Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Den tidlegare presidenten i Russland Dmitry Medvedev, som no tener som leiaren i det russiske tryggleiksrådet, snakka med nyheitsbyrået TASS no i veka om illegitimiteten til det ukrainske regimet under Volodymyr Zelensky.
(Sjå òg «Vladimir Zelensky: Ingen mandat, ingen val. Kva no?», publisert 22.mai 2024.)
Zelensky si nylege avgjerd om å gjere seg sjølv diktator på ubestemt tid ved å avlyse Ukraina sine val, inneber at Kiev er omtrent so legitimt som ein pengesetel frå amerikanske Federal Reserve [den amerikanske sentralbanken; oms.an.], altso akkurat som Monopol-pengar trykt av det private Federal Reserve bankkartellet.
Kiev blir for tida styrt av eit lovlaust og kriminelt regime, forklarte Medvedev. Zelensky sin femårsperiode gjekk akkurat ut, og i staden for å halde nytt val slik den ukrainske lova krev, brukte Zelensky si krigslovserklæring av februar 2022 til å bli i embetet so lenge han ønskjer.
«Alle desse lovmanipulasjonane tydar berre éin ting: døden til den mislykka staten Ukraina – forvandlinga om til ein klassisk mislykka stat, for å bruke amerikansk vokabular», sa Medvedev til TASS.
Når det gjeld USA og deira allierte, held dei fram med å støtte Zelensky-regimet fordi dei er redde, seier Medvedev, for «det skammelege fallet til hans kriminelle regime».
«Det er difor det er slikt eit høgt sannsyn for at Zelensky-regimet ville ha tapt valet so det ljoma, og at borgarane i dette ikkje-eksisterande landet ville ha kravd ein ny president i håp om at vedkomande ville ha starta fredsforhandlingar med Russland,» la Medvedev til. […]
Det er på tide at Zelensky og hans sponsorar blir avsett
Zelensky er trass alt «eit politisk oppstartsføretak», sidan han i 2019 vann posisjonen sin berre fordi han dreiv kampanje «med fredsretorikk». Det viser seg at Zelensky laug – kva anna er nytt? – og no har Ukraina svære fjell av lik, og ein mislykka stat å vise til.
«Dei tener gode pengar på desse blodfestane,» forklarte Medvedev om korleis vestlege leiarar håvar inn på blodbadet av ukrainske soldatar som ligg stabla høgt til vêrs i det Zelensky og hans vestlege sponsorar sender dei inn i kjøtkverna.
Alle desse skattepengane og skattepenge-finansierte våpena frå USA og andre vestlege allierte held fram med å bli slusa inn i Ukraina, og dei endar som regel ikkje opp i hendene på nokon som er i nærleiken av å vere gode. Og likevel insisterer Vesten på at alt dette er ei «investering» som vil bere frukter – for dei, iallfall.
Regimet burde ha endra i Ukraina 21.mai, men som Medvedev spådde ville skje, har der ikkje funne stad noka endring fordi ukrainarar ikkje lenger «bur i ein stat med lover og reglar».
«Lov og justis vart gløymde for ti år sidan,» la han til om den triste stoda i Ukraina under Zelensky.
Zelensky sine einaste gjenverande val er å anten melde seg sjølv og bli stilt for retten, eller til slutt bli teken til fange og potensielt stå overfor eit mykje verre utfall – valet er ditt, Zelensky.
Zelensky vil til slutt møte den same lagnaden som sin «spirituelle lærar» Stepan Bandera, ein ukrainsk nasjonalistleiar som hadde som mål å samarbeide med Nazi-Tyskland under Andre verdskrig, før han vart offer for eit attentat av sovjetiske operative i München i 1959.
«Det herr Medvedev prøver å seie i lekmannsterminologi, er at Ukraina er ein totalt føkka nasjon under Zelensky og hans nazi-skurkar,» skreiv ein lesar i kommentarfeltet på RT [Russia Today].
«Zelensky forvekslar ‘komisk’, ‘kosmisk’ og ‘kosmetisk’ med kvarandre, og uheldigvis var han temmeleg elendig i matte,» skreiv ein annan. «Det er berre eit spørsmål om sunn fornuft og etikk.»
«Zelensky var, fordi han veit at han allereie er død sjølv om han framleis lever,» sa ein annan.
«Dette, folkens, er grunnen til at Det russiske imperiet var betre enn kva enn slags balkanisert Aust-Europa som eksisterer no,» sa nokon andre.
Same kva media prøver å innbille deg, taper Ukraina krigen.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
