Ein utkånka fisemann flyktar

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Mannen til Midazolam-Merete ligg utkånka på sofaen og fis og vrir på seg. Han har gafla i seg eit brett med to svære jævlar av nokre hamburgarar, eit kilo pommes frites med mykje krydder og ketsjup, to liter Pepsi Max og ein halv liter krokanis med den typen sjokoladesaus som stivnar på isen. Han er so stinn og mett at han knapt kan røre på seg – fyren har mat opp til halsen og vel so det. TV-en surrar med si vanlege programmering, og ein episode av Naked Attraction ertar, tergar og håner hans fullstendige mangel på libido.

I døropninga inn til kjøkkenet står Merete, skinnmager, bleik og nifs. Ho ser meir demonisk ut no, med skarpare, skumlare trekk, daude, men intense auge, og ein aura som ville ha fått eit medium til å flykte skrikande sin veg. Perleøyredobbane ser neste litt for store ut for øyra hennar, det ser ut som dei berre skal dette av når som helst. Det vakre sølvsmykket med det hjarteforma diamantanhenget glitrar illevarslande mot den bleike huda. Det blonde håret er knytt i ein stram, nesten smertefull hestehale. Ho har på seg eit par svarte tights og den mørkegrå uniforma til KarmaCare. Klokka er kvart på tolv om natta, og ho har akkurat kome inn dørene til den totalovervaka leilegheita midt i det sjellause hjartet av 15-minuttsbyen Horisont. Ho har vore på jobb og slite sidan klokka seks den morgonen, og klokka halv seks neste morgon må ho pine seg ut der igjen.

Kjøkkenet ser ut som nokon har slakta ein flokk avføringsdekte grisar. Ho burde ha visst betre enn å betru den ubrukelege ektemannen til å halde huset i orden medan ho var vekke. Ho flyt sakte gjennom rommet og ruvar bak han der han ligg i sofaen. Han ser opp på ho og stønnar medan han sakte vrir på seg.

«Er du heime?» spør han med si lyse pinglestemme.

«Ja, eg er det, kjære,» seier ho stilt. – «Kor er barna?»

«Barna?» spør han forfjamsa og utkånka.

«Ja, barna. Dei eg fødde i tur og orden med enorme smerter medan du låg i eit hjørne i fosterstilling og grein.»

«Dei… er vel her ein stad.» Han slepper ein lang, dryg fis det stinkar McDonald’s av. Nærare bestemt stor Big Tasty-meny (der ein får med ein liten cheeseburgar på kjøpet).

«Har du ikkje passa på dei?» Ho står no framfor han og bøyer seg sakte ned mot det bleikfeite, pløsete trynet. Fy faen, kor feit han har blitt!

«Øøøøh, dei er jo etter kvart blitt ganske store.»

«Kjøkkenet ser ut som du har dauda i frå det.» Ansiktet hennar er berre nokre centimeter frå hans eige. Auga er mørke som eit beksvart lite vatn ute i skogen. – «Og all den maten du har gafla i deg… Delte du med barna våre? Eg ser ikkje nokon restar. Sparte du ingenting til resten av familien din?»

«Øøøøøh, barna er jo ikkje her. Og du var jo på jobb.»

«Dersom du ikkje straks beinar stad og ser etter ungane våre, skal eg rive av deg ballane og køyre dei opp i rævholet på deg.» Stemma hennar er roleg, men illevarslande. Ansiktet er fullstendig uttrykkslaust. Mannen blir likbleik.

«N-no synest eg du blir litt dryg,» seier han med ei skjelven stemme.

«Det som er drygt er at du ligg på sofaen og gassar deg med søppelmat medan eg jobbar ræva av meg og barna våre forsvinn som dogg for sola. Synest du ikkje det er drygt, kjære?» Ho er so nær han at ho kan føle hjartet hans hamre. Mannepuppane pulserer omtrent. – «Eg skal stille deg eit enkelt spørsmål.» Han held pusten medan han ser ut som han skal drite på seg. Og med tanke på dei utrulege mengdene mat han har fortært, snakkar vi ikkje akkurat lite skit heller. – «Når såg du barna våre sist?»

«Øøøøh, nei, eg…» Han slepper ein saftig brakar som riv i nasen. – «Eg hugsar ikkje. I ettermiddag, kanskje?»

«Sei meg, når såg du hjernen din sist? For den er openbert ikkje her.»

Med stoisk ro forlét ho denne skjelvande, sveittande, fisande vitsen av eit matvrak. Ho listar seg med sakte, metodiske steg gjennom leilegheita og kik inn på dei tre soveromma til barna i tur og orden. Sengene er tomme. Det er ingen på badet. Ho går ut på kjøkkenet og finn den største kniven dei eig. So sprett ho med lette, leikne steg inn i stova igjen og ruvar over mannen.

«Åh, hjelp!» pistrar han då han får knivbladet pressa lett mot underlivet. Merete har bokstavleg tala ballegrep på han, og klemmer hardt og nådelaust rundt manndommen og kjærleikssteinane.

«Snakk til meg, kjære,» seier ho roleg medan ho held både kuk og ballar i eit jarngrep med si senete hand. – «Du bør helst grave godt i det tjukke hovudet ditt. Tenk litt over kor du trur barna våre kan vere. Du burde jo vete betre enn å berre late dei vandre av garde. Tenk om nokon har kidnappa dei. Slikt kan jo skje i våre dagar. Ein veit jo aldri med alle desse pedofile som kidnappar barn for å ofre dei i sataniske…»

Ho stoppar opp. Dei stirande auga som nesten aldri blinkar vender seg mot underlivet hans.

«Javel, ja… Her veks det noko. Ligg du her og får stå? Tenner du på dette? Sjuke jævel. Du har nok selt barna våre til ein medlem av eliten, mot eit fyrsteleg vederlag. Kor er pengane? Har du kjøpt Big Tasty-burgarar for alt saman?»

«S-stopp, ver forsiktig…!!» klynkar han, før ein ny fis drønnar ut av han. – «Du er jo staurande galen…!!»

«Eg vil berre ha barna mine. Eg elskar dei jo. Dersom nokon sel barna mine til elite-pedofile, ventar helvete og endelaus liding på dei.»

«S-slutt, elles kjem eg til å…!!» Han vrir på seg i sofaen. – «Slepp, Merete…!!»

«For ein patetisk fisemann. Eg angrar på at eg nokosinne sleppte deg inn i meg. Du er mitt livs største tabbe. Eg likar jo eigentleg ikkje menn.»

Mannen klynkar som ei lita jente. Det hamnar ein mørk flekk på den lysegrå joggebuksa. Merete ser ned og slepper sakte grepet sitt rundt manndommen. Ho himlar med auga.

«Hmm, det ser ut som du akkurat kom. So tanken på at barna våre blir valdtekne og drepne av elite-pedofile er altso det som får deg til å kome i mål for tida. Har du nokon siste ord å seie før eg sløyer deg som ein nyfanga fisk?»

«Hjelp, hjelp, hjelp, hjelp!» klynkar mannen i det han veltar ut av sofaen og spring bortetter golvet i den digre leilegheita. Ei kraftig lukt av sæd, frykt og Big Tasty-fisar ligg blytung i rommet.

«Du er komen til vegs ende,» seier Merete i det ho set etter han med kniven i neven. – «Dette er siste kapittel i den patetiske boka som er livet ditt.»

Den vitskremde mannen tek trappa ned til bakkeplan i fire uvørdne steg. Naboane i 15-minuttsbyen har litt av ei scene å vere vitne til so seint på kveld. Ei skinnmager demonblondine som knivjagar ein utkånka fisemann som er so feit at han nesten trillar. Naboane trekkjer derimot føre gardinene, for dei har meir enn nok med seg sjølv. Dei som då i det heile teke gidd å reise seg frå sofaene for å sjå kor all grylinga kjem frå.

Merete trengjer raskt tjukkasen opp i eit hjørne. No hamnar det ein ny mørk flekk i skrevet – denne gongen er det urin. Han er so livredd at han står der og pissar seg ut. Han fell gråtande ned på kne då Merete hevar kniven. Ho skal akkurat til å gjere kort prosess med den sokalla «mannen», då ho vender auga tankefullt til sida.

«Vent no litt…» seier ho i den varme, kvelande sommarnatta. – «Det er jo laurdag. Barna våre er hos foreldra mine ute på Askøy. Eg hadde heilt gløymt det. Ingen skade skjedd, kjære. Det er jo fort gjort å gløyme kor barna våre er, vi har jo stundom andre ting å tenkje på. Eg har sove litt lite denne veka, vi har jo hatt to ‘firmafestar’ på Nordre Toppe.» Ho seinkar kniven, før ho vinkar han til seg. – «Kom. Lat oss gå heim og leggje oss. Eg må opp klokka halv seks i morgon tidleg. Eg kan suge deg før eg stikk på jobb, som vanleg.»

Den klynkande, gråtande fatsoen følgjer etter den høgreiste, rakrygga dama gjennom det mørke, forlatne dystopi-landskapet. Ein utkånka fisemann prøvde å flykte, men feila. Det er nemleg ikkje alltid so lett å forlate eit trygt mareritt.

Kommenter innlegget