Ethan Huff i Natural News rapporterer:
Djupstaten er ute etter å ta Alex Jones med sine nylege forsøk på å stengje ned heile Infowars-operasjonen hans, komplett med ei tvinga likvidering av hans aktiva og hengjelåsar på dørene til studioet hans. Offentleg raseri resulterte i at etablissementet trekte seg tilbake ein tanke, i det minste for denne gong – og no har Jones snakka med Mike Adams, the Health Ranger, for å diskutere kva som har skjedd.
I ein fersk episode av The Health Ranger Report, som kan sjåast her, diskutere Adams og Jones kva som gjekk føre seg i forkant av dette åtaket på ytringsfridommen. Dei snakka òg om den globalistiske «terraforming»-konspirasjonen og trugselen om «romvesen-KI», blant andre viktige tema.
Dei same kreftene som prøvde å stengje ned Jones, prøver òg å stengje ned tidlegare president Trump, forklarte Adams tidleg i innslaget.
«Desse kreftene som er allierte mot deg og mot Trump, kjem til å gjere absolutt alt som dei kan sleppe unna med,» forklarte Adams rundt fem minutt ut i videoen.
«Du kastar eit lys på desse folka. Du sikrar deg at dei ikkje kan gjere dette i skjul av mørket. Dersom dei prøver å stengje ned Infowars, kjem det til å bli den største feilen dei nokosinne har gjort, nest etter den feilen det var å straffeforfølgje Trump for hans 34 oppdikta brotsverk.» […]
Den stygge framtida til USA
I om lag dei fyrste 15-20 til minutta av nemnde video, diskuterer Adams og Jones alle dei stygge detaljane av det som førde til at regjeringa gjekk etter Jones og studioet hans nyleg. Dei diskuterer òg Wuhan-koronavirus (covid-19)-«pandemien» og det tilknytte tapet av liv, som no er på veg over i «fugleinfluensa» og det som ser ut som Tredje verdskrig.
«Det er ein kosmisk krig mot livet,» seier Adams om desse stadige forsøka av globalistane på å avfolke planeten gjennom alle slags listige metodar.
Rundt 23-minuttsmerket forklarte Adams korleis den amerikanske republikken etter hans syn er tapt, med ingen måte å snu kursen. Det einaste som gjenstår å gjere, er å føre vidare «ånda» til USA på den beste måten vi veit.
«Republikken er i ferd med å mislykkast. Den fell ifrå kvarandre. Pengesystemet, valutaen, kjem ikkje til å bli redda.»
Jones seier at atomstridshovud vil byrje å fly før den rådande makta i det heile teke tenkjer på å gje opp. So fort dei veit at dei har tapt på ekte, vil dei ikkje vike tilbake for noko som helst i sin iver etter å øydeleggje planeten på sin veg mot helvete.
Dette inkluderer geoengineering og «terraforming», so vel som å sleppe laus utanomjordisk, eller demonisk, kunstig intelligens (KI)-program designa for å utslette menneskeheita.
So fort dollaren syng sin svanesong, vil det ikkje lenger finnast eit militær-industrielt kompleks. Soldatar vil ikkje lenger få lønna si, som tydar at den noverande verdsordenen ikkje lenger kan haldast ved like imperialistisk sett, og den vil falle fullstendig saman i kollaps.
«Åtaka vil kome momentant mot amerikanske basar av alle dei andre landa som USA har bomba opp gjennom åra,» seier Adams. «Dette kjem til å bli dommedag… so førebu dykk på alle måtar de kan.»
Når det gjeld KI-overtakinga som for tida er i gang, ser både Adams og Jones ut til å vere einige om at noko utanomjordisk eller demonisk står bak teknologien. Og sokalla «klimaendring» eller «global oppvarming» er del av konspirasjonen om å øydeleggje alt liv, menneske- so vel som dyreliv, slik at utanomjordisk teknologi kan ta over verda.
«Endringa av atmosfæren, fjerninga av CO2 (karbondioksid), vil øydeleggje heile matnettet på planeten Jorda, og det er målet til klimakultistane,» åtvarar Adams.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
