Urovekkjande video: Fentanyl gjer polakkar til zombiar

Grzegorz Adamczyk i Remix News rapporterer:

I den polske byen Poznan har det dukka opp ein frykteleg video på nettet, som viser den harde realiteten til rekkjevidda til fentanyl, eit legemiddel som har øydelagt USA og teke fleire hundre tusen liv.

Biletmaterialet viser to menn i ein tilstand som liknar den til zombiar: Ein ligg med hovudet mot asfalten, medan den andre strevar med å halde seg på beina over han. Ein trur at begge har teke fentanyl, eit legemiddel som i aukande grad infiltrerer Europa.

Fentanyl er ein sterkt avhengigheitsskapande opiod som ekspertar seier er 50 gonger kraftigare enn heroin. Fleire nettvideoar dokumenterer personar som, etter å ha teke stoffet, byrjar å vise zombie-liknande åtferd: dei ser apatiske ut, står ubevegelege med armane hengande mot bakken. Dei fell ofte i søvn eller legg seg ned i unaturlege posisjonar.

Videoen frå Poznan viser nøyaktig denne typen åtferd. Eryk Matuszkiewicz, ein giftekspert ved det lokale sjukehuset, bekreftar at dei ser eit aukande tal tilfelle som involverer personar som ligg nede for teljing på grunn av dette stoffet.

«Vi ser definitivt ein auke fordi vi aldri har hatt slike tilfelle før, og no kan dei finne stad to til tre gonger i månaden. Det er enno ikkje på nivå med ein epidemi, men det er viktig å vere klar over at desse situasjonane visseleg finn stad,» sa legen.

Bortsett frå smertestillande effekt, skaper fentanyl i tillegg ein tilstand av eufori – ikkje i tydinga energi eller stimulering, men heller ein sæletilstand som fører til meir langsame rørsler.

«I tilfelle av overdose kan eit individ bli so medvitslaus at andedrettssystemet deira blir so roleg at det kan stoppe heilt opp,» forklarer dr. Matuszkiewicz.

Videoen viser to menn som er heilt i svime; ein kneler og kviler hovudet sitt unaturleg på asfalten, medan den andre, med bøygde kne, prøver å halde balansen.

«Det er ikkje mogleg å seie med absolutt visse om begge er påverka av fentanyl, men åtferda deira antydar det sterkt,» sa legen.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget