RT rapporterer:
Energidrikkar har blitt den utvalde drikken for mange ukrainske soldatar i konflikten mot Russland trass helsebekymringar, rapporterte New York Times laurdag [8.juni 2024].
Ifølgje fleire ukrainske soldatar som vart intervjua av avisa, er dei sukker- og koffeinhaldige drikkane ofte den einaste måten for dei å overvinne ekstrem utmatting og halde ut den harde realiteten på frontlinja.
«Om morgonen når eg vaknar opp, treng eg ein energidrikk. Når eg skal ut på patrulje treng eg ein energidrikk. Før eit åtak treng eg ein energidrikk,» fortalde ein rekognoseringssoldat til New York Times. Han forklarte at utan energidrikkar, ville han ikkje vere i stand til å gå avstandar på opp til sju kilometer medan han bar 40 kilo utstyr, medan han går so å seie utan mat og søvn i tre dagar.
Enkelte soldatar sa til nyheitsformidlaren at dei ville heller ha teke med seg energidrikkar i kamp enn brød.
Medan enkelte tenestemedlemmer i stor grad avfeiar helsebekymringane assosiert med den konstante drikkinga av energidrikkar, sa ein ukrainsk infanteri-sersjant til New York Times at ein av hans gamle våpenkameratar, som hadde hjarteproblem og brukte å drikke ti boksar om dagen, vart funnen død med ein energidrikk i handa.
Forbruket av energidrikkar har òg skote i vêret, ifølgje ein representant for industrien, som sa at mange ukrainarar bruker dei til å takle konstante missilåtak, angst og søvnmangel.
I og med at drikkane som det blir frakta lass etter lass av til fronten har blitt ein slags «frontlinje-valuta», er marknaden for drikken på veg opp i Ukraina, ifølgje New York Times, som kalla trenden ein av dei få lyspunkta for den hardt medfarne økonomien i landet. Ifølgje industri-spørjeundersøkingar gjengjevne av avisa, har salet av energidrikkar stige med nesten 50% sidan konflikten byrja.
Den ukrainske hæren har nyleg vore på bakbeina i det russiske soldatar har avansert i Donbass og grenseregionen Kharkov, der Kiev har lide at ein akutt mangel på folk trass den nylege innstramminga av mobiliseringsreglar. Onsdag [5.juni 2024] estimerte Putin at Ukraina misser minst 50 000 tenestepersonell kvar månad, fem gonger meir enn det russiske militæret.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
