Bar i delstaten Idaho gjev gratis øl til heterofile menn – LGBTQ-gjengen er steik forbanna

Richard Brown i Natural News melder:

Ein bar i den amerikanske delstaten Idaho har møtt raseri frå LGBTQ+-støttespelarar for å ha uttrykt ønske om å feire «Heterosexual Awesomeness Month» [«heterofil fabelaktigheitsmånad»] og tilby gratis drinkar for heterofile menn i juni, som fell saman med Pride-månaden.

The Old State Saloon i Eagle, ein forstad til delstatshovudstaden Boise, erklærte at kvar må dag i juni skal vere «Hetero Male Monday». Ifølgje eit Facebook-innlegg frå baren, vil alle menn som er kledde «som ein heterofil mann» få ein gratis fatøl.

I tillegg til gratis øl søkjer baren etter folk som kan avgjere om mannlege gjester er kledde «offisielt heterofilt», og tilbyr 15 dollar i timen pluss ein gratis øl for denne jobben.

Vurderingskriteria for det som vil seie å «kle seg som ein heterofil mann» har ikkje blitt spesifiserte. På onsdagar vil heterofile par få 15% avslag på barrekninga.

Facebook-erklæringa utløyste eit vidt omfang av reaksjonar. […]

Enkelte kritiserte baren, medan andre lovpriste den for at dei var so vågale.

Ein Facebook-brukar ved namn Jenna Nash kommenterte: «Kvar dag er hetero-dag. Dei er ikkje ei marginalisert gruppe; dei er normalen. Å peike ut din heterofili under den homofile Pride-månaden er ei fornærming, og skaper splitting og bråk.»

Andre insinuerte at menn som går på «Hetero Male Monday» kan vere skaphomsar.

«Kven som enn skreiv dette innlegget er so djupt inne i skapet at dei har eventyr i Narnia med Liberace og [Queen-vokalist Freddie] Mercury», kommenterte ein annan Facebook-brukar.

«Det er eit fritt land. Men fortel oss meir om alle desse mennene på måndagar. Å drikke seg fulle… kanskje litt nysgjerrige… kanskje litt eksperimentelle,» skreiv ein tredje.

Men enkelte LGBTQ-personar uttrykte at dei støtta arrangementet.

Ein brukar skreiv: «Eg er ein homofil fyr og synest dette er fabelaktig. Eg er ein alliert til den ofte stigmatiserte heterofile mannen. Eg er òg takksam for mine heterofile foreldre som gjorde livet mitt mogleg.»

Baren rapporterte at dei fekk fleire kommentarar som låg på grensa til trakassering, noko som førde til rundt 25 utestengingar.

Lokalavis skuldar baren for å «vise manglande respekt for Pride-månaden»

Dagsavisa i Boise, Idaho Statesman, publiserte ein artikkel som skulda baren og eigaren, Mark Fitzpatrick, for å vise manglande respekt for Pride-månaden.

Artikkelskribent Michael Deeds skreiv: «Korleis kler eigentleg ein kunde seg som ein heterofil mann? Går han med ei av desse ‘Det einaste eg likar meir enn øl er tvillingar?’-skjorte? Eller den der det står å lese ‘Stilig, søta, gå no og lag eit smørbrød til meg’?»

Fitzpatrick, skildra som «ein kristen, konservativ grunnlovsstøttar, pensjonert politibetjent, og familiemann» på sine sosiale media, svarte på stykket i Idaho Statesman, og skulda Deeds for å mangle mot til å ta kontakt med han for eit intervju.

Baren gjentok laurdag [8.juni 2024] at dei ikkje kom til å feige ut, og sa: «Vi høyrer at mange er opprørte på grunn av Heterosexual Awesomeness Month! Ver vennlege og vit dette: 1) Vi elskar våre LGBTQ+-kundar! 2) Vi kjem ikkje til å skifte meining og gje etter for dei som reagerte med eiter og galle. 3) ALLE er velkomne til å kome og feire heterofili med oss i juni!»

Innlegget informerte òg om «happy hour»-prisar heile dagen for heterofile kvinner på torsdagar og komande T-skjorter som minnest heterofile.

Trass motbøren argumenterer støttespelarane til baren at «Heterosexual Awesomeness Month» er eit legitimt uttrykk for stoltheit [engelsk pride] for tradisjonelle verdiar.

The Old State Saloon held fram å reklamere for arrangementa sine, og held fast på at dei er inkluderande og har tenkt å feire alle gjester same kva slags seksuell orientering dei har. […]

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget