Russia Today (RT) rapporterer:
Kvart eit amerikansk åtak på russiske mål i Ukraina kjem automatisk til å utløyse ein verdskrig, åtvarar den tidlegare russiske presidenten Dmitry Medvedev.
Tenestepersonen, som for tida tener som viseleiar i det russiske tryggleiksrådet, kom med kommentarane etter at den polske utanriksministeren Radosław Sikorsi hevda at Washington hadde truga med å utføre slikt eit åtak dersom Russland skulle finne på å bruke atomvåpen i Ukraina.
I eit innlegg på X (tidlegare Twitter) sundag [26.mai 2024] antyda Medvedev at Sikorski «visstnok har bestemt seg for å skremme herrane sine». Han skreiv at Washington, ulikt Warszawa, so langt har halde seg for gode til å kome med slike trugslar offentleg «fordi dei er meir vørdne av seg» enn polakkane.
«Amerikanarar som går til åtak på måla våre inneber å starte ein verdskrig, og ein utanriksminister, sjølv i eit land som Polen, burde forstå det,» la Medvedev til.
Den tidlegare russiske presidenten viste òg til kommentarar gjort av den polske presidenten Andrzej Duda førre månad, då han sa at landet hans ville vere viljug til å oppbevare amerikanske atomvåpen dersom dei vart tilbode slikt eit høve under NATO sin delingsmekanisme. Medvedev åtvara at i tilfelle ein atom-konfrontasjon «kom ikkje Warszawa til å bli forbigått, og vil sanneleg få sin del av radioaktiv oske,» og han spurde so om dette var utfallet den polske leiarskapen verkeleg ønskjer.
På laurdag [25.mai], i eit intervju med avisa The Guardian, uttrykte Sikorski skepsis når det gjaldt eit hypotetisk russisk atomåtak i Ukraina.
«Amerikanarane har sagt til russarane at dersom dei sprengjer eit atomvåpen, sjølv om det ikkje drep nokon, so vil vi gå til åtak på alle deira mål [posisjonar] i Ukraina med konvensjonelle våpen, vi vil øydeleggje alle saman,» hevda han, og skildra den antekne åtvaringa som «ein truverdig trugsel». Den polske diplomaten påstod at Kina og India òg har åtvara Russland mot atom-eskalering.
Ministeren antyda òg at Ukraina sine vestlege støttespelarar burde late Kiev bruke våpena sine for å gå til åtak på militære mål på russisk territorium, sidan «bortsett frå å ikkje bruke atomvåpen, so avgrensar ikkje [Moskva] seg sjølv noko særleg».
Ifølgje Sikorski burde ikkje EU vere redde for å eskalere situasjonen, og burde ikkje påføre seg sjølv grenser når det gjeld Ukraina-konflikten, slik at Moskva blir overlate til å gjette kva som vil bli det neste steget.
Medan USA og deira allierte ved fleire høve har skulda Moskva for å rasle med atomvåpen-sablane, insisterte president Vladimir Putin i mars at på ingen punkt i Ukraina-konflikten har Russland vurdert å bruke slike våpen. Rundt same tid, la Kreml-talsmann Dmitry Peskov vekt på at Russlands atomdoktrine ser føre seg bruken av masseøydeleggingsvåpen berre «dersom noko trugar eksistensen til landet vårt», noko som gjengjev ei tidlegare ytring frå statsoverhovudet. Tenestemannen skildra òg dette forsvarsåtaket som «eit farvel-våpen».
Under sin årlege tale til Den føderale forsamlinga i slutten av februar, åtvara Putin potensielle åtaksutførarar at atomarsenalet var i ein tilstand av «fullstendig beredskap, garantert utsendingsklare».
Tidlegare denne månaden gav den russiske leiaren ordre om ei øving i bruk av taktiske atomvåpen i Det sørlege militære distriktet, som ligg ved den ukrainske grensa. Ifølgje ytringar frå utanriks- og forsvarsministeria, var øvingane meint som ei åtvaring mot USA og deira allierte, som ein følgje av eskalerande retorikk frå Vesten.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

[…] òg «Medvedev åtvarar: Amerikanske åtak på russiske mål kan bli ‘starten på verdskrig’», publisert 28.mai […]
LikarLikar
[…] òg «Medvedev åtvarar: Amerikanske åtak på russiske mål kan bli ‘starten på verdskrig’», publisert 28.mai […]
LikarLikar