Russlands utanriksminister Lavrov: «Krigspartiet» i Kiev gjer fredssamtalar umoglege

RT rapporterer:

Dei noverande styresmaktene i Kiev er «likegyldige» overfor interessene til det ukrainske folket, seier den russiske utanriksministeren Sergey Lavrov, og gjentek det at Moskva ser på Vladimir Zelensky som ein illegitim leiar.

(Sjå òg «Putin seier Zelensky ikkje lenger er den legitime presidenten i Ukraina», publisert 27.mai 2024.)

Ukraina vart bedne om å halde eit presidentval 31.mars, men røystinga vart sett på vent på ubestemt tid på grunn av krigslovene som vart innført etter at Russland lanserte sin militæroperasjon i nabostaten i februar 2022. Perioden til Zelensky var meint å gå ut 20.mai.

I eit intervju med Rossiya Segodnya [«Russland i dag»] publisert torsdag [23.mai 2024?] var Lavrov framleis skeptisk til ei diplomatisk løysing på konflikten.

«‘Krigspartiet’ sit med makta i Kiev og prøver, med sine eigne ord, å oppnå siger ‘på slagmarka’. Det er vanskeleg å førestille seg dialog om fred under slike omstende,» sa han.

Han la til at utsiktene til samtalar vart gjort endå vanskelegare av Zelensky sitt 2022-dekret om «umoglegheita» for forhandlingar med den russiske presidenten Vladimir Putin. Når det gjeld den noverande statusen til Zelensky, peikte Lavrov på Putin sin nylege pressekonferanse der han argumenterte at Zelensky har mist legitimiteten sin.

«Vi håper at før eller seinare vil politiske aktørar dukke opp i Ukraina som ikkje er likegyldige overfor interessene til folket,» sa Lavrov. «Per dags dato er den ingen andre alternativ enn å halde fram spesial-militæroperasjonen heilt til måla med den blir møtte.»

For at diplomati skal lykkast, «må Vesten stoppe å pumpe Ukraina fullt i våpen, og Kiev må slutte med kampane,» sa utanriksministeren. «Dess raskare det skjer, dess raskare kan politisk stabilisering byrje.»

I ein samtale med journalistar tysdag [28.mai 2024?] argumenterte Putin at det ukrainske lovverket som regulerer krigslover «seier imot» den ukrainske grunnlova fordi grunnlova ikkje nemner utviding av presidentperiodar. Putin, som viste til ein «førebels analyse», antyda at i staden for Zelensky, er det det ukrainske parlamentet – Verkhovna Rada – og deira talar som har «den einaste legitime makta» i landet.

Rada-talar Ruslan Stefanchuk skreiv på Facebook onsdag [29.mai?] at «Vladimir Zelensky vil forbli president i Ukraina heilt til krigslova sluttar å gjelde, alt i samsvar med grunnlova og ukrainske lover.»

Meiningsfulle forhandlingar mellom Russland og Ukraina braut saman våren 2022 etter at Kiev gjekk vekk frå samtalane etter råd frå Storbritannia. Putin har avfeia det komande juni-toppmøtet i Sveits som eit forsøk på å presse Russland til å akseptere krava til Kiev. Russland har ikkje blitt invitert til samtalane.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig (som ønskjer det elles fabelaktige RT kunne vise til datoar når dei snakkar om vekedagar i artiklane sine…).

Kommenter innlegget