John Cody i ReMix News rapporterer:
Elon Musk gjekk ut på plattforma si X etter dei tyske valresultata, der han støtta partiet Alternative für Deutschland (AfD). I innlegget sitt, som er eit svar til pro-AfD-aktivisten Naomi Seibt, spør han kvifor der er slik ein negativ reaksjon på partiet, og uttrykkjer si meining om at partiet har rimeleg politikk.
«Kvifor reagerer enkelte so negativt på AfD?» skreiv Musk, og la til: «Dei held fram med å seie ‘høgreekstremt’, men den politikken til AfD som eg har lese om, høyrest ikkje ekstremistsk ut. Kanskje går eg glipp av noko.»
Innlegget kjem etter AfD si sterke tilstadevering i dei tyske vala, der partiet sanka inn 16% av stemmene og vart det nest-sterkaste partiet i Tyskland. I same tråden slo professor Stefan Homburg fast at AfD ikkje er noko ulikt CDU-partiet slik dei var i 1990-åra før dei vart eit «grøn nedstengingsparti» under tidlegare kanslar Angela Merkel – eit innlegg Musk responderte på med «Ok.»
AfD er no det sterkaste partiet i dei austlege tyske delstatane, og er blant dei mest populære partia blant dei under 24 år, saman med Kristendemokratane (CDU). Derimot låg dei i spørjeundersøkingar for berre nokre månader sidan på over 20%, der partiet miste støtte på grunn av nådelause åtak i media, åtak frå andre høgreorienterte parti i Europa, og den tyske innanlandske etterretningstenesta som hadde valt seg ut partiet som eit mål.
I det siste har Musk blitt eit hatobjekt blant den vestlege venstreliberale eliten for sitt ønske om å tilbakeføre ytringsfridom til X, og viljen hans til å snakke ut mot masseinnvandring og andre progressive saker. Ikkje berre er EU ute etter å kvele rekkjevidda til plattforma hans, men i Tyskland har Tesla-fabrikken hans utanfor Berlin blitt gjenstand for åtak frå venstreorienterte ekstremistar.
Musk har i tillegg pådrege seg raseriet til den vestlege venstresida nesten kvar veke, fordi han postar innlegg om emne til som kvitt folkemord i land som Sør-Afrika, og hans støtte til den ungarske statsministeren Viktor Orbán.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
