Peter Imanuelsen, betre kjent som Peter Sweden, skriv på sin Substack:
Eg har nokre nyheiter frå Sverige som i høgste grad viser akkurat kor ille situasjonen faktisk er.
Ei ny liste frå Numero har rangert kor trygge og utrygge ymse byar i verda er.
Den svenske byen Malmö som har fleire no-go-soner [stader ein av ulike årsaker ikkje kan besøke; oms.an.], ligg på 76.plass over dei farlegaste byane i heile verda, og ligg mellom Portland [i USA] på nummer 75 og Teheran på nummer 77.
Faktisk ligg Malmö berre nokre få plassar etter Bagdad i Irak!
Kva er då den farlegaste byen i verda, lurer du sikkert på? Den plassen går til Caracas, hovudstaden i Venezuela – eit sosialistisk land.
Men Malmö er ikkje den einaste svenske byen på lista. Stockholm ligg på 157.plass og Göteborg på nummer 154.
Derimot er andre nordiske land mykje fredelegare. Oslo ligg på 244.plass og Helsinki i Finland ligg på nummer 305.
Men kan du gjette kva som er den farlegaste byen i Europa? Det er nok Marseille på nummer 40, tett følgt av Birmingham og Coventry i Storbritannia.
Sverige brukte å vere eit særs fredeleg land. Faktisk eit av dei fredelegaste landa i heile verda.
Men noko har skjedd.
I fjor fann det stad sjokkerande 149 bombeåtak i Sverige. Dette er det høgaste talet åtak for eit land som ikkje er i krig.
Vi har nesten 60 no-go-soner der gjengkriminalitet har kome ut av kontroll. Og problemet er at i mange år har hovudstraumsmedia prøvd å dekkje over det. Ingen ønskjer å snakke om det.
Men eg [Peter Sweden] har rapportert omfattande om problema i Sverige.
Du kan lese ein tidlegare artikkel frå meg om sanninga om valdtektskrisa i Sverige.
På nesten 50 år har der vore ein auke på utrulege 2200% i talet valdtekter i Sverige. Det er frykteleg.
Dersom du nokosinne treng bevis på at sosialisme ikkje fungerer, berre vis dei denne artikkelen.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
