Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Fyll og sommarleg sjølvmord», publisert 23.mai 2024.
Gjennom det tjukke skylaget som omgjev Bergen by dukkar hovudet til den tidlegare leiaren av korttidsavdelinga på ein viss sjukeheim opp. Dei evig dinglande gulløyreringane kitlar og kjærteiknar den skamraude huda hennar, og auga er ville og oppsperra. Ho prøver å skrike, men kan ikkje lage ein lyd. Det er nemleg vanskeleg å skrike av redsel når ein ikkje har verken hals eller stemmeband. Ho har sånt sett mist både stemmeevne og stemmerett – og alt er hennar skuld. Ho har laga ris til eiga ræv – ei ræv ho ikkje lenger har.
Samstundes, vel tre kilometer lenger nede på trygge landjorda, går Arve – ektemannen til Morfin-Mona – om bord på bussen som skal frakte han til Lagunen og Bybanen. Han har tenkt seg til sentrum for å drikke sidan han i grunnen ikkje har noko betre å bruke tida si på. Kjerringa har ikkje vist seg i huset sidan han slapp ut frå soning, han aner ikkje kor ho er. Ikkje det at han bryr seg nemneverdig. So fort ho dukkar opp, skal han med glede overrekkje brevet frå ein viss advokat. Umiddelbar utflytting og kontaktforbod er berre ein forsmak på det helvetet som ventar ho når ho bestemmer seg for å dukke opp. Han skal utslette ho økonomisk, resten av livet hennar skal bli ei endelaus rekkje episke lidingar.
Hovudet med dei dinglande gulløyreringane driv sakte nedover mot den penisforma sentrumshalvøya. Det er regn og surt i lufta. Ein skulle ikkje tru det var sommar. Det vesle, hutrande Pride-toget som marsjerer gjennom bygatene får ho til å raudne endå meir i skam. Ho tykkjer ho kan skimte tidlegare tilsette på sjukeheimen, som tydelegvis fann sin rette sti i livet etter å ha blitt usakleg oppsagt. Det er gjerne slike sjokk som får ein til å stoppe og tenkje over kva ein vil bruke resten av livet sitt på.
Samstundes kjem Merete ut dørene på kontoret til vikarbyrået KarmaCare. Ho er kledd i ei uniformsskjorte som heng som eit laus segl rundt den skinnmagre, utpinte kroppen. Perleøyredobbane bular ut frå dei etter kvart so spisse øyra, og sølvsmykket med det diamantspekte hjartet dinglar sakte og hypnotisk mot den likbleike huda. Dei svarte tightsa viser konturane av dei lange, tynne beina. Ho er berre skinn og bein etter fleire månaders slavearbeid og seksuell utnytting. Ho har fri heilt til måndag kveld, og då blir det atter «firmafest» og ofringar til Satan på Nordre Toppe. No vil ho berre drikke, og ho veit nøyaktig kor ho skal fare. Ein viss liten pub i Skostredet der dei ikkje har noko som liknar på kleskode. Sist ho var der, hadde jenta i baren ei badedrakt på seg!
Arve sit ein tanke utolmodig på Bybanen, som sakte jobbar seg nordover mot Bergen sentrum. Vognene er smekkfulle, folk har tydelegvis ikkje betre ting å ta seg til enn å hengje på offentlege transportmiddel. Her er alt frå emo-jenter til eldgamle fossil som Morfin-Mona meiner det er på tide å avlive. Han flirer medan han ristar på hovudet. Fyren gler seg som eit lite barn til å sitje i Skostredet og bøtte nedpå halvliterar og shots, før jenta med dei store puppane kastar han ut når han blir for full. Han er kledd i ei gammal, utvaska T-skjorte med Pink Floyd-logo og eit par dongeribukser som omtrent kan stå (og gå!) av seg sjølv. Ei stygg, beige allvêrsjakke set prikken over i-en. Karen er ikkje akkurat velkledd, men bryr seg ikkje. Utestaden har jo ikkje noko som liknar på kleskode. Sist han var der, gjekk bartenderjenta rundt i ein Felleskjøpet-kjeledress!
Hovudet dalar sakte nedover medan gulløyreringane dinglar og kitlar. Ho blir raudare og raudare i fjeset. Tenk om nokon ser ho! Ho kjenner seg so naken og eksponert. Ganske absurd, sidan ho jo ikkje lenger har ein kropp. Dei gamle husa kjem nærare og nærare, og ho kjenner igjen området rundt Vågen, Xhibition og Skostredet.
Arve går av Bybanen og luntar nedover gatene. Regnbogeflagg heng i kvar ei stong. Her skal det feirast ein månad til ende og vel so det.
Merete kjem spaserande rundt eit gatehjørne. Ho har spasert frå området der KarmaCare har kontor. Medan ho kjem inn i Skostredet frå nord, kjem Arve inn frå sør. Og hovudet kjem naturlegvis ovanfrå.
