Studie konkluderer at covid-sprøyter gjer folk kognitivt svekte

Sjå òg «Saksyndig tek ein titt på Facebook-gruppa ‘Ting Som Norske Antivaksere Sier’», publisert 27.februar 2024.

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice melder:

Ein ny studie har avslørt at covid-sprøyter «set tilbake» dei nevrologiske funksjonane til hjernen, noko som fører til alvorlege kognitive sjukdommar slik som demens og Alzheimer.

Ei ei bombe av ein ny video, diskuterer den leiande japanske nevrovitskapsmannen dr. Hiroto Komano ein sørkoreansk studie som konkluderande beviser at mRNA-sprøyter ikkje er bra for hjernen din.

«Med tanke på replicon- og mRNA-vaksinar, vil eg gjerne diskutere sambandet dei har med demens. Dette er noko eg sterkt ønskjer å dele,» erklærte Komano. «Førekomsten av mild kognitiv svekking har meir enn dobla seg.»

Infowars.com rapporterer: Legen diskuterte deretter studien som indikerer betydeleg auke av Alzheimers demens (AD) og mild kognitiv svekking (MCI [mild cognitive impairment]) hjå dei som vart injiserte med mRNA-genterapi-sprøytene.

«Funna vite betydeleg førekomst av MCI og AD hjå vaksinerte individ, spesielt dei som fekk mRNA-vaksinar, innan tre månader etter vaksinasjon. mRNA-vaksinegruppa framviste ein betydeleg høgare førekomst av AD […] samanlikna med den uvaksinerte gruppa. Ingen betydelege forhold vart avdekt i forhold til vaskulær demens eller Parkinsons sjukdom,» stod det å lese i studien sin «Resultat»-seksjon.

Komano tydeleggjorde at MCI eigentleg berre tydar mild demens, som er forstadiet til full demens.

«Ein mogleg grunn til denne auken av demens er at demens stadig aukar, og denne vaksinen vil få den til å auke endå meir,» sa legen.

Medan den mentale tilbakeståinga vart meir sett hjå dei eldre, gjekk Komano over til å diskutere korleis covid-vaksinane negativt påverkar barn òg.

«Og den vil påverke barn, som resulterer i minkande fødselsratar, eller den kan vere giftig for barn,» sa han.

Legen sa òg at dersom vaksinen held fram med å bli administrert, kan Japan sitt allereie eksisterande problem med eldre demente bli endå større.

«Dr. Komano har ein imponerande akademisk CV. Etter å ha blitt uteksaminert frå Fakultetet for farmasøytiske vitskapar ved Universitetet i Tokyo, jobba han som assistent på universitetet og hadde forskarstillingar ved Stanford universitet og Universitetet i Michigan sin medisinskule i USA. Han jobba òg som laboratoriedirektør ved Det nasjonale senteret for geriatri og gerontologi i april 2007. Forskinga hans fokuserer primært på det å forstå molekyla som er involvert i utløysing og hindring av Alzheimers sjukdom,» seier PharmaFiles by Aussie17 på Substack.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget