Bælfeit dundre vinn venleikskonkurranse i ein kollapsande kultur som feirar sjølvskading og glupskheit

Belle Carter i Natural News skriv:

I sine forsøk på å fremje positivt sjølvbilete ved å forsterke den naturlege, indre venleiken, har National American Miss (NAM) valt å kåre til vinnar ei særs overvektig kvinne under den nylegaste konkurransen, der dei leita etter ei jente som best kunne representere delstaten Alabama i finalerunden. Nyheita om at den korpulente modellen Sara Milliken fekk tittelen, framkalla både kritikk og støtte, og skapte ei massiv splitting i folk sitt syn på venleikskonkurransar, venleik og helse, so vel som woke-kulturen.

Milliken tok tittelen på NAM Alabama-finalen på Memorial Day [siste måndagen i mai, der ein minnest falne soldatar frå det amerikanske militæret; oms.an.], og vann plassen sin i organisasjonens nasjonale finale i november. Den sjølverklærte XL-deltakaren deltok fyrste gong i ein NAM-konkurranse i tenåra og mislykkast i å kome i delstatsfinalen to gonger før. «Same korleis kroppen din ser ut, same kor du kjem frå, so kan du gjere alt som du set deg føre å gjere,» sa Milliken i eit nyleg intervju med WKRG.

NAM evaluerer deltakarar utifrå eit omfattande sett av ferdigheiter og atributtar, inkludert «personlegdom, sjølvtillit og kommunikasjon», ifølgje nettsida til organisasjonen. Poeng blir tildelt for friviljug arbeid og akademiske prestasjonar, står det på sida, og legg til at «tannregulering, briller, hudproblem, ulik høgd, vekt og utsjånad alle er med på å skape det spesielle og unike individet som du er, og som vi ønskjer å feire». Nettsida til konkurransen skriv vidare at deltakarane deler sine håp og draumar i eit éin-til-éin-intervju, møter eit utvalspanel, introduserer seg sjølve på scena til eit publikum, førebur ein CV og deltek i friviljug arbeid i lokalsamfunnet.

Sigeren hennar fekk varme gratulasjonar og støtte frå mange menneske som støttar «woke»-ideologien NAM dreiv og rulla ut til folk. «Bra å endeleg sjå ei blåøygd blondine på vel 200 kilo som ønskjer verdsfred vinne!» skreiv David Junior på Facebook. «Gratulerer til Alabama og denne Dronninga!»

Men for enkelte menneske blir sigeren hennar motivert av noko djupare i samband med folks interesser. «Eg hatar ting som dette fordi det uunngåeleg får folk til å mobbe vinnaren når det ikkje eingong er hennar feil. Problemet med dette er naturlegvis at ein fornektar realiteten. For dei alle fleste er venleik basert på proporsjon og symmetri,» svarte ein brukar på ei melding på X som annonserte vinnaren. «Å velje ein vinnar som tydelegvis ikkje er eit stereotypisk val, men kryssar av på eit snakkepoeng (kroppsaksept) driv berre samfunnet vårt over i kognitiv dissonans og late som-modus. Igjen, dette er ikkje eit åtak på den unge dama, men heller eit åtak på dei som brukte ho for si eiga politiske og sosiale signalisering.»

Ein kommentar på eit Facebook-innlegg impliserte at hendinga òg fremja feile idear. «Å kalle ho vakker er greitt og alt det der, sidan venleik ligg i auget som ser. Men lat oss vere ærlege med oss sjølve… ho er ekstremt usunn og dette er eit slag i ansiktet til alle dei unge jentene som har jobba hardt og gått på diett for å bli ei ekte venleiksdronning.»

Rundt 37,9% av vaksne i Alabama er sjukeleg overvektige, noko som gjer sørstaten den sjuande feitaste i USA, ifølgje Centers for Disease Control and Prevention (CDC). West Virginia er den feitaste delstaten i nasjonen, der raten for sjukleg overvekt ligg på 41,3%. CDC definerer sjukeleg overvekt hjå vaksne som ein kroppsmasseindeks (KMI) på 30 eller høgare. Ein BMI frå 18,5 til 24,9 er sett på som ei sunn vekt.

Amerikansk venleikskonkurranse-galskap held fram i det ei transkvinne vinn Miss Maryland

No har transkjønnsdeltakar Bailey Anne Kennedy vunne Miss Maryland USA, dette sist laurdag [8.juni 2024]. Konkurransen fører til Miss Universe-konkurransen, som har tillate transkjønnsdeltakarar i meir enn ti år. […]

Ifølgje eit innlegg på den offisielle Miss Maryland-kontoen, markerte sigeren til Kennedy fleire fyrstegongstilfelle: den fyrste transkjønnsdeltakaren og den fyrste asiatisk-amerikanske deltakaren. Tittelhaldaren vart fødd i Phnom Penh, Kambodsja. Ho var òg den fyrste til å vinne tittelen i ein alder av 31, som er over den gamle deltakingsgrensa på 28, den fyrste gifte deltakaren som vinn, og den fyrste ektemaken til ein militæroffiser som vinn på delstatsnivå på 67 år.

«Som ein militærektemake og ei stolt transkvinne, håper eg å stille dette i eit positivt lys og som ein innvandrar sjølv, med innvandrar-ståpå-mot, håper eg å vise det til folk, og forhåpentlegvis inspirere nokon på vegen,» sa Kennedy.

Kennedy sa til DC News Now sin programleiar Cory James at sigeraugneblinken var som «ein virvelvind fordi eg visste at det var større enn eg. Eg veit at det kjem til å tyde mykje for alle LGBT-barna der ute, som kan kjenne seg annleis og føle at dei ikkje høyrer heime i ein boks, slik som eg sjølv då eg voks opp, so eg håper at sigeren min vil bli ein nydeleg invitasjon for dei å vere seg sjølve.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

1 comments

Kommenter innlegget