CDC seier at symptom på fugleinfluensa inkluderer å ha INGEN symptom

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:

I ei erklæring som går tilbake til dei mørke dagane til covid-bløffen, har Centers for Disease Control and Prevention (CDC) hevda at eit av symptoma på H5N1 fugleinfluensa hjå menneske er «å ikkje ha nokon symptom».

Er du klar for at styresmaktene rullar ut drakoniske nedstengingar, munnbind og påbodne vaksinar for å «beskytte» deg frå folk som visstnok har fugleinfluensa, endå dei ikkje er sjuke?

«Sjukdom hjå menneske på grunn av fugleinfluensa-infeksjonar har, i grad av alvorlegheit, gått frå ingen symptom eller mild sjukdom, til alvorleg sjukdom som resulterte i død,» ifølgje den oppdaterte CDC-nettsida om fugleinfluensa.

Alle som følgjer med på manøvrane til eliten, kan tilgjevast for å tru at vi opplever vår eigen Groundhog Day [norsk tittel «En ny dag truer»; film der hovudpersonen opplever den same dagen om og om igjen; oms.an.].

Trass alt stengde jo eliten ned verda for å «beskytte» oss mot covid, eit virus dei skildra som eit frykteleg «alvorleg, akutt luftvegssyndrom» med symptom som inkluderer «ingen symptom».

Utruleg nok, i det hovudstraumsmedia hevdar er eit «samantreff», har ein Bill Gates-finansiert fugleinfluensa-vaksine for H5N1-stammen akkurat blitt starta opp i kliniske forsøk.

Gates ser ut til å kunne håve inn på krisa, og publiserte ei ytring om ei global avtale om å distribuere vaksinen til u-land.

«Filantropen» som framfor kamera promoterer vaksinar som sine «beste investeringar» som gjev ei avkasting på tjue til éin, ser ut til å ha spådd framtida med nifs nøyaktigheit nok ein gong.

Dette er verkeleg Groundhog Day.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig (som i skrivande stund har ei intens kjensle av déjà-vu…)

Kommenter innlegget