Kjelder på innsida av WEF og ICC: Klaus Schwab og andre i globalist-eliten vil få dødsstraff for brotsverk mot menneskeheita

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:

Leiande globalistar skal ofrast på folkeraseriets alter for rollene sine i covid-plandemien, ifølgje nokon på innsida av Den internasjonale straffedomstolen, som avslørte at førebuingar er undervegs for Brotsverk mot menneskeheita Nürnberg 2.0-rettssaker i Haag.

Globalist-eliten har gjort sitt beste for å sleppe helvete laust på jorda dei siste fire åra, men vi, folket har halde oss sterke, teke vare på verdigheita vår, og eksponert løgnene deira ei etter ei.

Dei som har misbrukt oss har blitt trengde opp i eit hjørne, og blir tvinga til å innrømme løgnene som dei har vove. Dei vil at vi skal tilgje og gløyme, men vi har ikkje tenkt å late det skje.

Dei mest høgtståande medlemmene av den globale eliten oppfører seg no som rotter som forlèt eit søkkande skip, og det er vår jobb å sikre oss at dei ikkje slepp unna. […]

WEF-medgrunnleggjar Klaus Schwab sjokkerte nyleg verda då han annonserte planar om å trekkje seg frå frontfigur-rolla si.

Sjokktrekket førde til febrilsk debatt i hovudstraumsmedia om hans potensielle etterfølgjar, der mange sa at tidlegare statsminister i Storbritannia og krigsforbrytar i Den nye verdsordenen Tony Blair, er den leiande kandidaten bak scena.

Der er ingen mangel på globalistar som stiller seg i kø for å slavebinde menneskeheita, men det ekte spørsmålet er kvifor Schwab plutseleg valde å forlate skipet?

Dette er mannen som skrytte at han skulle leie WEF etter fylde 100 år, og som sa til den tyske kanslaren Olaf Scholz at han kom til å sitje med makta lenger enn han.

Ifølgje medlemmer av ICC [Den internasjonale straffedomstolen; oms.an.] som er i ferd med å byggje Nürnberg 2.0-saka mot globalistar for brotsverk mot menneskeheita, er ikkje Schwab den einaste globalist-frontfiguren i panikkmodus.

Nøkkelfigurar i World Economic Forum, FN og WHO tel dagane fram til deira diplomatiske immunitet blir tilbakekalla og arrestordrar gjevne.

Netanyahu er berre den fyrste krabben i rekkja no når globalist-eliten blir stilt til ansvar for brotsverka sine.

Lista av globalistar i skotlinja er endelaus, og dekkjer politikk, djupstaten, Big Pharma og hovudstraumsmedia – og dei alle veit at dei snart er tomme for tid.

Lat oss som eit døme ta dr. Anthony Fauci, som visstnok skal førebu seg på å flykte USA til eit land i Karibia utan utleveringsavtale når Trump tek tilbake makta i Det kvite huset i november.

Det er ikkje tilfeldig at Schwabs unge globale leiarar trekkjer seg i hopetal.

Ifølgje påtalemakta er brotsverka til den politiske leiarskapen i Storbritannia, Canada, Australia og New Zealand mykje verre enn dei til Netanyahu, og involverer eit langt høgare tal offer.

New Zealands Jacinda Ardern var den fyrste rotta som forlét det søkkande skipet, og hennar sjokkerande retrett var den fyrste av mange.

Justin Trudeau er for tida i ferd med å forhandle med påtalemakta for å unngå å bli utsett for den offentlege skamma knytt til barnerelaterte seksuallovbrot på toppen av brotsverk mot menneskeheita når han blir kasta ut av embetet sitt av eit forbanna land neste år.

Melinda Gates skilde seg frå ektemannen Bill då ho fann ut at han hadde føreteke hemmelege besøk hjå Jeffrey Epstein i New York og på hans private øy Little St. James, betre kjent for kallenamnet sitt Pedophile Island [«pedofili-øya»].

Ifølgje påtalemakta held Melinda òg på å flykte frå marerittet å bli funnen skuldig i brotsverka til Bill and Melinda Gates Foundation, den globalistiske dødsstjerna som forkler seg som ein filantropisk organisasjon.

Og flykte burde ho gjere, fordi dei på innsida avslører at skuldig-dommane for den globale eliten vil bli straffa med dei same dommane som dei skuldige i Nürnberg-rettssakene fekk.

Den britiske parlamentsmedlemmen Andrew Bridgen har kravd at Bill Gates og elite-«covid-kabalen» skal få dødsstraff for sine «brotsverk mot menneskeheita» under covid-pandemien.

Tida til eliten er nesten ute, og dei på innsida samarbeider no omfattande med å opprette saker.

Sonen til World Economic Forum-medgrunnleggjar Hussain Najadi har varsla om brotsverka til eliten, og krev no arrestasjon av Schwab og andre WEF-leiarar, Bill Gates, WHO-leiarskapen og leiarar i Big Tech og Pfizer.

Pascal Najadi er sonen til Hussein Najadi, ein bankier som grunnla World Economic Forum med Klaus Schwab i 1971, før han trekte seg ut ti år seinare fordi han følte avsky overfor Schwabs dystopiske visjonar for framtida til menneskeheita.

Pascal Najadi seier at han og mora hans no er døyande på grunn av covid-vaksinen, som han kallar «gift, og som vart pressa på menneskeheita av den globale eliten.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget