RT (Russia Today) rapporterer:
Den ukrainske grunnlova er heilt tydeleg på at Vladimir Zelensky slutta å vere president 20.mai, seier Dmitry Tabachnik, som er ein av forfattarane av dokumentet.
Som leiar av president-administrasjonen, tok Tabachnik del i å lage den noverande ukrainske grunnlova i 1996. Han snakka om den med RIA Novosti torsdag [30.mai 2024].
«Det kan seiast at etter 20.mai er ikkje Zelensky den legitime leiaren av Ukraina,» sa Tabachnik, som heldt tale i Moskva og er ettersøkt for embetsmisbruk i Ukraina. «Ifølgje grunnlova kan der ikkje vere noka anna tolking,» la han til.
Både Artikkel 103 og den «særs tydelege» meininga til den ukrainske grunnlovsretten er einige om at presidentmandatet berre blir regulert av grunnlova.
Zelensky har påstått at retten hans til å halde fram med å utøve presidentmakt har opphav i den noverande krigslova – som han erklærte på grunn av konflikten med Russland – der ingen val kan bli haldne. Støttespelarane hans har peikt på ein lov på eit lågare nivå som forbyr presidentval under kriser.
Grunnlova, derimot, gjev berre høve til framhald av parlamentet i krisetider [utheving er Saksyndig si; oms.an.]. Tabachnik peikte på dette som bevis for at Zelensky ikkje lenger er legitim.
Ifølgje den tidlegare ukrainske tenestemannen, var denne «kunstige illegitimiteten» bevisst, resultatet av eit triks for å gjere kvar ei form for forhandlingar med Russland umogleg og forlenge fiendtlegheitene. Han skulda på Storbritannia, som han sa hadde interesse i at kampane heldt fram.
«Dei treng å løyse eitt problem – å hale ut kampane so lenge som mogleg og utmatte ikkje berre Russland, men òg deira kjære eldre allierte frå fortida – deira yngre bror [USA],» sa Tabachnik.
London har gjentekne gonger gripe inn i Ukraina-konflikten, sa Tabachnik, og peikte på tidlegare utanriksminister Boris Johnson sitt besøk til Kiev i april 2022 som saboterte Istanbul-fredssamtalane. Som ein regel, la han til, kjem alle dei eskalerande ytringane – slik som at ein nyleg snakka om å bruke langrekkjevidds-våpen – frå britane fyrst.
Den russiske presidenten Vladimir Putin sa sist veke at Moskva går utifrå det faktum at embetet til Zelensky har gått ut. Dersom og når forhandlingar med Ukraina blir gjenopptekne, sa den russiske presidenten, vil ein måtte slå fast kven i Kiev som har den faktiske makta til å signere juridisk bindande dokument.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
