Alt oppstyret rundt livmorhalsdebatten til Canadian Cancer Society viser at LGBT-rørsla er i ferd med å mislykkast

Jonathon Van Maren i LifeSiteNews skriv:

Når transkjønnsindustrien endeleg kollapsar, mistenkjer eg at obduksjonen vil vise at ei betydeleg rolle vart spelt av den hjernedaude strategiske avgjerda til transaktivistar å vere tone-politi overfor veldedigheiter som bruker tida si på å hjelpe sjuke menneske.

Det siste dømet på dette greier å vere både usofistikert og utruleg fornærmande på same tid: Canadian Cancer Society, leia av filantropen Andrea Seale, har kome med ei formell orsaking for å bruke ordet «cervix» [livmorhals] i staden for nemninga som transkjønnsrørsla krev: «framside-hol».

Ei melding vart lagt ut på organisasjonen si heimeside om livmorhalskreft med tittelen «ord speler ei rolle».

«Vi anerkjenner at mange transmenn og ikkje-binære har blanda kjensler om eller føler seg distansert frå ord som ‘livmorhals’,» står det å lese. «De kan føretrekkje andre ord, slik som ‘framside-hol’. Vi erkjenner avgrensingane til ordet vi har brukt, medan vi òg erkjenner behovet for å gjere ting enkelt. Ein annan grunn til at vi bruker ord som ‘livmorhals’, er å normalisere den realiteten at menn òg kan ha desse kroppsdelane.»

Det er mykje å ta tak i her. Ord speler vitterleg ei rolle, som er grunnen til at Canadian Cancer Society sine brotsverk mot den engelske språket burde påpeikast. Menn har faktisk ikkje livmorhalsar. Kvinner som hevdar at dei er menn har det. Det finst ikkje noko som heiter «transkjønnsmann»; der finst berre menn og kvinner. «Ikkje-binær», ei nyleg oppfunnen nemning, er ein ideologisk terminologi, ikkje ein biologisk ein. Å kalle livmorhalsen eit «framside-hol» er usofistikert og dehumaniserande overfor kvinner, men det speler naturlegvis ikkje noka rolle for transaktivistar.

Eller openbert heller ikkje for Canadian Cancer Society.

Dette er berre det nyaste dømet på det som har vore ei utruleg vellykka appropriering av veldedigheita gjort av av LGBT-aktivistar. CCS [Canadian Cancer Society] gjer det tydeleg at alle som har ein livmorhals, «same kva kjønn eller seksuell orientering dei har», burde undersøkje seg jamleg, og legg til at «det er viktig å fortelje helsetilbydaren din om du tek testosteron, fordi dette kan forårsake endringar i livmorhalsvevet som kan påverke testresultata dine».

I tillegg, skriv CCS, burde medisinske profesjonelle «bekrefte kjønnet ditt og uføre alle testar som reduserer ubehaget ditt og kjensler av kjønnsdysfori du kanskje har, so mykje som mogleg.» I fjor vart CCS offer for mykje latterleggjering etter at dei gav «transkjønnskvinner» – altso menn – råd om å snakke med fastlegane sine om livmorhalskreft [altso kreft i organ dei ikkje har; oms.komm.].

Menn – sjølv dei som identifiserer seg som kvinner – har ikkje livmorhalsar.

Heldigvis har denne fornærmande terminologien møtt på vesentleg motbør. På sosiale media har folk – stort sett kvinner – vore fly forbanna. Ein australsk kampanje om livmorhalskreft-merksemd som har bytta ut «livmorhals» med fornærmande terminologi, har fått ein ekstremt negativ respons. Amy Hamm responderte på trenden i ein sterkt kritisk artikkel i National Post:

«Lat oss ikkje gløyme årets rettsavgjerd frå Den kanadiske høgsteretten frå dommar Sheilah Martin som føreslo at ein passande terminologi for valdtektsoffer er ‘person med vagina’. Ja, rettsavgjerda inneheld framleis ordet ‘kvinne’ – slik mange woke-progressive febrilsk peikte på i forsøk på å spele ned kor absurd nemninga ‘person med vagina’ er – men det er ikkje poenget: Under absolutt ingen omstende er det stovereint å fornedre ei dame, og iallfall ikkje eit valdtektsoffer, ved å referere til ho som om ho blir definert av kjønnsorgana sine. Vi er kvinner. Punktum finale. Har vi mist vårt kollektive vit og forstand?

Men i det minste kasta retten almisser til oss og brukte ordet ‘vagina’. Ein frase slik som ‘framside-hol’ impliserer ikkje berre at menn kan ha kvinnelege kjønnsorgan, men at namnet på organet – livmorhalsen – i seg sjølv er fornærmande. Kanskje ‘hjerne’ burde leggjast til lista av ord som no blir sett på som utanfor, sidan det ser ut til at ikkje alle har ein – som kan oppfattast som ekskluderande.»

Hamm har rett – og raseriet hennar er eitt døme på kvifor transkjønnsrørsla til slutt kjem til å tape.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget