Ekspert åtvarar: Sverige er på randa av borgarkrig på grunn av eklatant INNVANDRARVALD!

Zoey Sky i Natural News rapporterer:

Sverige kan vere på randa av borgarkrig i det landet ser fleire og fleire alarmerande tilfelle av innvandrarvald.

Göran Adamson, seniorføredragshaldar i sosiologi ved Uppsala universitet, åtvara at Sverige er i ferd med å bli om til ein farleg «valdshovudstad», delvis på grunn av at mistenkte kriminelle flyttar til landet i store tal.

Ifølgje offisielle tal frå BRÅ (Brottsförebyggande rådet) [«råd for kriminalitetsførebygging»], er talet dødsfall i året per million på grunn av skytevåpenvald meir enn det dobbelte av Europa-gjennomsnittet.

I 2017 viste data at der var 281 skyteepisodar i Sverige. Per 2022 har talet vakse til 391, der 62 av dei hadde dødeleg utfall.

Ifølgje Office for National Statistics [«kontor for nasjonalstatistikk»], vart 28 menneske drepne i Storbritannia av skyting i eittårsperioden som tok slutt i mars 2022. Dette antydar at den svenske dødsraten på grunn av skytevåpen var meir enn det dobbelte av den til Storbritannia, sjølv om den svenske befolkninga berre er ein sjettedel av den britiske i storleik. (Relatert: Tidlegare britisk immigrasjonsminister: Migrantar gjer meir skade enn godt på den britiske økonomien.)

Dataa avslørte òg at skytevåpendrapsraten i Stockholm, sjokkerande nok, var minst 30 gonger høgare enn den var i London, trass at Stockholm har ei befolkning på mindre enn ein million [London har over ni millionar innbyggjarar, nesten 15 millionar om ein tek med forstader og liknande; oms.komm.].

Auke i kriminalitet knytt til auka innvandring i Sverige

Adamson forklarte at hovudlommene av vald i den svenske hovudstaden ikkje finst i sentrum av byen, men heller i nabolaga i bustadområde.

Han la til at valden er alarmerande, og at den ofte er knytt til forstadene utanfor Stockholm «fordi enkelte av desse forstadene er ekstremt valdelege, og at alt berre blir verre og verre».

Ein forskingsartikkel som Adamson publiserte i 2020, sette søkjelys på ein samanheng mellom den markante auken i kriminalitet og den betydelege auken i innvandring i Sverige.

I artikkelen skreiv Adamson at i 2017, hadde 58% av dei som var «mistenkte for kriminalitet på rimeleg grunnlag» hadde innvandra til Sverige. Derimot, for drap, drapsforsøk og aktlaust drap hadde tala skote i vêret til 73%. Dei korresponderande dataa for ran låg på rundt 70%.

Adamson sa at sjølv om fleirtalet av innvandrarar er lovlydige, er sannsynet for at ein innvandrar, spesielt nokon frå Midtausten eller Afrika, og spesielt yngre enn 50, «utfører eit brotsverk er mykje, mykje høgare enn det er for ein svensk person. Dette er rett og slett fakta.»

Adamson, ein akademikar med doktorgrad frå London School of Economic and Political Science, gjorde det tydeleg at han ikkje var ein «populist», og la til at «materialet er ikkje det minste politisk, og berre basert på statistikk». Funna hans blir støtta av ein BRÅ-studie.

Mellom 2015 og 2018, ifølgje offisielle data, låg prosentdelen av innfødde svenskar fødde av svenske foreldre som var mistenkte for brotsverk på minst 3,2%. Det talet auka til 8% for folk fødde i utlandet, og steig til meir enn 10% for folk fødde i Sverige av to utanlandske foreldre.

Påstanden til Adamson om overrepresentasjonen av innvandrarar frå Midtausten og Afrika vart òg støtta av BRÅ, som rapporterte at prosentdelen av brotsverk «er større blant dei som er fødde i regionane Vest-Asia, Sentral-Asia og ymse regionar i Afrika.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget