Big Pharma stoppar livreddande diabetesmedisin til den russiske marknaden

Cassie B. i Natural News rapporterer:

Eli Lilly vil ikkje lenger forsyne den russiske marknaden med livreddande insulin, og avisa Kommersant rapporterer at forsyningar av deira insulin av merket Humalog er nesten tomme. Kundebasen til legemiddelet består stort sett av barn med type 1-diabetes, som krev tilføring av insulin.

Big Pharma-produsenten erklærte at dei kom til å slutte å sende «ikkje-essensielle» legemiddel til Russland i mars 2022, kort tid etter at Russland invaderte Ukraina. På den tida sa dei at dette kom til å inkludere legemiddel slik som ereksjonslegemiddelet Cialis, men forsikra pasientane om at deira diabetes- og kreftlegemiddel skulle halde fram å bli levert.

Derimot har dei sidan gjeve ein sveitsisk filial kjent som Swixx BioPharma i oppdrag å handtere deira russiske operasjonar, og dette selskapet informerte nyleg russiske styresmakter at dei skal stoppe alle nye leveransar av Humalog. Dei gav ingen grunn for dette, og dette blir ikkje godt motteke av pasientar som er avhengige av legemiddelet.

Sjølv om det russiske legemiddelovervakingsbyrået Roszdravnadzor insisterer at dei har nok insulin i omløp frå innanlandske forsyningsaktørar til å møte det årlege behovet til landet, er ikkje alle overtyda om at dei russiske alternativa er gode nok.

Til dømes sa Maria Blokhina, som har eit barn med type 1-diabetes, at det ikkje er so enkelt å gå over til andre typar insulin, spesielt når nokon finn eit merke som fungerer godt for dei sjølve.

«Foreldre er generelt redde for å skifte insulinmerke på barna sine. Dessutan er Humalog tidstesta, kan ein seie, og er standard rasktverkande insulin. Nesten 30 års bruk har spelt ei rolle i ryktet til det, og det gjorde òg selskapet Lilly, som er ein pioner innan produksjon av insulin i verda,» sa ho.

Ho trur at mange foreldre vil vere viljuge til å kjøpe den amerikanske versjonen av legemiddelet for ein høg sum på den sokalla «grå marknaden», fordi dei føler det er mindre risikabelt enn å gå over til dei russiske utgåvene.

«Sant nok vil prisen på ein slik pakke frå Tyskland liggje på rundt 15 000 rublar [1787 kroner], i staden for dei 1700 rublane [202 kroner] vi brukte å betale på apoteket. Foreldre er rett og slett redde for å eksperimentere,» sa ho.

Russland kan dra nytte av å distansere seg frå Big Pharma

Derimot er det eit gløtt av sol i denne historia: Russland vil truleg klare seg betre på lang sikt dersom dei isolerer seg frå Big Pharma og deira giftige legemiddel, spesielt sidan dei allereie slår fast at dei tre innanlandske erstatningslegemiddela kan møte behova til pasientane fullt ut.

Det russiske selskapet Geropharm produserer ei generisk [ikkje-patentbeskytta; oms.an.] erstatning, medan Pharmsintez-Nord byrja å produsere den same typen insulin no i år. Dette vil markere ein dramatisk overgang når det gjeld forsyning, sidan tilbodet til Eli Lilly utgjorde nesten alt insulinet som var tilgjengeleg på den russiske marknaden so nyleg som 2019.

Ein talsperson for Geropharm sa: «Det at Eli Lilly trekkjer seg ut, burde ikkje påverke russiske pasientar – den utanlandske produsenten reduserte systematisk volumet på forsyningane av originale legemiddel til landet vårt, og viste med det at dei føretrekte andre marknader, som kan vere både på grunn av økonomiske vurderingar og den politiske posisjonen til produsenten.»

I mellomtida skryter Eli Lilly på nettsida si at dei har forsynt meir enn to millionar dosar av diabetes- og kreftlegemiddel til pasientar i Ukraina.

Ved å fjerne seg frå dei store vestlege farmasimerka, kan Russland bli i stand til å utvikle og få tilgang til meir pålitelege og tryggare legemiddel. Det er ikkje ei hemmelegheit at mange store farmasiselskap tek del i prismanipulering og gjev legar bonusar for å skrive ut legemiddel pasientane kanskje ikkje treng. I tillegg speler dei rutinemessig ned kjende biverknader av legemiddela sine, og manipulerer stundom forskingsstudiar for å få eit utfall som er meir i deira favør.

Sjølv om det kan vere litt skummelt for folk å gå over til eit ukjent legemiddelmerke, og grunnane til at Eli Lilly kuttar ut den russiske marknaden kan verke urettferdig overfor uskuldige barn som er avhengige av desse legemiddela, kan det å distansere seg frå Big Pharma vise seg å ha fordelar på lang sikt.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget