Kvar femte tyskar ønskjer eit «kvitare» landslag i fotball

RT rapporterer:

21% av tyskarar ville gjerne ha sett fleire kvithuda spelarar representere landet sitt under internasjonale fotballturneringar, har ei nyleg spørjeundersøking indikert. Brukarar på sosiale media og profesjonelle spelarar har vore raske med å gå til åtak på rikskringkastaren ARD for å stille spørsmålet i fyrste omgang.

Spørjeundersøkinga vart utført i byrjinga av april av Infratest dimap, og spurde 1304 stemmeberettiga tyskarar. Studien vart bestilt som del av ein dokumentar med tittelen «Einskap og rettferd og mangfald – nasjonallaget mellom rasisme og identifisering».

Ifølgje funna i spørjeundersøkinga som vart publisert sist laurdag [1.juni 2024], var 21% av informantane einige med ytringa: «Eg ville ha likt det betre om fleire kvite spelarar spelte på det tyske landslaget.» Den kjensla vart ikkje delt av 65% av dei som vart spurde.

I tillegg sa 17% av dei spurde at dei var misfornøgde med at laget vart leia av Ilkay Gundogan på grunn av hans tyrkiske opphav. I kontrast til dette hadde 67% av dei spurde ingen problem med etnisiteten til kapteinen.

Spørjeundersøkinga viste at blant tilhengjarar av det høgreorienterte Alternarive für Deutschland (AfD), sa 47% at dei ville ha likt å sjå eit «kvitare» lag. Røystarar frå Det grøne partiet låg i motsett ende av spekteret, der berre 5% sa dette.

Joshua Kimmich, ein medlem av det tyske fotballandslaget, uttrykte forferdig laurdag, og kalla resultata «absolutt rasistiske».

«Fotball kan sameine ulike hudfargar og religionar,» argumenterte han.

Stjerna frå FC Bayern München kom òg med skarp kritikk av kringkastaren som bestilte spørjeundersøkinga: «Det er absolutt absurd å stille slikt eit spørsmål no like før eit europeisk fotballmeisterskap på heimebane, spesielt når dette arrangementet faktisk sameinar heile landet,» meinte spelaren.

«Spørjeundersøkinga frå ARD er absolutt kontraproduktiv,» konkluderte Kimmich.

Fleire lesarar på X (tidlegare Twitter) og Instagram har òg kritisert sjølve premisset til spørjeundersøkinga.

Som svar på desse kommentarane forklarte filmskaparane bak dokumentaren og spørjeundersøkinga som er med der, at i løpet av arbeidet deira møtte dei forteljinga om at der er for få etniske tyskarar som speler fotball på profesjonelt nivå i landet. Mannskapet sa at dei «verkeleg ikkje ønskte å gjenta dette [basert på anektodisk evidens], men heller basere det på solide data.»

«Vi er sjølve sjokkerte over at resultata er slik dei er, men dei er òg ein representasjon av den sosiale situasjonen i dagens Tyskland,» la filmskaparane vekt på.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget