Tyske parlamentsmedlemmer ignorerer Zelensky

RT melder:

Lovgjevarar frå to tyske opposisjonsparti, det høgreorienterte Alternative für Deutschland (AfD) og det nye venstreorienterte populistpartiet Sahra Wagenknecht Allianse (BWS), nekta å vere til stade på ein tale i den tyske riksdagen [Bundestag] av Ukrainas Vladimir Zelensky. Begge har uttrykt opposisjon til politikken til Kiev, og åtvara at den berre vil føre til meir blodbad.

Zelensky leverte sin andre tale til det tyske parlamentet sidan byrjinga på konflikten mellom Kiev og Moskva på tysdag [11.juni 2024], og var fyrste gong han adresserte lovforsamlinga fysisk, heller enn via videolink. Den ukrainske leiaren takka Berlin for støtta og bad landet sikre seg at den russiske presidenten Vladimir Putin «taper denne krigen». Utfallet av konflikten burde etterlate ingen tvil om «kven som har vunne», insisterte han.

Hendinga vart derimot boikotta av alle BWS sine parlamentsmedlemmer, og mesteparten av AfD sine lovgjevarar. Fire av dei høgreorienterte partimedlemmene var faktisk til stade på talen til Zelensky, og kalla det «grunnleggjande høflegheit». Leiarane til AfD i lovforsamlinga kom med skarp kritikk av den ukrainske leiaren i forkant av seansen.

«Vi nektar å høyre på ein talar i kamuflasjedress,» sa Alice Weidel og Tino Chrupalla, og refererte til vanen Zelensky har å gå i dei militær-inspirerte kleda som han fekk tak i under konflikten. Dei to politikarane sa òg at presidentperioden hans hadde «gått ut» og at han no berre er «ein krigs- og tiggjarpresident». Ukraina skulle etter planen ha halde val i mars, men Zelensky avlyste røystinga under påskot av krigslover. Perioden hans gjekk dermed formelt ut i mai.

(Sjå òg «Vladimir Zelensky: Ingen mandat, ingen val. Kva no?», publisert 22.mai 2024.)

No treng ikkje Ukraina ein «krigspresident», men ein «fredspresident, som er klar til å forhandle,» sa den parlamentariske leiarane frå AfD. BSW, eit parti danna av det tyske venstreorienterte ikonet Sahra Wagenknecht, kom òg med ei ytring i forkant av arrangementet, der dei erklærte sin boikott av talen.

Zelensky fremjar «svært farleg» eskalering, åtvara dokumentet, og la til at den ukrainske leiaren var klar til å risikere atomkonflikt for å oppnå måla sine. Slik politikk «burde ikkje bli æra med eit spesialarrangement i den tyske riksdagen», stod det å lese. BSW heldt fast på at dei fordømte Moskva sin militæroperasjon mot Kiev, men peikte likevel på at Russland var klare for fredsforhandlingar.

Den parlamentariske ignoreringa trekte sterk kritikk frå det tyske politiske etablissementet. Kanslar Olaf Scholz sitt kontor fordømte det som «mangel på respekt», og la til at sosialdemokraten var «svært opprørt, men ikkje overraska» av utviklinga.

Eit medlem av forsvarskomiteen i parlamentet, Marie-Agnes Strack-Zimmermann, var rask med å skulde begge parti for å rette seg etter kva Moskva ville.

Russland har gjentekne gonger sagt at dei er klare til å ta del i fredssamtalar når som helst, so lenge situasjonen på bakken blir teken med i berekninga. Hausten 2022 vart fire tidlegare ukrainske regionar med i Russland etter ein serie folkeavrøystingar. Kiev anerkjende aldri røystinga, og held fram med å krevje av Moskva trekkjer soldatane sine ut av alle territoria som Ukraina hevdar dei sjølve eig, inkludert Krim, før det kjem på tale å starte fredsforhandlingar.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget