Russiske diplomatar får nye rørslerestriksjonar i Polen

Grzegorz Adamczyk i ReMix News rapporterer:

Den polske utanriksministeren Radosław Sikorski har erklært nye restriksjonar på reisene til russiske diplomatar i landet, dette som ein respons på Russlands påståtte hybrid-krigføring på EU-territorium.

I ein tale etter eit møte med EU-motstykke i Brüssel sist måndag [27.mai 2024], sa utanriksministeren at avgjerda om å plassere russiske diplomatar under eit meir restriktivt regime, kom som respons på involveringa til Russland i ein hybridkrig mot EU, inkludert Polen.

Restriksjonane vil gjelde staben på ambassadar og konsulat, og avgrense reiserørslene deira til spesifikke regionar. Russiske diplomatar vil bli haldne i den sentrale Mazowieckie-provinsen, medan konsular vil bli avgrensa til provinsane der konsulata deira ligg. Derimot vil ikkje desse avgrensingane gjelde den russiske ambassadøren.

Sikorski la til at andre EU-land allereie har innført liknande tiltak.

«Vi håper at Den russiske føderasjonen vil behandle desse restriksjonane som eit særs alvorleg åtvaringssignal,» sa Sikorski.

Russland kjem til å respondere på ein måte som «den russofobiske polske toppleiinga vil angre mykje på», sa talskvinna i utanriksministeriet, Maria Zakharova, i respons på trekket til Polen. Det russiske nyheitsbyrået RIA Novosti sa at Russland ser på slike handlingar, som den til Polen, som fullstendig urettferdiggjorte, og at dei sjølve har lagt ut i detalj om at vestlege land har utført fleire forsøk på å forstyrre interne russiske affærar.

Avgjerda om å avgrense rørslene til russiske diplomatar i Polen kjem etter at ein har samla evidens for at Russland var involvert i sabotasje på polsk jord som del av ein større kampanje i EU. Sikorski avslørte at ein mann som nesten greidde å utføre eit sabotasjeåtak i Polen har blitt arrestert, og andre mistenkte er under etterforsking.

Den polske statsministeren Donald Tusk sa sist veke at der var tydelege bevis på sabotasje gjort av russiske etterretningstenester i Polen, slik som mordbrannåtak og valdelege åtak mot enkeltpersonar.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget