkjer offisielt ut sine ambassadørar frå Irland og Noreg medan dei seier at dei snart skal tilbakekalle si utsending frå Spania.
Ifølgje det israelske utanriksministeriet, blir ambassadørane frå desse tre europeiske landa henta tilbake til Israel for ein «reprimande».
Israels utanriksminister Israel Katz la til at det å vise slik støtte for Palestina utgjer «toskeskap». Ifølgje Katz sender det å anerkjenne Palestina som stat på nokon måte «ut ein bodskap til palestinarane og verda: terrorisme lønner seg.»
Palestinske tenestepersonar vart i mellomtida begeistra over nyheita, og kalla det eit «viktig steg» mot skapinga av ein palestinsk stat.
«Vi ønskjer velkommen erklæringa frå Noreg, Irland og Spania om anerkjenning av Staten Palestina, og vi ser på det som eit viktig steg på vegen mot fastsetjing av rettane til vårt eige land, og etableringa av ein uavhengig palestinsk stat med Jerusalem som hovudstaden,» står det å lese i ei melding frå den palestinske motstandsrørsla.
Generalsekretæren i Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) la til via sosiale media at der no er eit lys i enden av tunnelen for det palestinske folket.
«Historiske augneblinkar der den frie verda står sigrande når det gjeld sanning og rettferd etter fleire tiår med palestinsk nasjonalt strev, liding, smerte, okkupasjon, rasisme, mord, undertrykking, misbruk og øydelegging – som det palestinske folket vart utsett for,» sa PLO.
Dei følgjande ni europeiske landa anerkjenner allereie ein palestinsk stat:
Bulgaria, Tsjekkia, Den greske delen av Kypros, Ungarn, Malta, Polen, Romania, Slovakia og Sverige.
Ein talsperson i Det kvite huset har gått ut og avslørt at president Biden òg støttar ein veg mot ei tostatsløysing, sjølv om dei går imot den «einsidige anerkjenninga» av ein palestinsk stat.
Biden-regimet ønskjer diplomatiske forhandlingar i staden for det som dei nemnde europeiske landa prøver å gjere.
«Han trur at ein palestinsk stat burde bli realisert gjennom direkte forhandlingar gjennom partane, ikkje gjennom einsidig anerkjenning,» sa talspersonen, og la til at Biden er «ein sterk støttespelar for ei tostatsløysing, og at han har vore det gjennom heile sin karriere.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
