Den ungarske statsministeren: EU er i «krigspsykose»

RT rapporterer:

EU har falle inn i «krigspsykose» i Ukraina-konflikten sa den ungarske statsministeren Viktor Orbán, og argumenterte at dette tankesettet nesten sikkert vil føre til utsending av vestlege soldatar til landet.

I eit intervju med Radio Kossuth fredag [7.juni 2024], sa Orbán at Vesten «nærma seg slutten på moglegheitene sine» for at konflikten mellom Moskva og Kiev skal ta slutt, og la til at «alle som hevdar at der ikkje er nokon umiddelbar fare for krig, fører folket bak lyset».

«Berre ein blind person ser ikkje at der er ein krigspsykose i Europa, der den logiske konklusjonen vil bli ankomst av militæreiningar frå dei vest-europeiske landa til ukrainsk territorium, i beste fall ikkje på frontlinja,» sa statsministeren.

Orbán sa at, trass at spenningane nærmar seg kokepunktet, «døyr håpet sist», og det pågåande Europaparlamentsvalet kan forhindre krisa i eit visst omfang.

Den ungarske leiaren seier at dersom konflikten ikkje veks utover den russisk-ukrainske fronten dei neste vekene, «so tidleg som november dersom [den amerikanske presidentkandidaten] Donald Trump vender tilbake, og med eit godt Europa-val bak oss, kan vi lage ein fredskoalisjon som dekkjer heile Vesten og Atlanteren» for å gjere slutt på fiendtlegheitene.

Orbán insisterte at Ungarn må late vere å ta del i noko som helst NATO-oppdrag i Ukraina, og sa at dersom soldatane til Budapest skulle gjere noko slikt, ville dei bli kommandert av offiserar utpeikt av den USA-leia militærblokka. «Dersom dette skjer, har vi tapt ein særs viktig del av suvereniteten vår,» sa han, og la til at Ungarn allereie betalte ein økonomisk pris for konflikten.

Budapest har konsekvent kritisert den vestlege tilnærminga til Ukraina-konflikten, og åtvara at den kan resultere i ei eskalering og eit direkte NATO-Russland-samanstøyt. EU-landet har òg gått imot våpenleveringar til Kiev og kravd umiddelbare våpenkvile-samtalar.

Dei har òg teke til motmæle mot kommentarar frå den franske presidenten Emmanuel Macron, som har føreslege at Vesten ikkje burde utelukke alternativet å sende soldatar til Ukraina, og åtvara at slikt eit trekk kan utløyse Tredje verdskrig.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget