Joe Biden påstår han har kjent Vladimir Putin i 40 år – sjølv då han var ein ung KGB-agent

Jim Hoft i The Gateway Pundit melder:

Gamlingen Joe var i gang igjen no i helga.

Den mislykka Demokraten sa til journalistar at han har kjent Vladimir Putin i 40 år. Putin var ein KGB-agent for 40 år sidan i 1984, og var ikkje offentleg kjent.

Putin er 71 år gammal. Han ville ha vore 31 då Joe sa at dei møtte kvarandre.

Det skjedde ikkje.

The New York Post rapporterte:

«President Biden hevda torsdag [6.juni 2024] at han har ‘kjent’ Vladimir Putin ‘i over 40 år’ – trass at den russiske presidenten arbeidde som hemmeleg KGB-etterretningsoffiser heile 1980-talet.

‘Eg har kjent han i meir enn 40 år. Han har bekymra meg i 40 år. Han er ikkje ein anstendig mann,’ sa Biden (81) til ABC News-ankeret David Muir under eit intervju i Frankrike ved Den amerikanske gravlunden i Normandie i høve 80-årsmarkeringa av D-dagen.

Putin jobba som ein etterretningsoffiser i det sovjetiske spionnettverket frå 1975 til 1991, der han rapporterte til heimbyen St.Petersbrug og tidlegare Aust-Tyskland før han pensjonerte seg med grada oberstløytnant – noko som gjer det særs usannsynleg at Biden kjende til den framtidige motstandaren til USA so tidleg som han påstod.»

Dette var berre meir pisspreik frå Joe Biden.

Gamle Joe er kjent for å blåse opp kor viktig og intelligent han er.

Det er so ille at til og med venstreekstreme CNN luktar lunta.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget