Løysinga er å aldri endre seg, del 2

Ein av dei få tinga eg har til felles med Document-redaktør Hans Rustad, er at vi begge likar å gå turar i skog og mark. Dette er ikkje berre ein klisjé mannfolk lirar av seg i kontaktannonsar, enkelte likar faktisk å søkje skogens ro. Bjørn Andreas Bull-Hansen går òg turar i skogen, der han i likskap med Rustad filosoferer over tidsånda og samfunnsproblema. Turane i skogen markerer for meg ein oase av ro og fred, slik at eg kan vende tilbake til den verkelege verda med alle sine feil og manglar.

Skogen kan eg gå tur i heile dagen, og skogar er det heldigvis rikeleg av i Bergensområdet. Somme er meir besøkte enn andre, og so har vi desse hemmelege skogane som ein møter reint tilfeldig. Det er i ein av desse ikkje so godt kjende skogane at eg går tur når eg har tid, noko eg i våre dagar diverre sjeldan har. Tid og energi er absolutt mangelvare, og det viktigaste – og einaste – eit menneske verkeleg eig 100%. Ein misser det berre om ein lèt nokon stele det frå ein.

No i juni månad er det Pride for alle pengane. Sprengkåte mannfolk som aggressivt påstår at dei er kvinner går i kjolar og fetisjantrekk og viser seg fram for småbarn, gamle penbergensarar og stort sett det som kan krype og gå av nysgjerrige tilskodarar. Eit Pride-tog er verkeleg eit syn for gudar, og eg har enno til gode å faktisk sjå eit slikt tog i levande live. Strengt teke har eg betre ting å gjere, og dei får heller få «moroa» for seg sjølv. Det kjem ein dommens og skammens dag for oss alle.

Snakkar ein om skam, hadde eg framleis mitt intense møte med «Veronica» friskt i minne då eg gjekk rundt i skogen og dreiv viktig tankeverksemd. Det regna ute, so eg gjekk i allvêrsjakke og hadde med meg paraply. Dei gamle trea rundt meg glinsa av vatn, og bakken skein som eit vakkert smykke. Dersom eg hadde valet mellom å vandre rundt i ein skog i all evigheit, framfor å pinast i helvete i all evigheit, hadde eg lett valt skogen. Kva er det som er so pinefullt med å gå tur i skogen?

Ein menneskeliknande skapning viste seg brått djupt inne i skogen. So vart den var meg, og stakk vekk med raske steg. Var dette ein bjørn? Ein elg? Ein bortkommen Pride-togdeltakar i fullt fetisjantrekk? Eg håpte nesten det var ein bjørn!

For å kome med eit intellektuelt motstykke til det som var ein erotisk draum om ein tidlegare kollega – sjølv om det nok er betre for meg reint juridisk sett å skrive om sexfantasiar enn om drapsfantasiar!– so er altfor mange moderne menneske fanga i mentale fengsel som dei sjølv har skapt over lang tid. Ingen ser det store biletet, som er at sjela lever evig og skal vidare til noko anna når dette livet ein gong er forbi. Alle er fanga i augneblinken nett som dyr, og evnar ikkje å gjere noko anna enn å gafle i seg mat, for so å liggje utkånka på sofaen og fise medan dei ser på hjernedaud «underhaldning» om til dømes Pride-tog.

Eg er temmeleg sikker på at mesteparten av mannfolka i dei vakre kjolane og dei glitrande smykka har ereksjon under stakken. Dei påstår aggressivt at det er ei støtteerklæring for skeive, men kor mykje støtte skal dette vesle mindretalet eigentleg få? Sist eg sjekka avisoverskriftene, var det snakk om at noko sånt som 37% av nordmenn meinte at Pride-feiringa hadde gått for langt. Ingen andre får ein heil månads feiring. Og ingen andre har ein eigen paragraf i Straffelova som kan misbrukast sånn til dei grader.

Igjen såg eg denne mystiske menneskeskapningen. No var den endå nærare meg, og eg kunne sjå at det var ein kvinnekropp. Gjekk ho kledd i noko som såg ut som ei svart, tettsitjande våtdrakt? Eller ein gimp suit, slik som skrullingane i Pride-toget? Eit vakkert perlekjede glitra rundt halsen. No fraus ho til og stod der nett som ein statue. Vi såg på kvarandre, auga hennar var oppsperra og mørke.

Det var ei blondine, og ho gjekk kledd i ei heildekkjande drakt. Berre ansiktet og hovudet var eksponert. Antrekket avslørte den kvinnelege anatomien hennar, og den var temmeleg fin. Brysta var store, faste og struttande, og hennar heilage hòl viste so altfor, altfor godt. Ho hadde blitt sett, og kunne ikkje skjule «nakenheita» si på nokon måte.

«Øh, god morgon…!» sa ho med si søte ungjentestemme. Den dirra lett, for den stakkars dama var sprengkåt.

«Øh, hallaisen,» sa eg med eit jovialt smil. – «Ute på tur?»

«Ja, det er jo so fint her…!» Ho stod der og vrei på seg, raud som ein tomat i ansiktet. Perlene glitra so vakkert mot det svarte, glinsande stoffet. – «Eg… eg trudde ikkje andre menneske gjekk hit…! Her er jo vanlegvis aldri nokon…!»

«Nei, det er sjeldan eg møter folk her eg òg.»

Ho vende blikket til sida og beit seg i leppene. Ho såg ærleg tala ut som ho skulle eksplodere.

«Eg…! Eg må nok vidare…!» sa ho stille. – «Du får… nyte resten av turen…!»

«Takk det same.»

Deretter snudde ho på hælen og trippa i veg med raske steg. Rumpeballane dissa herleg. Eg høyrde ho utbryte eit stønnande «faaaaen…!!».

Eg lurte veldig på kor ho hadde fått tak i den drakta. Selde dei slikt på Tights.no? På Jula? Rusta? Coop OBS? Eg måtte gjere litt research. Kanskje eg til og med måtte på Kondomeriet.

Det er etter mitt syn to typar menneske i verda. Dei som vil ha endring for ein kvar pris og greier å tvinge det igjennom, og dei som helst såg at ingenting nokosinne endra seg. Av og til fryda forandring ikkje. Løysinga er i slike tilfelle å aldri endre seg, og heller krevje at verda tilpassar seg. Før eller seinare vil dei fleste gro fast, anten i mentale fengsel eller som frigjorte sjeler.

Det perfekte etterlivet – det ein skal gjere i all evigheit – er nok å liggje i det varme, inviterande mørket i si vesle boble medan ein orgasme sakte byggjer seg opp, men som aldri kjem. Ein permanent før-orgasmisk tilstand. Alt skal bli betre og betre og betre – for alltid. Og ingenting skal nokosinne endre seg.

Kommenter innlegget