Arve går inn dørene på Folk & Røvere, der ei raudhåra jente med regnbogefarga kjole og perlechoker med eit gullhjarte som anheng smiler verdstrøytt til han. Merete kjem inn like bak han. Dei to endar opp ved sida av kvarandre i baren.
«To øl og to glas Jägermeister,» seier begge i kor.
So snur dei seg mot kvarandre. Arve hevar augnebryna, medan Merete ser rart på han. Ho har ikkje peiling på kven han er, medan han veit godt kven ho er. Elskarinna til kjerringa. Sleikjepusa. Dei to skaplesbene som avliva fleire tusen gamlingar på korttidsavdelinga på ein viss sjukeheim.
«Hallaisen,» seier Merete med si håse, litt grove stemme. – «Kjenner eg deg?»
«På ingen måte,» svarer Arve.
«So trekk til deg blikket. Du kunne ha vore faren min.» Jenta med regnbogekjolen landar drikkevarene på bardisken.
«Kva behager?» spør Arve. – «Kva er dette for ein tone, unge frøken?»
«Skal de betale kvar for dykk?» spør den trøtte jenta med ei sliten stemme.
«Eg spanderer,» seier Merete med eit nifst smil. – «Det var ikkje meininga å vere frekk. Eg har jobba i heile natt.»
«Ja, eg har hatt slike netter eg òg.»
Dei to går bort i det mørkaste hjørnet av lokalet. Serviettane på alle borda er regnbogefarga. Levande lys brenn med eit koseleg skjer. Han ser på Merete og grøssar seg. Kva enn ho driv med, so ser ho faen ikkje frisk ut. Går ho på narkotika? Det ser jaggu sånn ut. Mat ser ut til å vere eit framandord for ho.
«So…» byrjar ho. – «Kor kjenner eg deg frå?»
«Du har nok sett meg på bussen,» svarer han, før han heller i seg det eine shotglaset. Det same gjer ho. – «Eg brukte å vere bussjåfør. Men so køyrde eg litt for fort, miste lappen og vart hiven i fengsel.»
«Du har sona i fengsel, altso…» Ho smiler nifst. Auga er kalde og døde. – «Eg sit altso her og drikk med ein kriminell.»
«Du gjer nok det. Kan hende åkar eg inn igjen i næraste framtid.» Han bælmar i seg det andre shotglaset. Det same gjer Merete.
«Eg endar nok òg i fengsel før eller seinare,» seier ho med det nifse, nifse smilet. Ho ler stille, men kraftig.
Ute i gata flyt hovudet to meter over bakken. Folk går forbi utan å sjå ho, alle har jo blikka festa til smarttelefonane sine. Sakte driv ho inn i det varme, inviterande lokalet. Jenta i baren blir storøygd og bleik – ho ser faktisk ut som ho skal gå ut av sitt gode skinn. To knakande kjekke karar som sit og drikk og drøser misser både munn og mæle. Ein av dei peiker med ein dirrande finger på dette hovudet. Den tidlegare «leiaren» lukkar auga i skam – dette er so frykteleg flaut.
«Eg er Merete,» seier blondina og handhelser på Arve.
«Arve,» svarer den tidlegare fangen. – «Men eg veit at du heiter Merete.»
«Jaso, du gjer det,» svarer ho.
Dei to drikk øl grådig og utan blygsel.
Hovudet driv sakte mot dei to, som begge sit med ryggen til det.
«Har eg møtte deg før» spør Merete. – «Kor kjenner du meg frå?»
«Eg veit du kjenner Mona,» seier Arve bestemt.
«Mona?» spør Merete med eit uttrykkslaust ansikt.
«Ja, Morfin-Mona. Eg veit at de to hadde det litt kjekt på jobben. Fittesleiking på medisinrommet. Eg veit om alle avlivingane. All morfinen og Midazolam-en.»
«Du høyrest temmeleg føkka ut i hovudet.» Merete ser overlegent på han. – «Eg aner ikkje kva du snakkar om. Du burde teste deg for demens.»
«Å, du veit godt kva eg snakkar om, sokalla sjukepleiar Merete.» Arve hiv i seg meir øl. Det same gjer Merete. Ho ser på han med sine daude auge og uttrykkslause ansikt. – «Eg veit kva de gjorde. Og no skal Mona få svi. Ho er ferdig. Spelet er tapt. Ho skal ned i dragsoget, og du skal følgje ho. Det er to mordarmegger, truleg dei verste i norsk historie.»
«Igjen, du høyrest temmeleg føkka ut. Det er berre skitprat det du sit der og spyr ut av deg. Og du ser ærleg tala ut som du bur på gata.»
«Du ser ut som du trekkjer på gata. Ei skjøkje av ei anna verd. Narkoman anorektikar.»
«Frekke jævel. Eg jobbar i vaskebyrå, og eg tek sovisst ikkje narkotika. Ei heller drep eg gamlingar.»
