Europeisk domstol avgjorde i 2020 at PCR-testar er 97% upålitelege for diagnostisering av covid, men media ignorerte det

Ethan Huff i Natural News skriv:

Portugisiske dommarar, som atter bekreftar ei avgjerd frå ein lågare domstol, har avgjort at fire tyske ferieturistar sat i ulovleg karantene i Portugal under Wuhan-koronavirus (covid-19)-«pandemien» basert på bedragersk PCR-testing, som viste seg å vere opptil 97% upåliteleg.

Dei fire tyskarane reiste til Portugal på ferie, testa «positivt» for Kina-viruset basert på PCR (polymerase-kjedereaksjon)-testar, som det portugisiske rettssystemet innrømmer ikkje er ein gyldig måte å oppfange førekomst av covid.

Dommen, som vart levert 11.november 2020, følgde etter ein anke levert av alle fire tyskarane mot den regionale helsestyresmakta i Azorane.

«Dette organet hadde levert inn anke på ein dom frå ein lågare domstol som hadde dømt i favør av turistane, som påstod at dei vart ulovleg haldne innesperra på eit hotell utan samtykke,» rapporterte Peter Andrews for RT.

«Turistane fekk ordre om å halde seg på hotellet heile sommaren etter at ein av dei testa positivt for koronavirus med ein PCR-test – dei andre tre vart definerte som nærkontaktar, og difor òg sett i karantene.»

(Relatert: PCR-testing var ein svindel heilt frå byrjinga av.)

PCR-testing for covid er eit bedrag

Ankedomstolen i Lisboa avgjorde til slutt at den regionale helsestyresmakta i Azorane braut både portugisisk og internasjonal lov ved å tvinge dei fire tyskarane til å halde seg isolerte og innesperra på eit hotell.

Dommarane i saka avgjorde at berre ein lege kan «diagnostisere» ein person med ein sjukdom, ikkje politikarar basert på ikkje-fungerande PCR-testing. Det viser seg at ingen av dei fire tyskarane på noko tidspunkt vart skikkeleg diagnostiserte av nokon lege før dei med tvang vart sett i karantene.

Dommarane retta òg skarp kritikk med PCR-testing generelt, og skreiv i den 34 sider lange konklusjonen til dommen at protokollen er ubrukeleg frå eit vitskapleg perspektiv.

«I lys av noverande vitskapleg evidens, viser sjølve denne testen seg å vere ute av stand til å avgjere utover rimeleg tvil at slik ein positivitet faktisk korresponderer med infeksjonen av ein person med SARS-CoV-2-virus», skreiv dei.

Med andre ord avgjorde det portugisiske rettssystemet at ein «positiv» PCR-test ikkje tilsvarer eit covid-tilfelle, same kor mykje media og politikarane argumenterer for at det gjer det.

«Pålitelegheita til testen er avhengig av kor mange syklusar som blir brukt,» skreiv dommarane. «Pålitelegheita til testen er avhengig av virusmengda som er til stade.»

I USA og Europa vart den typiske «syklusgrensa» [engelsk cycle threshold] for PCR-testing sett til mellom 35 og 40, men ekspertar seier at sjølv 35 er altfor høgt til å vere nøyaktig. Mange av dei tilråder ei lågare syklusgrense på 25-30 i staden for.

Data offentleggjort frå tre amerikanske delstatar – Massachusetts, New York og Nevada – viser i tillegg at opp tol 90% av dei som testa «positivt» for covid under «pandemien» truleg aldri hadde viruset på grunn av dei feilaktige syklusgrense-innstillingane.

Dersom nokon testar «positivt» for covid ved ei syklusgrense på 35 eller høgare, er sjansen for at personen faktisk er smitta mindre enn tre prosent, erkjenner dei portugisiske domstolane. Dei sa òg at «sannsynlegheita for… å få ein falsk positiv er 97% eller høgare».

Syklusgrensa som blir brukt av portugisiske laboratorium er ukjent, noko som berre gjev meir støtte til domstolavgjerda om at heile greia rett og slett var ein svindel frå byrjinga av.

«Testing, spesielt PCR-testing, er grunnlaget for heile korthuset av covid-restriksjonar som skaper kaos over heile verda,» skriv Andrews.

«Frå testing kjem talet [covid-]tilfelle. Frå talet tilfelle kjem ‘R-nummeret’, raten ein berar smittar andre. Frå dei ‘frykta’ R-tala kjem nedstengingar og restriksjonar.»

Covid-bløffen er framleis med oss meir enn fire år etter at den vart lansert.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget