Fem matvarer og «medisinar» som gjer amerikanarane dumme nok til å tru på falske nyheiter

S.D. Wells i NewsTarget skriv:

IQ står for intelligenskvotient og er eit mål på ein person sine kognitive ferdigheiter, slik som grunnleggjande resonneringsevne, logikk og problemløysing. Sjølv om IQ er noko du hovudsakleg er fødd med, kan den gå ned over tid, spesielt dersom hjernen blir hindra eller skadd av kontaminantar. Ifølgje forsking er det å ha ein IQ like over eller under ein poengsum på 100, «normalt» eller gjennomsnittleg, men ein IQ under 80 blir rekna som å liggje i grenselandet til mangelfull, og kvar ein poengsum under 70 blir kategorisert som mentalt tilbakeståande. [I Noreg er grensa for psykisk utviklingshemming ein IQ under 70; oms.komm.] Kor låg må IQ-en til nokon vere for at dei skal tru på falske nyheiter, slik som påstandar om at genetisk modifisert mat er sunn, mRNA-sprøyter kan redde ein frå covid-19, og vatn frå springen er reint nok til å drikke trygt?

Frå dårlege TV-reklamar for medisin til skrekkelege orsakingar for USA sine problem; falske nyheiter «fungerer» berre dersom du er dumma ned av giftstoff

Ironien bak falske nyheiter er at dei til og med «fungerer» på legar, advokatar, militærmedlemmer og andre godt opptrena profesjonelle, fordi dei òg er «dumma ned» av dei veldige mengdene giftstoff som ein finn i vanleg mat, medisin, vaksinar, personhygiene-produkt og reingjeringsmiddel for heimen. Kvar ein forkjempar for naturleg helse, som styrer unna GMO, vaksinar, reseptbelagte legemiddel og giftige hygieneprodukt, innser, sjølv etter berre nokre sekund, at nesten kvart einaste produkt som blir reklamert på TV er gift for hjernen og kroppen. Berre ta ein titt på biverknadene til reseptbelagte legemiddel og du finn det ut. Berre les ingredienslista på desse konsernprodukta og du finn det ut. Berre les ingredienslista på eit innleggskort til ein vaksine og du finn det ut. Det er heilt vilt kor mykje hjerneøydeleggjande kjemikaliar, syntetisk stoff, giftstoff og deira «biverknader» du vil finne.

Når du drikk fluorhaldig springvatn dagleg, i kaffien din, teen og i isbitane, driv du i praksis sjølvmedisinering med ei kjent nervegift som lågnar IQ-en din. Dette «legg til rette for» at hjernen din aksepterer fullstendig ulogiske og irrasjonelle «nyheiter» som ekte, inkludert trua på at «FDA-godkjenning» tydar at legemiddel er trygge, eller at «CDC tilrår det som trygt og effektivt» tydar at ein genmuterande mRNA-vaksine har fleire fordelar enn risikoar. Dette er korleis USA blir kjøpt og selt. Dei er dumma ned.

Når du dagleg et frukt og grønsaker som ikkje er lokalt dyrka, dyrka i drivhus eller dyrka organisk, får du mest sannsynleg i deg kjemiske plantegifter, insektmiddel og plantemiddel som forstyrrar sentralnervesystemet, forårsakar hukommelsestap, fører til kronisk hjernetåke og til og med kreft. Denne vanlege daglege rutinen hjelper den amerikanske regjeringa, Big Pharma, Big Food og Big Media med å kontrollere hovuda til amerikanarar, ved å stadig selje dei meir giftig mat og legemiddel ved å bruke hjernevaskande reklamar. Har du mjølk? Storfekjøt… Det har du til middag. Rapsolje… Det er «hjartevennleg». Har du skjønt det no?

Topp fem matvarer og «medisinar» som gjer deg dum nok og låst fast i hjernetåke til å tru at falske nyheiter er ekte

Ja, vaksinar blir sett på som «medisin» i USA. Visste du at der framleis finst kvikksølv i meir enn éin vaksine, sjølv om CDC ein gong lovde å fjerne det fullstendig? Pass opp for desse fleirdose-influensasprøytene, der produsentane listar opp kvikksølv som «thimerosal», som framleis er 50% kvikksølv (dei måtte gøyme seg bak eit nytt namn so fort massane høyrde om farane knytt til kvikksølv, sjølv i dei minste mengder).

Pass òg opp for DT, Td og stivkrampevaksinar, sidan dei mest sannsynleg inneheld kvikksølv, med mindre du ber om dei som har fått det fjerna (kalla «frie for konserveringsmiddel»). Kvikksølv, med hjelp av aluminium (som òg ofte finst i vaksinane), kryssar blod-hjernebarrieren og kan forårsake permanent hjerneskade. Dette blir massivt spelt ned av det vaksine-industrielle komplekset, sidan dei prøver å forklare bort skilnaden mellom methyl-kvikksølv og etyl-kvikksølv. Hugs at kvikksølv er ein av dei giftigaste ingrediensane på planeten Jorda, og ingen mengder er trygge til å injiserast.

So, her er dei topp fem matvarene og «medisinane» som gjer deg dum nok, og held deg fanga i di hjernetåke, slik at du trur på USA sine falske nyheiter:

  1. Rapsolje. (Studiar avslører at rapsolje lågnar IQ-en på dyr, forårsakar rask vektauke, hukommelsestap, demens og kreft.)
  2. Fluorhaldig springvatn.
  3. Piggproteinhaldige genmuteringsinjeksjonar.
  4. Plantegifthaldige GMO-mais, -soya, -kveite og sukker (Frankenfoods).
  5. So godt som alle reseptbelagte legemiddel mot depresjon eller angst. […]

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Denne teksten er meint å representere meininga til artikkelforfattaren. Vi oppfordrar lesaren til å gjere sine eigne undersøkingar og trekkje sine eigne konklusjonar.

Kommenter innlegget