Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:
I 1917 spådde den austerrikske filosofen Rudolf Steiner at ein «eksperimentell vaksine» ville bli sleppt laus på menneskeheita i framtida, som ville ende opp med å øydeleggje menneskesjela.
Steiner var ein filosof, lærar og spiritualist, og i løpet av karrieren sin publiserte han fleire prisberømte bøker og artiklar innan feltet spiritualitet. Han såg på menneskekroppen som eit spirituelt fartøy, open for å bli okkupert av andre vesen.
NexusNewsfeed.com rapporterer: Å vere medviten desse kreftene var å ha makta til å avvise deira negative påverknad. Å forbli umedviten om dei var å vere eit lauv i vinden, og spirituell dyrking var nøkkelen til å utvikle medviten merksemd overfor dei.
«Mørkets ånder er no blant oss. Vi må vere på vakt slik at vi kan innsjå kva som skjer når vi møter dei, og oppnå ei ekte aning om kor vi kan finne dei. Det aller farlegaste du kan gjere i den nåre framtida, vil vere å gje deg sjølv over umedviten til påverknadene som definitivt er til stade.» Rudolf Steiner [sitat].
Dersom menneske uttrykkjer den naturlege menneskelege tilbøyelegheita til spirituell vekst, frigjer dei seg sjølve frå frykt og angst, og utviklar effektivt ei form for immunitet overfor påverknaden til negative vesen. Dersom ikkje, trekkjer vibrasjonen vår til seg fiendtlege ånder, og vi fell umedvite under påverknaden deira.
«Der er vesen i dei spirituelle rika som meir enn gjerne livnærer seg av angst og frykt som strålar ut frå menneske. Når menneske har verken angst eller frykt, so svelt desse skapningane… Dersom frykt og angst strålar ut frå menneske, og dei bryt ut i panikk, so vil desse skapningane finne høgst ønskt næring, og dei blir meir og meir mektige. Desse vesena er fiendtlege mot menneskeheita.
Alt som nærar seg av negative kjensler, av angst, frykt og overtru, fortviling eller tvil, er i røynda fiendtlege krefter i super-kjenslevare verder, og lanserer vondsinna åtak på menneske, medan dei sjølve blir mata. Difor er det framfor alt naudsynt å byrje med at personen som går inn i åndeverda overvinn frykt, kjensler av hjelpeløyse, fortviling og angst. Men desse er nøyaktig dei kjenslene som høyrer til den moderne kulturen og materialismen; fordi den framandgjer menneske frå åndeverda, er den spesielt tilpassa å lokke fram vonløyse og frykt for det ukjende blant menneske, og maner med dette fram dei nemnde fiendtlege kreftene mot dei.» Rudolf Steiner [sitat].
Med slik djup global frykt, angst og panikk om den noverande pandemien, eksponerer mange sin eigen spirituelle sjukdom, og lydar kvar ei tilrådd åtferd eller inngrep som kan lette desse kjenslene. Blant dette er presset om å vaksinere sju milliardar friske menneske.
For nesten 100 år sidan, i ein serie av 14 essay publisert under tittelen The Fall of the Spirits of Darkness, kom Steiner med ei åtvaring til framtidige generasjonar om massekontroll som eit mogleg tiltak, temmeleg lik visjonane som Orwell of Huxley presenterte. Steiner såg føre seg ei framtid der vaksinar kunne stele den spirituelle naturen vår.
Fyrst, litt bakgrunn:
«I desse 14 førelesingane, haldne i slutten av 1917 etter fire år med krig i Europa, snakkar Steiner om dei komplekse spirituelle kreftene bak Fyrste verdskrigen, menneskeheita sine forsøk på å byggje teoretisk perfekte sosiale ordenar, og dei mange splittingane og forstyrringane som kom til å halde fram på Jorda fram til vår tid. Menneskeheita generelt var fullstendig uvetande om at falne ånder, bortvist frå åndeverdene, hadde blitt særs aktive på Jorda. Dette manifesterte seg hovudsakleg i menneskeleg tenking og oppfattinga av omverda.» (Kjelde)
Det å falle inn i slik ei destruktiv søvn kom til å bli markert av ein alder av materialisme og sentralisering av makt, der påverknadskrafta til «mørkets ånder» kom til å inspirere menneske til å utvikle nye teknologiar og nye undertrykkingsmetodar. Steiner kommenterer:
«Eg har fortalt dykk at mørkets ånder kjem til å inspirere sine menneskevertar, der dei vil bu i dei, til å finne ein vaksine som vil drive all spirituell tilbøyelegheit ut av menneskesjelene når dei framleis er svært unge, og dette vil gå som ein karusell gjennom den levande kroppen. I dag blir kroppar vaksinerte mot både det eine og det andre; i framtida vil barn bli vaksinert med ein substans som det heilt sikkert vil bli mogleg å produsere, og dette vil gjere dei immune, slik at dei ikkje utviklar toskete tilbøyelegheiter tilknytt det spirituelle livet – ‘toskete’ blir naturlegvis slik materialistane oppfattar det…»
«… ein måte vil omsider bli funnen til å vaksinere kroppar slik at desse kroppane ikkje vil tillate at spirutuelle idear utviklar seg, og heile livet vil dei berre tru på den fysiske verda og det dei oppfattar med sansane. [På same måte som folk vart vaksinerte mot tæring [tuberkulose], vil dei på same måte bli vaksinert mot spiritualitet. Målet er å skape forvirring slik at menneske ikkje vil kunne ta imot gode impulsar frå gode krefter; oms. sine eigne ord sidan Steiners originaltekst er ein tanke innfløkt og krøkkete formulert.]»
Steiner snakka berre om vaksinar her. Kommentaren hans tek ikkje med seg dei samanlagte effektane på den menneskelege spiritualiteten som er å finne i verda i dag frå alle impulsane, der dei alle i seg sjølv samarbeider for å hindre spirituell tilknyting.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
