Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er fiktive. Sjå òg «Morfin-Mona misforstår bodskapen», publisert 26.mai 2024.
På sjølvaste 17.mai vart ei splitter naken Morfin-Mona kasta på ei av glattcellene på politistasjonen i hjartet av Bergen sentrum. Inne i det vesle, vindaugslause kottet var det ei blå plastmadrass og ein simpel metalldass utan sete. Ho ramla over ende og fall på rygg so dei enorme jura heldt på å kvele ho. Med sine korte, feite bein og armar låg ho der og kava som ein stranda kval medan ho ropte av fulle lungers kraft. Dei to politibetjentane rista blåsande på hovudet då dei stengde igjen den særs tunge metalldøra som på innsida bar merke etter skallar og knyttnevar som øydela seg i febrilske, fånyttes forsøk på å kome seg ut.
«Litt av nokre lunger på den kjerringa,» sa den eine karen til den andre då dei gjekk nedover den lange korridoren. Han masserte det eine øyret med ein grimase.
«Ja, og verst av alt er at ho høyrest akkurat ut som Erna Solberg,» sa den andre.
«Seier du det? Eg synest ho høyrest meir ut som Gro Harlem Brundtland.»
«Hehe, det dei begge har til felles er vel at ingen vil høyrast ut som dei.»
Dei to mannfolka humra i det dei gjekk inn på det vesle vaktrommet. Der stod det ein liten tresetar, eit vaklevorent bord og ein lenestol. Eit lite tekjøkken var i hjørnet, og nytrekt kaffi stod klar, saman med ei lita marsipankake med raud, kvit og blå glasur.
«Jaja, skiftet vårt er over om to timar, og då tek vi helg,» sa den eine.
«Det var faen ikkje eit sekund for tidleg!» sa den andre. Dei to forsynte seg med kaffi og kake. Den eine sette seg i lenestolen, den andre humpa ned i tresetaren.
«Fytti helvete, for ei god kake!» utbraut han som sat i lenestolen. – «Er det Ann-Mari som har laga den?»
«Det smaker Ann-Mari lang veg, ja. Ein kan omtrent suge den i seg! Saftig og fin!»
«Ja. Saftig og fin. Akkurat som Ann-Mari.»
I det fjerne høyrde dei hamring, dunking og gauling frå Morfin-Mona. Dei to rista på hovuda medan dei himla med auga.
«Lat oss håpe ho roar seg snart. Elles blir det slitsamt for kveldsvaktene.»
«Ho går vel lei etter kvart, får vi håpe. Dei roar seg alltid til slutt når dei innser at der er ingen veg ut.»
Dei to flirte med synleg skadefrygd i dei firskorne, barske polititryna.
«Forresten…» byrja den eine då han reiste seg for å forsyne seg med eit kakestykke til. – «Er dassane på glattcellene fiksa? Dei var jo tette i dag tidleg.»
«Dei er på ingen måte fiksa. Pottetette alle saman.»
«Har ingen ringt etter røyrleggjar?»
«Nattskiftet ringde før dei stakk heim. Røyrleggjar no på 17.mai og pinsehelga kjem ikkje på tale. Dei skulle ha 94 000 for å rykkje ut!»
«Hæ? So mykje?»
«Ja, det er jo raud dag og alt. Og dei må kome heilt frå Samnanger.»
«Har vi ikkje røyrleggjarar i Bergen lenger?»
«Han eine fyren som har vakt bur i Samnanger. Og han krev reisegodtgjersle og pendlartillegg for å rykkje ut til andre kommunar enn Samnanger.»
«Oi… Jaja, ho pissar vel ikkje so mykje, får vi håpe.»
Bankinga og gaulinga vart ein tanke meir intens. Han i lenestolen reiste seg og gjekk bort og lukka døra til vaktrommet igjen. So forsynte han seg med meir kake.
«Kor lenge skal vi halde ho her nede?» spurde han då han sokk ned i den behagelege lenestolen igjen.
«Vel, vi arresterte ho på grunn av blotting utan samtykke,» svarte den andre, han sleikte formeleg fatet sitt reint. – «Det er jo 17.mai i dag, og laurdag i morgon. Instruksar frå høgste hald seier at alle som er mistenkte for seksuallovbrot, skal framstillast for politijuristen. Og ho kjem ikkje på jobb før tidlegast tysdag i neste veke.»
«Ikkje før tysdag?»
«Nei, det er jo pinsehelg, so måndag er òg raud dag, sidan det er andre pinsedag.»
«Hmm, det blir lenge å høyre på den grylinga. Ho høyrest jo ut som ein gris som blir slakta.»
«Lat ho berre gryle. Vi skal snart heim. Og dersom det skulle knipe på med toalettproblema, kan dei jo berre kaste inn ei bøtte til ho.»
«Kva med mat og drikke?»
«Hehe, ‘kva med mat og drikke’… Har du blitt blaut på dine eldre dagar? Dersom ho blir tyrst nok, kan ho jo berre drikke sin eigen urin. Den er jo steril med det same den kjem ut av kroppen.»
«Ja… Enkelte av dei vi hentar og får psykiatri-innlagt meiner jo urin er sunt.»
«Huff, ja. Eg byrjar å bli ein tanke lei av alle desse ‘velferdstilsyna’. Eg vurderer å søkje meg over i UP.»
«Eg vurderer å bli etterforskar. Det er visst kjekt, har eg høyrt.»
«Er etterforsking kjekt? Det er vel ingenting som er kjekt med etterforsking!»
