Ny sjokkerande studie avslører kvifor jenter får mensen tidlegare

Great Game India rapporterer:

Tidleg menarke [den fyrste menstruasjonen; oms.an.] blir stadig meir vanleg blant unge jenter enn det brukte å vere i tiåra som har gått; denne endringa er knytt til ufordelaktige helseutfall på lang sikt.

Ifølgje ein nyleg studie som vart publisert 29.mai i JAMA Network Open, har prosentdelen jenter som byrjar å menstruere før 11-årsalderen auka over tid, og snittalderen for menarke har for det meste lege konstant på rundt 12 år.

Byrjinga på den månadlege hormonelle syklusen og det reproduktive livsløpet blir indikert av menarke eller den fyrste menstruasjonsperioden. Den markerer òg byrjinga på den kvinnelege puberteten.

The Apple Women’s Health Study, utført av forskarar ved Harvard T.H. School of Public Health, såg på data frå meir enn 71 000 amerikanske kvinner som vart fødde mellom 1950 og 2005. desse kvinnene kom frå ei rekkje sosioøkonomiske bakgrunnar og etnisitetar. Måla deira var å finne ut kor gamle desse kvinnene var då dei hadde sin fyrste menstruasjonssyklus, og kor lenge det tok for syklusane å bli jamlege.

Ifølgje spørjeundersøkinga, samanlikna med omtrentleg 9% av kvinner fødde mellom 1950 og 1969, byrja nesten 16% av kvinnene fødde mellom 2000 og 2005 sine menstruasjonssyklusar mellom 9 og 11 års alder. Vidare blir kvinner som held fram å ha ujamne menstruasjonsperiodar i tre år eller lenger etter menarke stadig vanlegare, ifølgje forskarfunn.

Individ som var asiatiske, hispaniske, ikkje-hispaniske svarte, eller av andre eller fleire rasar eller etnisitetar, hadde konsekvent større sannsyn enn ikkje-hispaniske kvite individ for å oppleve tidleg menarke når trendar var stratifiserte [lagdelte; oms.an.] av rase og etnisitet.

Basert på eit utval av 9865 menneske, avgjorde ein utforskande analyse at kroppsmasseindeks, som kalkulerer kroppsfeitt basert på høgd og vekt, kan utgjere 46% av trenden. Vitskapsfolka peikte på at ratar av sjukeleg overvekt hjå barn [engelsk childhood obesity] stig i USA, og at sjukeleg overvekt [engelsk obesity] er ein risikofaktor for tidleg pubertet, som kan forklare trenden mot tidlegare menarke. Omfanget som variasjonar i tidleg KMI [kroppsmasseindeks] påverkar mønsteret er derimot uvisst. For dei gjenverande 54% av menneska, er grunnen til at dei opplever menarke tidlegare enno ukjent.

Menstruasjonssyklus blir sett på som eit viktig helseteikn

Menstruasjonssyklusen blir av American College og Obstetricians and Gynecologists (ACOG) [«amerikansk kollegium for fødselslegar og gynekologar»] sett på som ein kritisk faktor for generell helse, og kvar ein normalitet kan peike på underliggjande problem slik som stoffskifte-sjukdommar, hormon-ubalanse eller andre sjukdommar. Fordi immunceller i livmora opplever betydelege endringar og hjelper til med å gjere livmorhinnene tjukkare eller tynnare, påverkar menstruasjonssyklusen òg immunforsvaret.

Jenter får vanlegvis sin fyrste menstruasjonsperiode mellom 12 og 13 år, ifølgje ACOG, men jamlege menstruasjonssyklusar tek fleire år å utvikle. Tenåringar kan ha ujamlege menstruasjonar fram til kroppane deira blir vande med dei endrande hormonrytmane.

Tidleg start av mensen kan forårsake helseproblem

Den nye studien er del av ein veksande korpus av forsking som korrelerer tidlegare menarke og lengre tid før den blir jamleg med ein høgare risiko for fleire helseproblem, inkludert diabetes, astma, multippel sklerose, metabolske forstyrringar, patologiske tilstandar, sjukdommar i hjarte-og karsystemet og auka dødelegheit.

Tidlegare menarke hjå kvinner og lengre tid til å etablere jamleg menstruasjon vart knutt til ein høgare risiko for dødelegheit av alle årsaker, og årsaksspesifikk dødelegheit, ifølgje ein studie publisert i Annals of Epidemiology i 2021. Samanlikna med jenter som hadde sin fyrste menstruasjon i ein alder av 13, hadde dei som menstruerte fyrste gong i ein alder av 11 eller yngre, større risiko for å døy av diabetes, brystkreft og andre patologiske tilstandar.

Ifølgje ein studie publisert i Cancer Research i 2021, har tilårskomne kvinner som opplevde tidleg start av menstruasjon større sannsyn for å utvikle sju ulike krefttypar som eit resultat av tidleg eksponering for kjønnshormon.

Ifølgje ein systematisk gjennomgang og meta-analyse publisert i PLOS Medicine i 2020, har jenter som får menarke tidlegare i livet større sannsyn for å utvikle Type 2-diabetes og har dårlegare glukosetoleranse som vaksne.

Ein tidlegare alder for menarke er knytt til auka risiko for endometrisk kreft, ifølgje ein meta-analyse av åtte prospektive studiar som omfattar 4553 deltakarar som hadde denne krefttypen. Dei same forfattarane si tidlegare forsking avslørte òg ein «statistisk betydeleg invers samanheng» mellom seinare menarke og eggstokk-kreft.

Forsking indikerer òg at tidleg menarke kan auke eit barns risiko for å utvikle multippel sklerose. Ein ufordelaktig menstruasjonssyklus med forseinka byrjing er følgt av ein nedgang på 36% i risikoen for å bli diagnostisert med multippel sklerose for kvart år menarke er forsinka, ifølgje ein prospektiv studie utført i Canada. […]

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget