Lance D Johnson i Natural News skriv:
Sataniske milliardærar driv og pressar på sine planar for menneskeheita heilt openlyst. Ein ny reportasje frå Earth Journalism Network (EJN) kastar lys på eit omfattande globalt grooming-program som har som mål hovudstraumsmedie-journalistar, aktivist-organisasjonar og «uavhengige» journalistar – desse skal som papegøyar gjengje klimarelatert dommedagspropaganda.
Dette initiativet, grunnlagt av grøne milliardærar, legg tungt vekt på fremjinga av nullutslepps-karbonagendaene lagt fram av FN og andre globalistar. Reportasjen avdekkjer ein bekymringsverdig trend der journalistar får finansielle incentiv for å «balansere» rapporteringa si rundt klimaendring, og lyde klimaendringsforteljingane.
EJN-reportasjen tener som eit globalt utgangspunkt for klima- og miljøjournalistikk, og set søkjelys på det at journalistikken er avhengig av eliten, milliardær-finansiering og streng lydigheit til klima-dommedagspropaganda. Den antydar ein uetisk overgang frå journalistisk objektivitet, ein trend observert på nettet gjennom «uavhengig journalistikk», ein trend som maner fram ei fullstendig reevaluering av journalistisk praksis.
Journalistisk integritet i fare når milliardærar kjøper påverknadskraft rundt om på kloden
I løpet av dei siste ti tiåra har hovudstraumsjournalistar mislykkast i å vere objektive og ærlege. Som ein konsekvens har milliardær-stiftingar fylt tomrommet, og utnytta fallande omløp og annonseinntekter ved å kome med sine eigne legat. Finansieringa deira kjem naturlegvis med visse vilkår. Desse milliardærane prøver å trene opp journalistar og forme rapporteringa deira for å oppfylle kommunistiske mål for menneskeheita, og å omskape samfunnet på ein måte som er til nytte for og gjev makt til globale agendaer.
EJN-reportasjen viser at eksterne midlar er «essensielle» for journalistar som strevar med å finne fotfeste. Desse eksterne midlane blir brukt til å fremje globale agendaer som i stor grad påverkar klima- og miljørapportering. I reportasjen er journalistar som får pengar frå desse milliardærane «overveldande einige» i at støtta deira er «essensiell» for at dei skal rapportere om klimaet.
Medlemskap i EJN gjev tilgang til midlar og opptreningsmoglegheiter, og inkluderer no meir enn 25 000 medlemmer i 200 land. Medlemmane sine «private fordelar» er midlar via legat og «opptreningsmoglegheiter» rundt historier som skrur opp klimahysteriet og feiltilskriv naturlege vêrhendingar eit abstrakt, hysterisk konsept ved namn klimaendring. Ifølgje reportasjen kan desse milliardær-påverkarane finansiere journalistar slik at dei «dekkjer historier rundt eit spesielt temaområde, avgjort av finansieringsinteresser og -mål».
Nemneverdige finansieringskjelder til EJN inkluderer European Climate Foundation, støtta av aktørar som Michael Bloomberg og Sir Christopher Hohn i Extinction Rebellion. Andre støttespelarar inkluderer sokalla filantropiske organisasjonar slik som Tides, Gulbenkian, Oak, Packard, Climate Justice Resilience, MacArthur og Rockefeller, saman med politiske og statlege organ slik som FN og Det britiske utanrikskontoret.
Indoktrinering i klimaendring skjer fordi tusenvis av journalistar får midlar for å fremje løgnene
Denne reportasjen er på det grunnleggjande planet ei brukarrettleiing i indoktrinering, som legg vekt på kor viktig det er å påverke folkeopinionen når det gjeld klimaendring, so staten vil stå bak klimahandlingsplanar på ein global skala. Desse handlingane inkluderer geoengineerings-eksperiment på skyene, landjorda og i vatnet, so vel som genetiske eksperiment som minskar utslepp frå levande organismar. Global handling omfattar òg skatteleggingsplanar som straffar visse typar åtferd og lønner dei som rettar seg etter «vitskapen». I prosessen rundt å omforme verda til ei nullutsleppsframtid, er dei ute etter å utrydde tradisjonelle, karbon-baserte energikjelder, medan dei øydelegg personleg autonomi, nasjonal suverenitet og innovasjon. Trass innsatsen til grøne milliardærar når det gjeld å stilne avvikande stemmer, held skepsis rundt menneskeleg kontroll over klimaet fram i vitskaplege sirklar.
Dette er grunnen til at reportasjen opplever det som «høgst problematisk» at betydelege vitskapsfolk kallar klimaendring ein bløff, sjølv i 2024. Til dømes kalla dr. John Clauser, Nobelpris-vinnaren i fysikk, samanhengen mellom temperatur og karbondioksid «ein haug med møkk». Reportasjen anerkjenner aukande protest mot klimaendringsforteljingar, men har som mål å manipulere folket til lydigheit ved å halde fram med å kjøpe journalistar og kontrollere mediereportasjar om temaet.
Ingen nivå av lydigheit overfor agendaen deira vil nokosinne tilfredsstille desse hole vesena. For dei vil du alltid vere ein ubrukeleg etar som er med på å overbefolke planeten og bruke for mykje karbon. Barna og barnebarna dine vil alltid utgjere ein trugsel fordi kampen deira for å oppnå avfolking og herredømme over verda står i tråd med Satan.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
