Den filippinske regjeringa held eksplosive høyringar om den stupande fødselsraten og dei skyhøge overtalsdødsfalla relatert til covid-«vaksinane»

Lance D Johnson i Natural News rapporterer:

Det filippinske Representantane sitt hus driv no og aktivt etterforskar veksten av overtalsdødsfall og den fallande fødselsraten etter utrullinga av covid-19-vaksinar. Joint House Committees on Public Order and Safety on Human Rights adresserer ein auke på 43% i dødelegheitsratar frå 2021-2023, samanlikna med ein 2% auke i tidlegare år (2016-2020).

27.februar 2024 byrja komiteen å halde høyringar om overtalsdødelegheitsratane. Den skarpe auken av dødelegheit vart primært observert, ikkje i 2020 under den «globale pandemien», men i 2021 og 2022 under ei global covid-19-vaksine-utrulling. Denne sokalla vaksinen var eit globalt eksperiment, basert på bedrag og implementert med omfattande tvang og makt.

(Sjå òg «Representantanes hus i Filippinane avviser blankt WHO sine tillegg til Dei internasjonale helseretningslinjene», publisert 2.desember 2023.)

Den filippinske regjeringa prøver å handtere 260 000 uforklarlege overtalsdødsfall i 2021

Komiteen identifiserte 260 000 uforklarlege overtalsdødsfall i 2021, og ytterlegare 67 000 i 2022. Komiteen, leia av representantane Dan Fernandez og Bienvenido Abante Jr., leiar undersøkinga (House Resolution 1481), basert på data frå Philippine Statistics Authority (PSA).

Sally Ann Clark, ein uavhengig forskar, presenterte desse funna til komiteen, og påpeikte ein korrelasjon mellom vaksineutrullinga og auken i dødsfall. Ho rapporterte ein konsekvent auke i dødsfall i alle vaksinerte aldersgrupper, og antyda at vaksinane var ein vesentleg bidragsytar til desse overtalsdødsfalla. Analysen til Clark indikerte at nesten ein halv million overtalsdødsfall fann stad fram til september 2023, følgt at ein nedgang på nesten ein million fødslar dei same åra, noko som reflekterer eit vedvarande fall i fødselsraten sidan 2019.

«Der finst inga rasjonell forklaring på dødsfalla bortsett frå vaksinane, og dødsfalla er tidsmessig knytte til vaksinane,» skreiv Sally Ann Clark på sin Substack.

Auken i overtalsdødelegheit fann spesifikt stad i mars 2021, då vaksineprogrammet fyrst vart rulla ut. I juli og august 2021 vart auken endå meir markant, og korrelerte med utrullinga av Janssen sine covid-19-vaksinar. «Der var ein stor auke i dødsfall nøyaktig parallelt med det,» vitna Clark. Då vi kom til 2022 var der framleis ein auke i overtalsdødsfall, i gjennomsnitt 8-9% større enn i pandemiåret 2020. Ifølgje dataa hennar har der funne stad minst ein halv million overtalsdødsfall i Filippinane sidan vaksineutrullinga, og problemet held fram den dag i dag.

Clark kom med data til kongressmann Zia Alonto Adiong då House Committee-medlemmer diskuterte dei skrekkelege implikasjonane av WHO sin føreslegne pandemi-traktat – ein avtale som vil vidareføre det same vaksine-holocaust-en som i 2021-2023 med endå større kraft, medan dei dekkjer opp vaksine-holocaust-en som held fram gjennom dei endelause og nådelause booster-kampanjane.

Krav om ansvarleggjering aukar no når vaksine-avfolkingsplanane blir avslørte

Den fjerde høyringa om overtalsdødsfall i Filippinane vart halden 28.mai 2024. Høyringane sette søkjelys på samfunnsrelaterte bekymringar om handteringa av situasjonen av Helsedepartementet. Tanya Karina Lat frå LUNAS Pilipinas [sic] uttrykte frustrasjon over kor likegyldige Helsedepartementet er til biverknadene av vaksinane, og ho la vekt på behovet for ansvarleggjering av regjeringa og helsebyråa deira.

I ein tale til komiteen sa ho: «Der er filippinarar som er møkkleie av korleis DOH [Helsedepartementet] har svikta oss, og har nekta å innrømme at folk døyr. Å vende ryggen til folket som blir sjuke, turbokreft, myokarditt, barn som plutseleg blir like sjuke som om dei skulle ha vore i 60-, 70-åra.»

Ho heldt fram: «Ærverdige medlemmer, vi har sett gentlemansåtferda til DOH her dei siste fem høyringane. Dei bryr seg ikkje. Vi ser dei i auga. Der ser ikkje ut til å finnast nokon som helst sympati for menneska som har døydd, for menneska som no er fysisk handikappa på grunn av desse vaksinane.»

Dette er eksplosive høyringar. Vaksinar blir brukte til å avfolke Jorda, og folk byrjar verkeleg å sjå det for det som det er og snakke ut om det rundt om i verda.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget