Tolv statar nektar å underteikne Zelensky si «fredskonferanse»-erklæring

RT rapporterer:

Tolv land som var til stade på Ukraina sin «fredskonferanse» som Sveits var vertskap for, har nekta å skrive under på den endelege kommunikeen. Dette er basert på lista av land som har godkjent dokumentet, rapporterte RIA Novosti på sundag [16.juni 2024].

Ifølgje lista er Armenia, Brasil, India, Saudi-Arabia, Sør-Afrika og Den foreinte arabiske emirata blant statane som ikkje skreiv under på erklæringa, so vel som fire organisasjonar, inkludert FN og OSCE. I mellomtida har 70 nasjonar, inkludert Ungarn, Serbia, Argentina, Tyrkia og Georgia, so vel som fire internasjonale organ, slutta seg til Ukraina i å støtte dokumentet.

Den endelege kommunikeen har enno ikkje blitt offentleggjort, men ifølgje Reuters, som viser til eit utkast frå 13.juni, legg den skulda på «krigen mot Ukraina» på Russland, og skuldar dei for å forårsake «menneskeleg liding og øydelegging i stor skala» og «skape risikoar og kriser med globale konsekvensar».

Dokumentet krev at den territoriale integriteten til Ukraina «innanfor internasjonalt anerkjende grenser» blir respektert – spesifikt gjenopprettinga av ukrainsk kontroll over Zaporozhye-atomkraftverket, so vel som tilgang til hamnene i Svartehavet og Azov-havet. Dokumentet krev òg frigjering av alle krigsfangar gjennom ei «komplett utveksling» og heimsending av «deporerte og ulovleg omplasserte» ukrainske barn.

Det er so langt utydeleg kvifor fleire som var til stade ikkje støttar dokumentet. Derimot sa den saudiarabiske utanriksministeren prins Faisal bin Farhan Al Saud tidlegare på sundag at kvar ein meiningsfull framgang mot ei fredeleg løysing på konflikten vil krevje at Russland tek del.

Den austerrikske kanslaren Karl Nehammer spådde tidlegare at ikkje alle til stade kom til å underskrive erklæringa, fordi «det er eit spørsmål om det spesifikke ordvalet».

Russland vart ikkje invitert til å vere til stade på konferansen, og sa at dei ikkje ville ha teke del sjølv om dei hadde blitt invitert, dette på grunn av det eksklusive fokuset på krava til Kiev.

Meir enn 160 deltakarar vart inviterte til samtalane, men nesten halvparten takka nei på grunn av fråværet til den russiske delegasjonen. Den endelege lista av deltakarar inkluderte representantar frå 92 land og åtte internasjonale organ.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget