Peter Savodnik på nettstaden The Free Press skriv:
Mange i Vesten ser ut til byrje å godta valden som ein gong sjokkerte oss.
Førre veke gjekk ein 25 år gammal afghansk mann på ein knivstikkar-runde på ein marknadsplass i Mannheim i sørvestlege Tyskland, der han drap ein politimann og såra fem andre.
I videoen av åtaket kan ein sjå mannen, som ein ikkje har offentleggjort namnet på, gjentekne gonger knivstikke fleire menneske – inkludert politibetjenten i bakhovudet og halsen – heilt til ein annan politibetjent skyt gjerningsmannen.
Alt vi veit om den døde politibetjenten er at namnet hans var Rouven L., at han var 29, og at han prøvde å stoppe eit åtak på Michael Stürzenberger, ein velkjent bloggar som har vore kritisk overfor islam. (Stürzenberger vart såra, men ikkje kritisk.)
Det tok fire dagar før nokon i uniform eller med eit embete sa offentleg det som var openbert, som var at det hadde noko å gjere med islamisme.
«Islam høyrer til Tyskland, men det gjer ikkje islamisme,» skreiv justisminister Marco Buschmann på Twitter tysdag [4.juni 2024]. «Det er ei dødeleg form for fanatisme. Der er no tydeleg evidens på eit islamistisk motiv for brotsverket i #Mannheim.»
Denne siste valden er del av ein veksande storm av islamistiske knivstikkingar, opptøyar og valdelege demonstrasjonar som er i ferd med å sluke Vesten, der Europa står i sentrum av malstraumen.
Desse inkluderer:
Biskopen og presten som vart knivstukne under ei gudsteneste i ein Sydney-forstad i april. Deira 16 år gamle gjerningsmann, som vart foreviggjort på livestream-video, ropte: «Allahu Akbar.»
Dei fire menneska tilknytt «valdeleg islamistisk ekstremisme» som vart arresterte i mars i Stockhholm.
Mike Freer, ein britisk parlamentsmedlem, som erklærte at han trekte seg frå veret i slutten av januar for å ikkje ende opp død. I årevis har Freer gått med knivstikk-sikker vest på grunn av trugslar frå islamistar. (Kollegaen til Freer, David Amess, vart myrda i oktober 2021. Mordaren hans, Ali Harbi Ali, hadde valt seg ut regjerings-tenestepersonar som støtta luftåtak på Bashar Assad sitt Syria.)
Morda og dei valdelege åtaka i Frankrike og Belgia sidan Hamas-åtaket i Israel 7.oktober – inkludert tsjetsjenaren som drap ein lærar i Arras, Frankrike, i oktober; den tunisiske nasjonalisten som, nokre dagar seinare, skaut og drap to svenskar og såra ein annan i Brüssel; og den muslimske mannen som drap ein tysk turist i Paris i desember.
Masse-knivstikkinga i november 2023 under ein fest i Crépol i sørlege Frankrike, som førde til at ein 16-åring døydde og to andre vart alvorleg såra. Gjerningsmennene var ein mobb av muslimske tenåringar, der ein av dei visstnok skulle ha sagt: «Vi er her for å drepe kvite.»
Dei to homofile mennene i Sligo, Irland, som vart torturerte og halshogde i april 2022 av ein muslimsk mann som hadde innvandra dit som barn frå Irak. Tenestepersonar og LGBTQ-aktivistar portretterte morda som spesifikt homofobiske, men der var eit openbert religiøst ekstremisme-element i det. Den mistenkte, Yousef Palani, sa til politiet at homofili var «ei synd» og at «du finn ikkje mange muslimske som er homofile og religiøse».
Masseskytinga i Oslo i juni 2022, der to døydde og 21 vart såra. Politiet kalla det ei «islamist-terrorisme-handling».
Dei fem tenåringane som vart arresterte i april i år i Düsseldorf og Stuttgart i Tyskland, etter skuldingar om å planlegge eit «islamist-motivert terroråtak».
Den nesten dødelege knivstikkinga av romanforfattaren Salman Rushdie i delstaten New York i august 2022, av ein radikalisert New Jersey-mann som hadde foreldre som hadde emigrert frå Libanon.