Han flirer rått:
«Ikkje skap deg, Midazolam-Merete. Du kan ikkje vri deg unna. Alle veit kva de har gjort. Vi snakkar 21 års forvaring om du er heldig. Eller dødsstraff. Hadde det gått an å ta livet av nokon to gonger, hadde dei gjort det med deg. Dei hadde brent deg på bålet som ei heks. De to har eigenhendig utført eit sjukeheimens svar på Holocaust. Den endelege løysinga på eldrebølgja.»
«Slike påstandar er faktisk straffbare. Du køddar med feil dame. No er det rett før eg slår til deg.»
«Kom igjen. Eg slår tilbake ti gonger hardare.»
«Berre prøv deg, gamle mann.»
«Eg gjev deg med glede ein ‘leiving’. Ein skikkeleg trøkk seksten so du ligg der med knekt nase og hulkar.»
«Ikkje skap deg, du er maks fem år unna fast sjukeheimsplass.» Ho flirer hånleg. – «Slutt med dette skitpratet før du skader deg. Eg sender deg i koma før du får trygla om nåde.»
«Eg knekkjer den vevre svanehalsen din med eitt slag.»
Dei vitskremde gjestene og barjenta står og ser på at hovudet ruvar over dei to kranglefantane. So vender Merete brått blikket over skuldra. Arve gjer det same. Det er nett som om dei ikkje heilt trur sine eigne auge.
«Oidå…» mumlar han stille.
«Det var då som berre faen…» mumlar Merete like stille. – «Min tidlegare sjef er visst eit hovud som flyt i lufta som ein tomatraud ballong…»
Hovudet prøver å snakke, men får det ikkje til. Ho berre flyt der og gapar so patetisk. Tårene trillar nedover dei skamraude kjakane. Øyreringane kitlar ho so ho nesten tørnar.
«Er dette eks-sjefen din, altso…» seier Arve. Merete nikkar. – «Eg reknar med ho hadde kropp då ho jobba som leiar.»
«Ja, det hadde ho. Ikkje ein so veldig fin kropp, men like fast ein kropp. Og no har ho bokstavleg tala mist hovudet. Akkurat som mannen min har mist all skam og ære. No er han berre ein useriøs fisemann som ligg utkånka på sofaen. Det er eg som dreg heile lasset i forholdet no.»
«Då burde du rett og slett skilje deg. Ingen skal måtte dra heile lasset. Men… Ei skilsmisse blir nok uunngåeleg likevel, sidan du jo skal bli straffa hardt for fleire tusen overlagte drap.»
«Åh, hald no kjeft om dei påståtte drapa, din patetiske drukkenbolt.» Merete hyler i seg resten av ølen. – «Eg tek ikkje imot meir skit frå deg.» So myser ho bryskt på hovudet. – «Var det noko du ville, Sofie? Viss ikkje, pell deg vekk. Du har allereie gjeve meg sparken. Livet mitt er øydelagt. Her er det ingenting meir å hente. Eg er utarma. Du kan ikkje barbere ein skalla person, om du skjøner.»
«Ho er til sjenanse for resten av gjestene,» mumlar Arve og himlar med auga. – «Snakk om å ikkje vere i stand til å lese rommet!»
«Nei, ho var aldri særleg smart.» Merete ristar på hovudet og sukkar. Ho vender so blikket mot barjenta. – «Gidd du? Dette svevande hovudet plagar oss.»
«H-hovud, du må forlate dette lokalet!» stotrar den livredde, likbleike ungjenta. – «Fysj! Vekk med deg!» Ho kjem mot hovudet med ei flugesmekke.
Sofie har ikkje noko anna val enn å bli fordriven frå Folk & Røvere. Ho må ut igjen i regnet, ut i kulden der ho høyrer heime. Sakte driv ho oppover mot det tjukke skylaget igjen. Åh, kor desse hersens øyreringane kitlar!
Det tomatraude hovudet forsvinn gjennom skylaget, og ingen veit kva lagnad som ventar ho.
Arve og Merete tingar ein ny runde med øl og Jägermeister. Jenta serverer dei, for dei har i det minste kroppar. Snart byrjar gjestene igjen å drøse, og gammal David Bowie lyd som bakgrunnsmusikk.
«Har du tenkt å gå til politiet?» spør Merete i ein nærast kvardagsleg tone.
«Nei, eg har tenkt å drepe deg,» svarer Arve like kvardagsleg.
«Vel, vi skal jo alle døy eingong likevel. Og nokon før andre.»
«Eg veit kor du bur. Eg kjem der ein kveld med jaktrifla mi.»
«Skyt mannen min òg medan du er i gang. Han er berre ein ubrukeleg etar, og slike må helst døy.»
«Kan hende skyt eg barna dine òg.»
«Dei er sjanselause i dagens samfunn likevel.» Ho trekkjer på skuldrene. – «Drep oss alle saman. Eg ser fram til å forlate denne skrekkelege verda. Morituri te salutant.» Ho hevar shotglaset. – «‘Vi som skal døy, helser deg’. Skål, Arve.»
«Skål, Merete.»
Dei to hyler nedpå Jägermeister medan dei flirer skummelt.
