Michael Baxter på satirenettstaden Real Raw News skriv:
Ikkje før hadde ein kompromittert jury funne president Donald J. Trump skuldig for 34 oppdikta tiltalar, før ein heil gjeng høgtrangerte militærfolk forlét Biden-regimet i favør av å hjelpe president Trump og Dei kvite hattane med å éin gong for alle sparke djupstatsglobalistar på ræv ut av det amerikanske landskapet.
Torsdag ettermiddag fekk general Eric M. Smith visstnok telefonoppringingar, tekstmeldingar og e-postar frå 300 offiserar i Dei væpna styrkane – av dei høgste grader – som sa at dei hadde vore blinde for sanninga, men plutseleg sett lyset då dei høyrde den Soros-sponsa dommaren Juan Merchan seie til ein djupt liberal jury at dei ikkje trong einstemmigheit for å dømme president Trump – noko som, sovidt vi veit, er aller fyrste gong ein sitjande dommar gav ulovlege instruksar for å få eit ønskt utfall i ei sak.
Ei kjelde på generalens kontor kviskra til Real Raw News at dei 300 offiserane inkluderer skvadron- og divisjonskommandørar frå alle greiner i Dei væpna styrkane, og logistikkoffiserar som kontrollerer flytting og handtering av militærmateriell.
«Det er som om dei fekk ei openberring, ei oppvakning,» sa kjelda vår. «Eg har ikkje kjennskap til planen til Trump, og eg trur ikkje general Smith kjenner heile greia, men det er mogleg at president Trump forventa at noko slikt skulle skje. Han har den unike evna til å sjå fleire trekk framover.»
Dersom det er reelt at offiserane forlét regimet, vil det markere den viktigaste utvandringa sidan Biden knabba valet i 2020. Derimot tek ikkje general Smith noko for god fisk, sidan han har blitt lurt og dermed vil saumfare dei som snur kappa etter vinden eller dei som sit på gjerdet for å luke ut agents provocateurs og tvilsame Biden-spionar.
Dei ærlege, sa kjelda vår, vil mest sannsynleg bli benåda, medan løgnaktige offiserar vil angre bittert på at dei prøvde å infiltrere dei kvite hattane – og desse vil døy som dei forrædarane dei er.
På spørsmål om kvifor generalen er so grei mot forrædarar, sa han: «Det er ikkje for å vere grei – det er for å skaffe seg full oversikt. Vi har kjempa ein krig på fem frontar, og det og det er inga hemmelegheit at vi er strekt altfor mykje utover, slik Bilbo Baggins sa i Ringenes herre, «som smør spreidd utover altfor mykje brød». Han må ta med i reknestykket at mange av desse offiserane vart truga, rundlurt eller bondefanga av regimet. Vi har sett dette før, at offiserar skiftzr side.»
Oberst Ryan Kendall, kommandør av den tolvte flybrigaden, og 35 av hans underkommandørar sendte general Smith førre veke eit brev der dei skreiv at dei ikkje lenger ville forsvare ein falsk president som handla imot Grunnlova og amerikanske interesser og kravde amnesti. Kjelda vår sa at general Smith og oberst Kendall snakka i fire timar og hadde nådd ein avtale, sjølv om han ikkje ville gå i detalj.
«Å avrette kvar einaste ‘svarte hatt’ som ønskjer å vende tilbake til flokken, føler generalen blir irrasjonelt. Enkelte fortener ein sjanse til, men andre gjer ikkje det, og det blir opp til general Smith og rådet å avgjere,» sa kjelda vår.
Som vi har gjort i fortida, bad vi kjelda vår om å kvantifisere kven blant dei væpna styrkane sine 237 000 offiserar som er kvite hattar, svarte hattar eller gjerde-sitjarar.
«Eg kan ikkje dele det opp slik fordi vi veit ikkje eingong kva 237 000 folk tenkjer til ei kvar tid. Eg kan seie at djupstats-avhoppingar finn stad jamleg, fleire vil skje, og dette inneber ei fundamental forskyving i maktbalansen. Det er ille for Biden, men godt for oss.»
Omsett av redaktøren i Saksyndig.