Og, naturlegvis, veksande frykt for islamist-vald under Dei olympiske sommarleikane i Paris neste månad. Franske styresmakter skalerte nyleg tilbake planar for opningsseremonien. «Hovudtrugselen er islamist-terrorisme», sa ein tenesteperson.
På toppen av alt dette har der vore ein eksplosjon av sinte, urolege, ofte valdelege pro-Hamas-demonstrasjonar som har portrettert slaktinga og valdtekta av jødar som ei slags gledefull frigjering – frå London til Amsterdam til Berlin.
Sist gong islamist-vald feia over Europa, frå 2014 til 2017, då Den islamske staten kontrollerte storparten av Syria og Irak og deira tilhengjarar pepra Frankrike, Storbritannia, Tyskland og Belgia, kjendest det ut som ei mykje større historie. Det var meir sjokkerande, meir frykteleg.
No ser folk ut til å ha godteke valden. Dei ser ut til å forstå at dette har blitt eit permanent trekk i det vestlege samfunnet. At dette er noko vi rett og slett må lære oss å leve med.
Der er eit mønster i måten desse tinga har tendens til å utfalde seg: fyrst oppmodar dei fleste medieformidlarar og valde tenestepersonar alle til å halde tilbake fordømming før vi trekkjer nokon konklusjonar om kva som har skjedd. So – når vi oppdagar at islamistar er ansvarlege – flyttar fokus på samtalen seg straks over til «høgreekstreme», xenofobar, den rasande, rasistiske mobben.
Faren er ikkje dei som utførde drapa, men dei som kan bli provosert av drapa – valdsspekteret deira er ein større trugsel enn sjølve valden.
Eller offera sjølv blir forvandla til igangsetjarar av valden som vart utført mot dei: Var ikkje Michael Stürzenberger, bloggaren som vart knivstukken i Mannheim, ein «ekstremist»? Var ikkje dei 12 redaksjonsmedlemmene i Charlie Hebdo som vart myrda på Paris-kontoret sitt i 2015 rasistar?
Vegringa mot å kalle gjerningspersonane for det dei er, eller det å flytte skulda for åtaket over på offera, er korleis rett-tenkjande set eit visst kognitivt rom mellom seg sjølve og dei med upopulære meiningar.
Og so let dei rett-tenkjande det passere, trekkjer på skuldrene, og går over til neste overskrift. Privat, kanskje i senga ved sida av ektemaken sin, lurer dei på: Kva skal vi gjere?
Å vakne opp til den kampen – for ikkje å snakke om det å kjempe den – vil ikkje bli lett. Europa har vore i ein slags etterkrigsdøs i nesten åtte tiår, og sjølv i dag ser dei som styrer ut til å problem med å samle særleg mykje energi når det gjeld å forsvare sine nasjonale interesser eller, i vidare omfang, dei til Vesten.
Salwam Momika, ein irakisk flyktning i Sverige som vart oppdregen som kristen og som har byrja å brenne koranar offentleg, artikulerte synspunkta til kven veit kor mange då han skreiv på Twitter tysdag: «Som ein ateist må eg vere realistisk og tru at Vesten må vende tilbake til sine kristne røter slik at den kan kjempe mot prosjektet som er å islamisere Vesten.»
«Islam kan ikkje kjempast mot med liberal naivitet eller med demokratiske lover,» heldt han fram, «fordi islam trur ikkje på demokrati, men utnyttar det til å invadere Vesten og islamisere landa.»
Har han rett? Eller kan Vesten kjempe mot den islamistiske trugselen utan å vende ryggen til dei verdiane, slik som demokrati og liberalisme, som gjorde det til nettopp Vesten?
Utan den samtalen vil ytre høgre – det ekte ytre høgre – sanneleg falle i avgrunnen. Dei vil sende av sporet heile det liberale prosjektet. Medlemmer av ytre høgre-partiet Alternative für Deutschland, har til dømes lufta ideen om massedeportering av muslimar, inkludert tyske nasjonalistar.
Akkurat no dei det nest mest populære partiet i landet.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Alle linkar er å finne i originalartikkelen.
