Veteran avslører den fryktelege metoden som blir brukt for å utføre eutanasi på menneske i Canada

Clare Marie Merkowsky på nettstaden LifeSite News skriv:

Medan den blir marknadsført og pusha under dekke av å vere smertefri medkjensle, kan metoden som blir brukt for å drepe kanadiarar under nasjonen sitt eutanasi-program Medical Assistance in Dying (MAiD), faktisk samanliknast med vasstortur.

Under ein episode sendt 6.mai av podcasten til den anerkjende anti-woke kanadiske psykologen Jordan Peterson, avslørte Sheren, ein kampveteran og artilleriskyttar i det kanadiske militæret, at legemiddela som blir brukt i MAiD rett og slett tek livet av ein person gjennom sakte drukning.

«Det eg fann ut i går som verkeleg uroa meg, var mekanismen bak den faktiske prosedyren,» byrja ho, og samanlikna den noverande praksisen i Canada med den til Nazi-Tyskland. «Grunnen til at folk i Canada som får MAiD ser fredelege ut, er at dei blir gjeven paralytika [legemiddel som lammar kroppen; oms.an.] fyrst, slik at dei blir fullstendig lamma, so blir dette legemiddelet administrert som eitt av dei fire, og so byrjar dei å drukne.»

Sheren viste til eit vitnesbyrd frå kanadiaren dr. Joel Zivot, viseprofessor i anestesi og kirurgi ved Emory ved University School of Medicine i Atlanta, Georgia.

I februar 2021 tilbakeviste Zivot påstanden til den kanadiske regjeringa om at Midazolam, eit legemiddel brukt i MAiD, gav «angstdemping» og «komfort til pasienten».

I staden vitna han overfor det kanadiske Senatet om at «muskelavslappande, når dei blir brukt i MAiD, produserer død gjennom kveling».

«MAiD-protokollen forårsakar høgst sannsynleg overfylte lunger på ein liknande måte som det som har blitt observert i meir enn 200 tilfelle av dødeleg injeksjon i USA,» sa han, og viste til ein Freedom of Information Act-førespurnad som inneheldt obduksjonane av rundt 300 amerikanarar som vart avretta ved hjelp av dei same legemiddela som er ein del av det kanadiske MAiD-programmet.

Ifølgje Sheren «viste 85% av dei kroppane ein dobla auke av vassinnhald i lungene. Det som skjedde var at når dette legemiddelet blir prakka på dei, forårsakar det drukning, og det blir sagt at det liknar det å døy av vasstortur eller drukning.»

I sitt vitnesbyrd forklarte Zivot at dei muskelavslappande legemiddela som blir gjevne under MAiD «vil produsere det som på utsida ser ut som ro, som ein konsekvens av muskellamming som feilaktig og gjentekne gonger har blitt skildra som ein fredeleg tilstand.»

«Den einaste måten å tilbakevise hypotesen om at MAiD-protokollen forårsakar oppsamling av væske i lungene og død som liknar på drukning, er å framskaffe kanadiske data gjennom obduksjonsstudiar på minst 200 individ som har blitt avliva ved hjelp av MAiD,» argumenterte han.

Sheren avslørte vidare at kanadiarar som fekk MAiD, kunne drukne på innsida ei stund medan kroppane deira var fullstendig lamma.

«Dying with Dignity [«døy med verdigheit»] seier at dette er ein smertefri død,» sa ho. «Vel, dersom du tek MAiD via munnen, tek det mellom 30 minutt og 24 timar.»

«24 timar med aktiv drukning medan du er lamma av eit legemiddel,» erklærte Sheren.

«Dette er korleis Dying with Dignity i den kanadiske regjeringa har forkledd MAiD, medan dei tilbyr det til kanadiske veteranar i staden for behandling, slik at dei ikkje treng å betale pensjon for dei, eller betale for helseomsorga deira,» klaga ho.

Sheren avslørte vidare at den kanadiske regjeringa har valt å gje borgarane sine ein frykteleg og stundom langdryg død som ein måte å spare inn på ekte helseomsorg.

«I 2021 hadde dei ein bruttoreduksjon i helseomsorg på 19,2 millionar dollar,» sa ho. «Då dei byrja med MAiD, sparte dei (…) 22 millionar ekstra.»

«Kort fortalt sparte helsesystemet, berre ved å utføre MAiD i staden for å faktisk gje folk lindrande behandling, 86,9 millionar,» heldt Sheren fram.

«Vi fortener langt betre enn dette, og det gjer òg barna våre og resten av borgarane våre. Vi fortener ikkje dette i Canada,» slo ho fast.

«Eg har sett dette bli gjort med nokon,» heldt ho fram. «Du ønskjer ikkje at det skal skje med nokon. Det ville ha vore lettare å berre ha bunde steinar rundt føtene mine og kasta meg i sjøen, enn det er å døy av MAiD. Det er ein frykteleg måte å døy på.»

I Canada gjeld ikkje MAiD enno for psykisk sjuke, sidan den liberale regjeringa valde å setje på vent fram til 2027 utvidinga av eutanasi til å gjelde dei som berre lid av slike sjukdommar, dette som ei følgje av motbør og kritikk frå kanadiarar og prominente legar.

I januar [2024] gjekk provins-helseministrar eit steg lenger enn å søkje utsetjing av provisjonen; dei kravde at tiltaket skulle bli utsett «på ubestemt tid». Denne førespurnaden har enno ikkje blitt akseptert.

Dei nylegaste rapportane viser at MAiD er den sjette høgaste dødsårsaka i Canada. Derimot vart den ikkje lista opp som dette i Statistics Canada si topp-10-liste over dødsårsaker frå 2019 til 2022. På spørsmål om kvifor MAiD ikkje var med på lista, forklarte byrået at dei registrerer sjukdommane som fekk kanadiarar til å velje å avslutte livet sitt med eutanasi, ikkje den faktiske årsaka til død, som den primære dødsårsaka.

Ifølgje Health Canada døydde 13 241 kanadiarar i 2022 av dødelege MAiD-injeksjonar. Dette utgjer 4,1% av alle dødsfall i landet det året, ein auke på 31,2% frå 2021.

Medan tala for 2023 enno ikkje har blitt offentleggjort, peiker alle indikasjonar på ein situasjon som er endå meir dyster enn i 2022.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget