Trump: Biden blir kontrollert av «særs vonde krefter»

Steve Watson på nettstaden Modernity.news melder:

Donald Trump har erklært at han kjempar mot «særs vonde krefter» som kontrollerer Joe Biden.

Under eit intervju med Dr. Phil spurde programleiaren Trump kva hans «vondaste, mørkaste augneblink» i nyare tid var.

Trump slo fast: «Du må vere svært sterk. Du kjempar mot særs vonde krefter og dei er særs smarte krefter.»

«Der er folk som kontrollerer Biden. Heilt sant. Eg trur eg veit kven dei er, stort sett. Dei er særs smarte og energiske. Kanskje trur dei genuint på det som er deira sjuke ideologi,» heldt Trump fram.

«Du må vere smart og ha ei viss grad av sjølvtillit… men du treng styrke,» la Trump til.

Trump reflekterte over valsigeren i 2016, og kalla den «ein av dei mest utrulege hendingane i landet si historie.»

«Eg forstår heilt og fullt at den vonde òg forsvinn,» sa Trump òg, og refererte til tunge augneblinkar.

Ein annan stad i intervjuet la Trump til at «den tyngste delen for meg er truleg familien min. Fordi det er særs urettferdig for familien. Eg har ei svært god kone. Ho leser denne skiten. Eg har flotte ungar.»

«Eg har ei vedunderleg kone. Eg meiner, det er ikkje lett for ho å lese dette stoffet – det er falskt – det er falskt stoff,» sa Trump.

Heile intervjuet kan sjåast her.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget