Forteljing kollapsar: Det var INGA TÅKE då helikopteret til den iranske presidenten krasja

Ethan Huff i Natural News melder:

I eit intervju 21.mai som vart lagt ut på Islamic [Republic] of Iran News Network (IRINN), skildra Gholam Hossein Esmaili, stabssjef for den avdøde iranske presidenten Ebrahim Raisi, dei siste augneblinkane som han sjølv hugsa dei før helikopteret som leiarane var i krasja. Og ifølgje det han fortalde, var det inga tåke, som vestlege media hevda.

Der var tre helikopter i følgjet – Esmaili var på eit av dei to som kom seg trygt fram til målet – men det som Raisi, hans utanriksminister Hossein Amir-Abdollahian, og sju personar i følgjet deira var om bord i, krasja nær den iranske grensa ved Aserbajdsjan.

Esmaili avslørte at etter å ha bede si klokka tolv-bønn, la følgjet i veg mot Tabriz. Det var klarvêr med «ingen bekymringsverdige vêrforhold», sa han.

«Etter ein halvtime i lufta, før vi nådde koparmina i Sungun, var der ei lita samling av skyer,» heldt Esmaili fram.

«So der var inga tåke?» spurde intervjuaren.

«Ikkje i det heile,» svarte Esmaili. «Der var tåke på bakken, men ikkje i lufta der vi var på veg med helikoptera. Derimot, i eit lite område var der ei lita samling skyer over ei klippe. Når det gjeld høgd, var denne skya på same høgde som vi var.»

Heile intervjuet er tilgjengeleg her.

 Kva skjedde eigentleg?

Då dei nærma seg den vesle samlinga med skyer, bad helikopterpiloten på Raisi sitt luftfartøy – han var òg kommandør for heile flåten – dei andre om å stige over skyene.

«Vi var tredje fartøy bak helikopteret som presidenten sat i,» forklarte Esmaili. «Vi steig over skyene og flaug i rundt 30 sekund. Piloten vår innsåg plutseleg at helikopteret med presidenten i, ikkje var der.»

Esmaili forklarte at ingenting uvanleg såg ut til å skje på den tida. Dei to helikoptera steig som avtala utan problem. Der var til og med ikkje nokon turbulens, og etter å ha nådd den nye høgda var der ingen andre skyer å sjå.

«So bortsett frå dette, var det ingen vêrmeldingar som nemnde noko om forstyrringar i vêret som gjorde det utrygt?» spurde deretter intervjuaren.

«Nei, der var ingen,» svarte Esmaili. «Kort tid etter kunne vi sjå under oss, og der var ingen skyer meir, og vi hadde nådd området der koparmina ligg.»

«Vi såg derimot at piloten vår plutseleg tok ein U-sving, so eg spurde han kvifor. Han sa at eit av helikoptera våre var sakna. Vi estimerte at dei hadde føreteke ei naudlanding fordi vi heller ikkje hadde nokon radiokontakt med dei meir. So eg spurde han når vi sist hadde radiokontakt. Piloten svarte ‘eit minutt og tretti sekund sidan då piloten bad oss stige over skyene’.»

Etter å ha sirkla rundt nokre gonger og ikkje sett noko bortsett frå skyesamlinga, vart det bestemt at neste handling var å rett og slett lande. Fleire forsøk på å oppnå radiokontakt var mislykka, og innan tretti sekund var dei andre helikoptera i konvoien på bakken.

Under heile turen var der stadige samtalar mellom dei ymse passasjerane på helikoptera, inkludert livvakta til presidenten, Abdollahian, og guvernøren i Aust-Aserbajdsjan, so vel som fredagsimamen i Tabriz.

«Derimot,» sa Esmaili etter det at det eine helikopteret forsvann. «prøvde vi å ringje alle utan hell.»

Nokon tok til slutt opp mobiltelefonen til kapteinen som var med den no avdøde presidenten. Han sa at han ikkje følte seg bra, og hadde inga aning om kva som hadde skjedd, men at han var omringa av tre og ikkje kunne sjå nokon av dei andre.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget