Folk som gjennomgår kjønnsskifte kjem i overgangsalderen i 20-åra

Jonathon Van Maren på nettstaden LifeSite News skriv:

Her er ei overskrift som ikkje hadde gjeve noka meining for nokon for eit tiår sidan: «Transmenn ‘kjem i overgangsalderen’ i 20-åra».

Denne er henta frå The Telegraph, og lat meg omsetje: Kvinner som identifiserer seg som menn får menopause i 20-åra på grunn av biverknader frå «overgangen», som er langt farlegare enn transaktivistar har villeia folket til å tru.

Alle som har følgt med dei siste åra, vil kjenne igjen eit bestemt mønster: Ein ny studie kjem som avslører at kjønnsendrande kirurgi og følgjande hormon-«behandling» har både kortsiktige og langsiktige øydeleggjande effektar på mottakarane; transaktivistar insisterer at studien på eit eller anna vis er feil, og at «vitskapen» seier at overgang [til det motsette kjønn] hindrar sjølvmord; såp inn, reins, gjenta.

Men det er viktig å merke seg kvar av desse studiane fordi den samla vekta av evidensen som dukkar opp, trur eg kjem til å til slutt knuse grepet transkjønnsrørsla har på offentleg politikk (og visseleg byrjar det allereie å gjere det). I denne nylegaste studien publisert i International Urogynecology Journal, analyserte ekspertar 68 trans-identifiserande kvinner som tok testosteron «for å andre identiteten sin frå kvinneleg til mannleg, og oppdaga at 95% hadde utvikla dysfunksjon i bekkenbotn-muskulaturen».

Les det talet om igjen: 95 prosent.

Ifølgje studien hadde deltakarane, «som var so unge som 18 og hadde ein snittalder på 28, blære- og tarmsymptom som helsepersonell kunne forvente å sjå hjå ei kvinne i klimakteriet», der ekspertar nok ein gong åtvara at «effekten av kjønnsendrande legemiddel på kroppslege funksjonar er underforska og underrapportert», og at mange ikkje blir fortalt dei faktiske risikoane når dei besøkjer kjønnsklinikkar. Sanneleg blir mange aktivt villeia av LGBT-pensum på skular og LGBT-propaganda som blir spreidd av mesteparten av våre større institusjonar.

Biverknadene er ikkje bagatellmessige heller. 87% av studiedeltakarane hadde «urinvegssymptom slik som inkontinens, hyppige toalettbesøk og sengevæting»; 74% «hadde tarmproblem inkludert forstopping, eller at dei ikkje kunne halde på avføring eller kontrollere fising»; ikkje overraskande leid 53% av seksuell dysfunksjon. Inkontinens blir definert som at urin ved eit uhell lek ut. Andre problem inkluderte «brennande kjensle», so vel som både «plutseleg uhell og vanskar med å late vatnet», der nesten halvparten av studiedeltakarane leid av ei «orgasme-forstyrring» og ein fjerdedel opplevde smerter under samleie.

Ein tredjedel av studiedeltakarane var framleis studentar.

Elaine Miller, ein fysioterapeut med spesialisering i bekkenbotn-helse, sa til The Telegraph: «Mange kvinner har det heilt fint til dei kjem i overgangsalderen, og mange byrjar å lekke. Det ser ut til å vere nøyaktig den same bana for kvinnelege personar som tek kjønnsskiftande hormon, men der har ikkje skjedd mykje innan forsking». Ho har allereie jobba med mange detransitioners [personar som angrar på kjønnsskifte], som lid av biverknader ingen fortalde dei om. Spesielt inkontinens har vist seg å vere ekstremt flaut og hemmande for mange.

Studien vart leia av Lyvia Maria Bezerra da Silva ved Det føderale universitetet i Pernambuco, Brasil. Da Silva slo fast at funna i studien indikerte «eit høgt omfang av minst eitt av bekkenbotn-dysfunksjonssymptoma» og oppmoda meir forsking rundt testosteron fordi «langtidseffektane framleis er ukjende». Det vi veit blir stadig meir urovekkjande, og evidensen samlar seg jamt og trutt og viser at vi gjer irreversibel skade på tusenvis av unge menneske, der dei fleste ikkje blir fortalde om farane på vegen dei er på, og der mange òg blir fortalde at det dei går gjennom kan reverserast.

Når desse metodane endeleg blir forbodne, kjem vi til å stå overfor heile hærar av unge menn og kvinner som har blitt fysisk øydelagde av dette kvakksalveriet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget