Løysinga er å aldri endre seg, del 3

Sjå òg del 1 og del 2, publisert høvesvis 10. og 11.juni 2024.

Medan eg går tur i den enorme, nesten endelause skogen denne vakre, kjølege sommardagen, tenkjer eg at grensa er nådd. Etter lengre tids manifestasjon av vondskap og dårleg folkeskikk blant mine fiendar, har eg sett meg tvinga til å trekkje ei linje i sanden. Rubicon er likevel kryssa for lengst, og det er ingen veg tilbake. Ingenting kan bli som det var før, men slik ting er no, kan dei fint bli for alltid.

Det er stille no, før stormen som eg bestemmer aldri skal kome. Eg vel å ikkje sjå på det som ein storm, akkurat som ei diger bustadblokk med 20 000 innbyggjarar ikkje treng å frykte ein einsam ulv som står der nede på bakken og blæs. Mine fiendar kan ikkje lenger intimidere meg med sine latterlege hersketeknikkar.

Alt skal vere ro, som eit stille, lite vatn. Eit varmt, inviterande tomrom der ei vakker dame ligg og er fanga i ein permanent før-orgasmisk tilstand. Den perfekte stillstand, kan ein kalle det. Her er det full klarheit; ingen fleire løgner og ingen fleire hemmelegheiter. Det perfekte er det som enno ikkje eksisterer, og ingen eller ingenting kan øydeleggje det. All erfaring har vist meg at det perfekte alltid er perfekt so lenge det eksisterer i mitt eige hovud, i det spirituelle riket, lausrive frå den verkelege verda med alle feil, manglar og brotne lovnader.

Det har vore nok svik og nok utbetalingar av tretti sølvpengar. Alle mine fiendar er døde for meg.

Kvar perle rundt halsen på den ubeskriveleg vakre dama er eit unikt univers. Ei verd som det ikkje finst maken til. Desse verdene, som bokstavleg tala ligg som perler på ei lekker sølvsnor, kan eg få tilgang til når eg måtte ønskje. Min daglege kamp har fyrst og fremst dreia seg om å halde meg vekke frå denne endelause euforien og sæla, som dannar ein altfor skjerande kontrast til det verkelege livet og den endelause rekkja av sjokkerande og eksepsjonelt dårleg åtferd.

Misforstå meg rett, eg har ikkje tenkt å forlate denne verda med det fyrste. Ein kan framleis vere fysisk til stade i verda og «leve» i beste velgåande sjølv om ein kanskje ikkje er so mykje til stade mentalt lenger. Denne freden såg eg stundom i auga på personar med demens. Sjølv om dei var i live biologisk sett, var tankane deira – om dei enno hadde nokon – ein heilt annan stad. Kanskje i ei betre tid, ein betre alder, eit betre stadium i livet. Når ei 90 år gammal kjerring ligg der utpissa og full i avføring og skrik at ungane må stå opp og gå på skulen, so veit dei fleste at ho ikkje lenger er her. Og kven veit om desse ungane nokosinne kom seg på skulen den dagen.

Altfor ofte har eg funne meg sjølv i pressituasjonar der endring skulle finne stad, same om nokon ville det eller ikkje. Dei sokalla «dummaste» av oss viste seg å vere dei smartaste, for det dei mangla intellektuelt tok dei igjen i sunt bondevit. Ein kan gjerne meine at psykisk utviklingshemma «Synnøve» burde få nytt kjøleskap og ny TV sidan apparata er frå tidleg 1990-tal (og vi skriv godt ut på 2010-talet). Men er det då eigentleg Synnøve som ønskjer endring, eller er det vernepleiaren, som held på å kjede seg i hel på jobb i det særs fredelege bufellesskapet? Psykopatar kjedar seg riktig nok lettare enn normale menneske, men det treng naturlegvis ikkje å tyde at alle som kjedar seg er psykopatar. Lat oss ikkje feie alle over éin kam – dei fleste har aller nok med å feie for eiga dør.

Er all endring av det gode? Naturlegvis ikkje. Somme endringar er katastrofale. I næraste framtid tydar alt på at det vil skje store endringar, både på samfunns- og individnivå. Dei som ikkje er førebudd, kjem til å gå til grunne. Er dermed alle endringar vonde? Igjen, naturlegvis ikkje. Enkelte endringar gjer livet om til noko mykje betre. Spørsmålet her er kor tid slik ei endring skje, og når den kan skje. Ingen tvinga meg til å bli helsefagarbeidar, når eg fyrst hadde teke meg bryet å ta mastergrad. Ingen tvinga meg riktig nok heller til å ta mastergrad, men i ei tid med bortimot inga studierettleiing (eller rettleiing om noko som helst som gjaldt liv og karriere), kunne eg like gjerne ha kasta mynt eller kron. Det var anten universitetet eller Sjøforsvaret. Endring var obligatorisk, men eg hadde alltid eit val om kva slags endring eg ville godta. I mangel av betre råd og betre vit, staka eg ut kursen min i livet, og det har vore ein temmeleg kronglete labyrint.

Eg kunne naturlegvis òg ha halde kjeft tilbake i januar 2021, då eg omsider oppdaga den vondsinna og bedragerske naturen til «pandemien». Då ville nok inga endring ha funne stad, og eg ville framleis ha jobba på ei viss somatisk langtidsavdeling. Å tenkje kva som kunne ha skjedd om eg ikkje kryssa den Rubicon-elva, blir omtrent som å tenkje kva som hadde skjedd om skota i Sarajevo aldri hadde falle. Noko hadde nok skjedd før eller seinare. Kanskje eg til og med hadde teke korona-sprøyta (!!).

Fleire av mine tidlegare kollegaer eg har møtt i mine mange år i helsesektoren, grodde tidleg fast i same sporet. Der skjedde det inga endring frå og med ein viss dag, og ingen endringar vil sannsynlegvis skje. Dei har vore med same mannfolket i alle år, og gått og trakka og dilla på same avdelinga like lenge. Dei er grå mus som aldri vil oppleve dei gode og dårlege sidene av endring. Og når verda går den vegen elitehøna sparkar, vil dei nok erfare at dei på alle måtar var fullstendig uførebudde. Det vil bli gråt, panikk, sinne og død. Eg synest nesten synd på dei, for dei aner ikkje kva slags mørke skyer som lurer i horisonten. Korleis kan dei det, når dei aldri vender blikket mot himmelen?

Skogen er like endelaus som Draumeriket. Og dama er so vakker der ho ligg og stønnar. Alle verdene ligg der og glitrar og ventar. Her skal inga endring nokosinne skje.

Kommenter innlegget