Pepe Escobar: Russland og Kina har fått nok

Av Pepe Escobar, Strategic Culture Foundation. Fritt omsett av Monica Sortland for Derimot. Omsetjinga er kvalitetskontrollert av redaktøren i Saksyndig før publisering på denne nettstaden.

Dei har begge fått nok av å vere «høflege». Er det konfrontasjon de vil ha, så skal de få konfrontasjon.

Noko svært viktig skjedde tidlegare denne veka i Astana under møtet til Shanghai Cooperation Organization (SCO) sitt utanriksministerråd.

Kinas utanriksminister Wang Yi gjekk rett på sak: han sa at SCO-medlemmar måtte «ta vare på sin strategiske autonomi» og «aldri la eksterne krefter» gjere Eurasia om til ein «geopolitisk arena».

Wang Yi la ut i detalj korleis «nokre få land søker overherredømme og makt, dannar små klikkar, etablerer skjulte reglar, engasjerer seg i innblanding og undertrykking, ‘koplar frå og kuttar band’, og til og med assisterer ‘dei tre kreftene’ i regionen» og såleis prøver å undertrykke den strategiske autonomien til Det globale sør.

«Dei tre kreftene» er kinesisk kode for terrorisme, separatisme og religiøs ekstremisme – faktisk dei tre hovudgrunnane til at SCO vart grunnlagt tilbake i 2001, ei kort tid før «9/11».

Wangs bodskap viser at Beijing er svært klar over Hegemonens myriade av hybridkrigstaktikkar som no blir brukt over heile Hjartelandet. Likevel utmerkar Beijing seg i høflegheit, og ber om «felles, omfattande, kooperativt og solid» sikkerheitssamarbeid og å jobbe saman med «det internasjonale storsamfunnet».

Problemet er at «det internasjonale storsamfunnet» er gissel av «den regelbaserte internasjonale ordenen».

Omdefinering av «dei tre kreftene»

SCOs statssjefar skal neste gong møtast i juli i Astana – berre ein månad etter eit svært viktig BRICS-ministermøte i Russland. For to månadar sidan sa Kazakhstans president Kassym-Jomart Tokayev tydeleg frå om på eit møte i Boao i Kinas Hainan-provins at ingen av leiarane for SCOs medlemsstatar måtte utebli.

Heller før enn seinare – kanskje så tidleg som til neste år – vil BRICS og SCO kanskje ikkje lenger berre arbeide i tandem, men også dele same bord.

Årets SCO-toppmøte er ikkje berre sentralt for omorganiseringa av ein ekte anti-terror krig mot Hegemon-drivne metodar – men også for SCOs ekspansjon og betra økonomisk/handelssamarbeid.

Belarus vil i juli få fullt medlemskap i SCO – det har president Lukasjenko allereie stadfesta. Og i fjor godkjende også Saudi Arabias kabinett avgjerda om å slutte seg til SCO.

For berre tre månadar sidan i Beijing, under feiringa av 20-årsdagen for SCO-sekretariatet, gjentok Wang det som president Xi sa under sitt skjebnetunge møte med Putin i Moskva i 2023: «Endringar ein ikkje har sett på eit hundreår» er på gang. Ergo den fornya viktigheita til SCO – den de facto største ikkje-vestlege multilaterale organisasjonen som er fokusert på politisk/sikkerheitsmessig samarbeid, og ein av multipolaritetens grunnsteinar.

Det er yrkeslaust å atter påpeike at det kollektive Vesten enten ignorerer, avviser eller misforstår SCO – for SCO er ikkje basert på endelaus militær ekspansjon i NATO-stil. SCO handlar heilt og fullt om sør-sør-integrasjon. Det er inga dårleg bedrift å ha India, Kina, Pakistan og Iran ved same bord, diskuterande som likeverdige – og med respekt for prioritetane til sine sentral-Asia/Hjarteland-partnarar.

Over åra enda alt opp med å bli diskutert ved SCO-bordet – langt utover det opprinnelege fokuset på «dei tre kreftene»: diplomati, nasjonalt forsvar, sikkerheit, økonomi, handel, kultur, utdanning, transport, teknologi, agrikultur.

SCO er i sentrum for det multimodale strategiske partnarskapet mellom Russland og Kina, men like viktig er det at organisasjonen også driv dei aukande økonomiske sambanda mellom Kina og «stan-landa» i sentral-Asia.

I Året for Den store avgjerda – når det russiske presidentskapet i BRICS bør skisse opp det privilegerte vegkartet for eit meir rettvist system for internasjonale relasjonar – verkar SCO-spelarane vere fullt klare over at det ikkje er tilfeldig at «dei tre kreftene» utgjer dei føretrekte hybridkrigsmetodane til «Kaos-imperiet for splitt-og-hersk».

Det gjeld ikkje berre skumme jihad-grupperingar som IS-Khorasan, men også imperiets grep om gangsterane som driv med global narkotika-, menneske- og organsmugling.

Sakte, men sikkert, når vi neste nivå: SCO, som multilateral organisasjon, slår til for fullt mot terror-metodane til ein Hegemon som til og med medverkar til folkemord.

Russlands utanriksminister Sergey Lavrov kunne ikkje sagt det tydelegare, på slutten av Astana-møtet:

«Oppgåva til statane på dette kontinentet å på eiga hand utvikle felles tilnærmingar for å sikre eurasisk sikkerheit og samarbeid, er presserande. Vi understreka at SCO godt kan spele rolla som katalysator for desse prosessane, og involvere andre partnarar i regionen.»

Lavrov nemnde eit nytt driv for eksekutivkomitéen til Den regionale anti-terrorist-strukturen (RATS). Omsett: RATS vil ekspandere sitt mandat på informasjonssikkerheit, kamp mot organisert kriminalitet og etterforskning av sambanda mellom narkosmugling og finansiering av terrorisme.

Er de førebudde på konfrontasjonen de ber om?

Kople no alt dette med det som FSB-sjefen, Alexander Bortnikov, meir enn eksplisitt sa på CIS-møtet i Bishkek, Kirgisestan, om kva Kaos-imperiet med sine vasallar har planar om no framover.

Dei fire viktigaste punkta:

1.USA, Storbritannia og NATO er no i full-hybridkrig-modus mot Russland.

2.NATO legg til rette for ei massiv overføring av terroristar/jihadistar frå fleire lengdegrader til Ukraina, nokre av dei med verksemd over heile Hjartelandet. Kall det gjerne ein Terror-framandlegion – som bør sjåast på som SCOs fiende nummer ein. Bortnikov refererte til «den konstante rotasjonen av militante i sonene Syria-Irak og Afghanistan-Pakistan, oppkomsten av nye militante treningsleirar nær sør-grensene av samveldet.»

3.Ukraina har gått over til Total Terror – komplett med kontinuerlege sabotasje-raid over grensene til Russland.

4.Dei gode nyhenda er at den globale majoriteten rører på seg: Russland samarbeider tett, og i aukande grad, med eit hopetal nasjonar i vest-Asia, stor-Asia, Afrika og Latin-Amerika.

Etter ei rekke uvanlege «tilfeldigheiter» dei siste vekene – alt frå «einsleg ulv»-mordforsøk til rigga kupp, reine truslar og mystiske forsvinningsnummer – lyt heile økokosystemet til BRICS-SCO vere i høg alarmberedskap.

Etter det episke Putin-Xi-møtet i Beijing og det uverkelege Raisi-helikopterdramaet, peikar den fornya soliditeten til dei samankopla strategiske partnarskapa mellom Russland, Kina og Iran mot at Russland/Kina er i ferd med å ta silkehanskane av.

Putin og Xi, kvar på sin måte, har allereie åtvara det kollektivt imbesiliserte Vesten: viss det er konfrontasjon de vil ha, så skal de få konfrontasjon. I bøtter og spann. Og på eige ansvar.

Testane av «All-mora» skom skal gjerast denne sommaren, viser kor langt NATO vil gå når det gjeld direkt angrep på Den russiske føderasjonen. Ungarns statsminister Viktor Orban åtvarer om at «Europa førebur seg på å starte ein krig mot Russland».

Ukultiverte, uutdanna politisk-militære Eurotrash-«elitar» er sjølvsagt fullstendig ute av stand til å forstå realiteten utanfor si eiga boble. Dei tolkar russisk tolmod og legalitetstilnærming som veikskap. Vel: etterretningskjelder i Moskva seier det no – uoffisielt, off the record – klart og tydeleg: viss dei prøver seg på noko dumt, vil dei verkeleg få svi.

På BRICS-nivå er det eit slags siste-minutt-forsøk på å sløkke lunta. Wang Yi og president Lula sin utanrikspolitiske topprådgivar, Celso Amorim, har gått ut og sagt at det trengst ei semje om eit sluttspel i Ukraina.

Essensen av erklæringa var at «Kina og Brasil støttar at det blir halde ein internasjonal fredskonferanse på eit passande tidspunkt, som både Russland og Ukraina anerkjenner, der alle partar deltar på like fot og realt og ærleg diskuterer alle fredsplanar.» Kaos-imperiet vil sjølvsagt stille seg avvisande.

Beijing har all si merksemd retta mot Kaos-imperiet sine provokasjonar i Taiwan, medan Moskva fokuserer på NATO-provokasjonar i Ukraina. Dei har begge fått nok av å vere «høflege». Er det konfrontasjon de vil ha? Konfrontasjon skal bli!

Kommenter innlegget