«Jau, eg synest det.»
«Det er ikkje som på film, veit du.»
Eit langt, skjerande hyl laud frå glattcella. Dei to krympa seg.
«Vi må sjå å få isolert veggane her betre,» sa den eine.
«Jaja, kveldsskiftet kjem snart. Lat oss ete meir kake.»
«Skal vi ikkje late det bli igjen noko til dei?»
«Pff, Ann-Mari laga jo denne kaka til oss. Då må vi gjere ho den æra. Ingenting sårar ei dame meir enn at folk ikkje et opp kaka ho lagar.»
«Hmm, eg kan i forbifarten kome på tjue andre ting som sårar ho meir. Men kake ligg nok høgt på lista, ja.»
Grylinga og bankinga gjekk gjennom merg og bein. Det sa dunk, dunk, dunketi-smell, bom-bom-bombadabom. Vræææææl gjekk som eit grovkorna bakteppe av øyrestøy.
«Helvete, som den kjerringa baurar.» Han rista på hovudet. – «Vi må skaffe oss øyreproppar. Dette ligg nesten over den akseptable og tillatne desibel-grensa i arbeidsmiljøet.»
«Vi får ta det opp på neste personalmøte. Her må vernetenesta inn i biletet. Ingen skal bli høyrselsskadde på jobb.»
Den eine letta litt på slipset og knepte opp ein knapp i den blå skjorta.
«Er det ikkje jævla varmt her nede?» spurde han. – «Eg sit jo i ro og sveittar.»
«Ja, det er noko i vegen med temperaturreguleringa. Vi hadde tenkt å ringje teknisk, men vi gløymde det. Verst er det nok inne på glattcellene. Denne hersens nymotens teknologien, veit du. Leiinga skulle aldri ha investert i jordboren varme. Dersom teknikken streikar, blir det jo varmare!»
«Akk, ja. Eg er glad eg ikkje sit i ei av dei cellene. Stakkars jævlar.»
«Vel, no er det jo berre Mona som sit der.»
«Då er ho nok god og varm. Men ho har jo ikkje kle på seg.» Han fekk eit skummelt glis der han sat. – «Ikkje eingong den kvite pleieuniforma ho gjekk med på korttidsavdelinga der bestemora mi døydde for fem år sidan.»
«Ja, eg hadde ei eldre tante som vart avliva av Morfin-Mona tilbake i 2018.» Han andre hadde eit like skummelt glis. – «Hmm, her må det då vere nærare 30 grader. Kor varmt trur du det er på glattcellene?»
«Minst 40!» Han smilte frå øyre til øyre. – «Det er heitt som helvete der no.»
«Flott.» Han heldt seg til magen. – «Faen, kor stinn eg er. Eg har ete altfor mykje kake.»
«Same her. Og eg skal liksom til svigers og ete rømmegraut etter arbeid.»
«Eg skal ut på Sotra og ete grillmat hjå systera mi og ungen hennar.»
«Er det ho som er vernepleiar?»
«Nei, ho jobbar i verna bedrift.»
«Hæ? Er ho utviklingshemma?»
«Nei, ho jobbar som miljøterapeut i verna bedrift. Tenk litt! Ho er jo åleinemor til ein seks år gammal gut.»
«Du kan vel vere åleinemor sjølv om du er utviklingshemma, vel!»
«Ja, men då kjem jo Barnevernet og tek ungen. Med oss på slep, naturlegvis.»
Nok eit høgt, skjerande, grovt skrik laud frå den dritvarme glattcella.
«Hald kjeft der inne!» small det bistert frå ei stemme ute i korridoren. Inn på vaktrommet kom kveldsskiftet, som var ein mannleg og ein kvinneleg politibetjent.
«Ikkje eit sekund for tidleg!» utbraut dei to politibetjentane nærast i kor og reiste seg sakte opp på beina, dorske og stinne etter all den gode kaka.
«Har de arrestert Erna Solberg?» spurde politidama.
«Betre,» svarte den eine karen med eit nifst flir. – «Vi har arrestert Morfin-Mona.»
«Seriøst?» både politidama og hennar mannlege kollega fekk smil som nesten gjekk i sirkel. – «Faen døtte meg ikkje ein dag for tidleg! Har dei endeleg teke ho på fersken i å myrde pasientar?»
«Nei, vi fann ho vandrande gatelangs splitter naken.»
«Hah, so ho har tørna. Godt. Då kan vi halde ho her til over helga, før ho får vurdering av lege. Kanskje vi kan få ho innlagt på Sandviken under den paragrafen vi bruker på konspirasjonsteoretikarar og urindrikkarar.»
«Du meiner §3-3 i Lov om psykisk helsevern?» spurde den mannlege ettermiddagsvakta.
«Du tok orda ut or munnen min,» svarte politidama med ein tommel i vêret. – «So… Då gjev de oss altso instruksar om å halde Morfin-Mona på den cella heilt til tysdag? Og ikkje sleppe ho ut under nokon omstende?»
«Ikkje om det brenn her.»
«Flott…!» Ho fekk eit oppglødd uttrykk i ansiktet. Brystvortene vart synlege på den blå politiskjorta. – «Då får de ha god fri. Og nyte resten av 17.mai.»
«De får ha god vakt. Dersom de ikkje tørnar av all gaulinga og dunkinga.»
«Vi har vore ute ei bråkete vinternatt før.»
Dei smilande politifolka skilde lag. Og Mona heldt fram med å gaule, vræle, dunke, hamre og slå.
